Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 26. april 2019

Sist oppdatert 29. januar 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

Loga, Bjørnalogen og Innlogane



«Log(e)» er eit interessant ord. I norrønt språk brukte dei både «logr m» og «laug f», det første ordet i tydinga «stilleståande eller rennande vatn, innsjø, væske». «Laug» tydde «bad, vask, vaskevatn». I Innvik dannar Storeloga ei stor «skål» med skarpe kantar og is i botnen, nedst eit lite vatn. Men «Loga» - /'lO:ja/ kan og bety «lega» = liggeplass, eller eit stykke jord som er dyrka opp og lagt til garden – ei «innloge». Desse namna har altså ulikt opphav.

Storeloga over Innvik.

Storeloga over Innvik.

Datering: 2017

Fotograf: Kristian Solvang

Storeloga og Vesleloga

Storeloga og Vesleloga, /vilkjelO:ja/ ligg langt til fjells over Innvik i Nordfjord, like ved sida av kvarandre vest for Vikadalen. På Nordsida av fjorden festar dei mest augene på Storeloga, som dei oftast kallar berre Loga, uttala /'lO:ja/, (i Indre Nordfjord ein lyd mellom «ø» og «å»). Den liknar ei stor skål med skarpe kantar og evig is i botnen, nederst eit lite vatn (sjå kartfesting nedst i artikkelen). Det er nok dette vatnet som opphavleg har namnet Loga. Namnet kunne kanskje skrivast Logja.

Mange elvar heiter Lågen

Stadnamn med «log» eller «låg» finst mange stader: Loget (Selje), Loga (Naustdal), Låga (Fjaler). Skrivemåten varierer mellom /-O-/ og /-å-/, avhengig av dialekten på staden. Og går vi til Austlandet, finst det fleire elvar og vatn som heiter Lågen, Gudbrandsdalslågen, Numedalslågen, Nordmannslågen eller Laugen. I Luster var det for lang tid tilbake ein gard med namnet Laug, nemnt i Bergens Kalvskinn ca.1350. I Buskerud finst også gardsnamnet Laugen. Førsteleddet i Lagareidet, «lagar-» er genitivsforma av «log». Denne genitiven finn vi og i bynamnet Larvik i Vestfold, som opprinneleg heitte Lagarvik. Substantivet «log» fanst både som hankjønn, hokjønn og inkjekjønn.

Historia om Bjørnalogen er truleg oppdikta

Ved Hogden i Stryn finn vi Bjørnalogen, der eit fortal seier at ein bjørn velte seg nedi eit myrhol for å sløkkje varmen i pelsen. Det vert fortalt at ei budeie på støylen vart angripen av ein bjørn, men at ho greidde å berge seg ved å sette fyr på pelsen hans, slik at han stakk av. Men det same namnet, Bjørnalogen, finn vi på 7 stader i Indre Nordfjord, dessutan i Bremanger og Jølster. Om denne hendinga kanskje skjedde i Stryn, kan det ikkje vere forklaring på namnet dei fire andre stadene. Historia er vel truleg oppdikta, eit døme på folkeetymologi.

Det er lett å blande ordet «loge» = eld, saman med «ei lege» (der ein ligg), som også kan heite «ei loge/låge». I Utvik var Bjørnalogane kanskje eit bjørnehi. Loga på garden Folven i Oppstryn var eit gammalt bjørnehi.

Eineloga er ei innloge = innlegd

Ei «innlege/innlegd» heiter fleire stader i fylket Innloga eller Innlogene. Eineloga i Fjaler er namn på 2 kvier, som vart lagt inn til innmarka. Lågene i Aurland er åker- og sletteland, truleg liggeplass for dyra. Området Lambelogen i Stryn var vel også ein liggeplass.

Log kan vere lake, utkok av plantar

Ordet er framleis mykje brukt: einelog, briskelog, tjørelog, humlelog, barkelog. Brukt i tydinga «utkok av plantar». «Jarnlå» var namn på vatn med raud farge, der det var jarn i myra. Elles brukar vi ofte det beslekta ordet «lake», mest om saltlake, på nederlandsk: «laak», men og om sumpvatn og stilleståande vatn. Ordet «løk» = utviding i elv eller bekk, er ei avleiing: Grøneløkane, Løkja i Stryn. På tysk heiter det Lache.

Finst over heile det indoeuropeiske området

Desse orda er felleseuropeiske: indoeuropeisk: «laku», germansk: «lagu», latin: «lacus», italiensk: «lago» t.d. Lago Maggiore og Lago di Garda, engelsk: «lake» som i Lake Ontario, irsk/gælisk: «loch» som Loch Ness, sørslavisk: «lokva», gresk: «lakkos». Ordet «lagune» har same opphav. Det er ein grunn kystsjø som er skilt frå havet ved ei landtunge. Lagunen er nok ikkje mykje brukt i stadnamn, anna enn som namn på kjøpesenter både i Norge (Bergen) og Sverige (Strömstad), men Lagunen i Venezia står på verdsarvlista.

Laurdagen er vaskedagen

Vekedagane våre har namn etter sol, måne og nordiske gudar. Men etter ei lang veke kom dagen for å vaske seg, lauge. Det vart til laurdag = norrønt «laugardagr», eigentleg «vaskedag». Og dei som har vore på Island, har kanskje besøkt Snorrelaug, der Snorre Sturlason budde.

Kanskje kan innvikarane ein laurdag ta eit felles «islaug» i Loga?

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Webarkiv for stadnamn


Heggstad, Leiv: Gamalnorsk ordbok, Samlaget 1963


Torp, Alf: Nynorsk etymologisk ordbok, Aschehoug 1919


Rygh, Oluf: (1919) Norske Gaardsnavne, (NG) bind XII, Kristiania, W.C.Fabritius & Sønner A/S


Sandnes,Jørn og Stemshaug, Ola: Norsk stadnamnleksikon, Samlaget 1976


Caprona, Yann C. de: Norsk etymologisk ordbok, Kagge forlag 2013

PERMANENT IDENTIFIKATOR