Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 24. oktober 2019

Sist oppdatert 04. februar 2020

Kategori

Rå-data

Har fjellnamnet Kabusen namn etter eit gammalt klesplagg?



I Haukedalen i Førde ligg eit 980 m høgt fjell med namnet Kabusen. Det er eit merkeleg namn mange lurer på tydinga av. Men namnet er ikkje eineståande i fylket vårt. I Balestrand finn vi Kabusa, på Veiteberg i Jølster og i Ikjefjorden i Høyanger finn vi Kabusesteinen, og Kabusenipen er namnet på ein høg hammar i Aurland. Desse er nok samanlikningsnamn – at staden ser ut som ein «kabuse». Man kva er no det? I nabofylket vårt, Møre og Romsdal, finn vi Kabysa/Kabysen på 3 stader. I Ytre Standal i Ørsta er Kabysen ein stein med ein heller under. Men dette er ord vi ikkje brukar lenger, så då må vi på leiting i ordbøker. Vi finn to alternative tydingar:

Fjellet Kabusen i Haukedalen

Fjellet Kabusen i Haukedalen

Datering: 07.07.2019

Fotograf: Randi Melvær

1.Kabuse var eit klesplagg – ei slag kyse eller køyse.

Namnet kan bety «hette, kyse» (fastsydd i ei kappe). Det var eit mellomalderplagg. På tysk heiter den «Kapuze f», i mellomalderen også «Gugel». Dei har lånt ordet frå italiensk «cappuccio». I Alf Torp: Nynorsk etymologisk ordbok finn vi ordet «karpusa» = en slags hætte (foreldet), i Sogn kalla «kabbusa». På Jæren omgjort til «karphuva». I Sverige og på Island «karpus», dansk «kabuds».

Den norske Wikipedia definerer «kabuss» slik: «en eldre betegnelse på ulike typer historiske hodeplagg i form av skulderslag, hetter og varme luer som dekker nakken og ble båret istedenfor hatt.» At ordet varierer mellom -p- og -b- er ikkje uvanleg, desse lydane er svært like, berre ustemt/stemt. I så tilfelle er dette fjellet i Haukedalen, Kabusen, samanlikna med ei «hette, kyse, huve» (sjå kartfesting nedst i artikkelen). Når omgrepet var brukt i Sogn, kan det ha vore kjent i Haukedalen og. Den kjende draktforskaren Aagot Noss skriv i boka «Jølster og den gamle klesskikken» at dette klesplagget der vart kalla «køyse», brukte mest til kvardags, men og til fest. Eit anna namn var «hette med strut» = hette med hale. Aagot Noss presenterer i denne boka ei teikning av ei slik hette, frå ein norrøn buplass på Grønland på 1300-talet. Under golvet i Uvdal stavkyrkje er det funne ei godt bevart struthette frå 1200-talet. Ei liknande mellomalderhette vart i 1936 funnen på eit myrlik i Vesterålen – hetta er over 1000 år gammal.

Kapusinerane var munkar med brune hetter

I Øystese i Hardanger ligg Kunsthuset Kabuso. Huset har eit rundt tårn på toppen. Namnet forklarar dei slik: Namnet på kunsthuset kjem frå fjellformasjonen Kabuso, som ligg under Torefjell, bak Øystese. Ei kabuse er eit eldre ord for eit hovudeplagg for kvinner, og stammer frå det latinske grunnordet «Caput» som tyder hovud eller topp. Kapusinarar var tiggarmunkar, dei var kjende for at dei gjekk omkring med hettekapper. Namnet deira tyder «munkar med hette». Dei har fått æra av å gje namn til kaffisorten cappuccino. Dette fordi fargen på kappa deira var beige, den same fargen som cappuccinoen har!

2.Kabyss var også skipskjøkken på dekk.

Namnet kan vere det same som «kabyss/kabysse», forkorta til «bysse» = skipskjøkken. Som mange andre ord knytt til skipsfart, kjem dette ordet opphavleg frå Nederland eller Neder-Tyskland. I Nynorskordboka kan vi lese at «kabyss/kabysse» = bysse f kjem frå lågtysk «kabuse» = lite, avdelt rom, skipskjøkken. Ordet finst i fleire variantar: Kabuse, Kabüse eller Kombüse. I eldre tid var det visst vanleg at det på skipsdekket vart snekra eit enkelt lagerrom for mat. Korleis dette ordet vart kjent og brukt langt inne i fjordane på Vestlandet, veit eg ikkje, men det er eit faktum at mange nedertyske ord vart spreidde gjennom Hansa-handelen. Eit døme: Fedrane på jektene i Nordfjord kjøpte «puppe» = dukke (tysk), heim til smådøtrene sine.

Kva for samanlikningar som ligg til grunn for Kabusen og Kabusesteinen kan ei ikkje vere heilt sikker på. Det er sikkert ganske gamle namn, og vi får nok ikkje spurt dei som har laga namna. Men det er likevel slik at både forma på klesplagget og det som stod på dekket på seglskutene viser til det same fenomenet. Det er noko som «stikk opp», anten det no liknar på ei hette eller eit rom/hus. Men det er rimeleg å tru at klesplagget «kabuse» var meir kjent inne i fjordane enn skipskjøkkenet «kabyse». Det er grunn til å tru at fjellet Kabusen i Haukedalen mest sannsynleg er ei samanlikning med klesplagget. Informanten vår frå Sværen i Balestrand, Målfrid Sværen, fekk fortalt i barndommen at fjellet Kabusa i Sværeskaret fekk namnet sitt fordi det likna på ei munkehette.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Webarkiv for stadnamn


Noss, Aagot (2005): Jølster og den gamle klesskikken. Oslo, Novus forlag. Utgjeve av Institutt for sammenlignende kulturforskning, Serie B (nr.120)


Melvær, Randi: Kabuse, køyse og struthette – tre gamle hovudplagg som liknar kvarandre. Artikkel i Kjelda nr.2 – 2017. Leikanger. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.


Nynorskordboka. Definisjons- og rettskrivningsordbok. Oslo 1986. Det norske Samlaget


Torp, Alf (1919): Nynorsk etymologisk ordbok. Kristiania. Aschehoug


Wikipedia: Kabuss



Informant: Målfrid Sværen, fødd 1954

PERMANENT IDENTIFIKATOR