Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 21. august 2019

Sist oppdatert 31. januar 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

Før i tida hadde alle svin på skogen



Det finst ca. 850 stadnamn med med «svin», «gris», «sugge», «purke», «gylte» «galte», «råne» og «trond» i Sogn og Fjordane. Dette viser at dette husdyret har vore svært viktig i husdyrhaldet i bygdene våre. Dei fleste av stadnamna viser nok til at grisane i tidlegare tider gjekk på beite på innmark eller i utmark – det var vanleg nesten fram til vår tid. Grisen har lang tradisjon som god mat og godt flesk.

Svin på Svingeset, Stryn kommune.

Svin på Svingeset, Stryn kommune.

Datering: 2017

Fotograf: Jørn Ola Svingeset

Dei eldste nemningane: «syr» og «sugge»

Stamfaren til den norske kongeætta heitte Sigurd Syr og budde på Ringerike. Han var stefar til Heilag-Olav og far til Harald Hardråde. Han gjekk for å vere ein heidersmann, men det er påfallande at han hadde eit lite smigrande etternamn – Syr, som tyder «sugge, sue, grisepurke». Historikaren P.A.Munch meinte at tilnamnet kom av at han var ein dugande bonde og oppteken med å grave i jorda. Ei gate i Oslo er faktisk oppkalla etter han. Ein lokal namnebror må vel vere plassemannen Sugge-Jo i Stryn, som kom frå ein bygsleplass i Utvik. Der finn vi både Suggegjølet og Suggegrova. På Helset ved Lovatnet ligg Suggesteinen. Dette ordet for «grisepurke» er nesten heilt ute av bruk i dag, men fjellfolk i Jotunheim kjenner godt til fjellet Surtningssui (2368 moh.), som mykje truleg har tydinga «den svarte purka». To andre fjell heiter Gråsui og Langsua. Ivar Aasen har notert talemåten: «Dei hava korkje Ku elder Su» = dei har ikkje dyr på garden. Danskane seier «so». I dag heiter dette husdyret anten, gris, svin, galte, råne, gylte, purke eller sugge. I svært gamle stadnamn dukkar også opp «trondr m» = galte.

Galten i Valhall

Forfattaren Snorre Sturlason skriv i kvadet Gylvaginning i Snorre-Edda, omlag år 1220, om den berømte galten i Valhall. I norrøn mytologi heitte det at dei krigarane som fall og kom til Valhall, kvar dag åt opp galten Sæhrimnir når Odin baud dei til etegilde. Neste dag var galten like heil og feit. «Flesket var godt» står det i Den yngre Edda. Jau, det var saker! Til ære for den norrøne galten har ein norsk gourmetklubb teke namnet Sæhrimnir.

- men aldri vil det vere
så mange i Valhall,
at ikkje kjøtet på galten
Sæhrimnir strekk til.
Denne galten blir kokt kvar dag,
og er likevel heil kvar kveld -

(Gylvaginning frå strofe 38)

Svinegytten, Grisegeilane og Svinebolsteinen

Det finst ca. 350 stadnamn med «gris-» i Sogn og Fjordane. Vidare 300 stadnamn med «svin», 150 namn med «purke» og 50 namn med «galte». Totalt 850 slike namn viser kor stor rolle dette husdyret spela i husdyrhaldet i bygdene våre. Dei fleste av orda viser nok til at grisane gjekk på beite på innmark eller utmark. Døme på slike namn er Svinhola, Svinøyna, Svinakleivi, Svinshidler, Svinaledet, Svinevika, Svinegytten, Svinegjølet, Grisegeilane, Grisagrø, Grisabøygen. Ofte er namnet knytta til steinar, hillarar og skorer, t.d. Svinesteinen og Svinebolsteinen, som kunne tene som naturlege «grisehus» i utmarka. Nokre namn har ei spesiell forklaring, som Svinesteinen i Lærdal, der ei purke fekk ungar, eller der svinet vart utsett for ei ulukke, i Svinaskori i Aurland datt svina på sjøen.

«Svin» i overført tyding

Påfallande ofte er «svin-» brukt i stadnamn, der det er bratt, trong, smalt og stygt å gå, slik som Svinestigen i Aurland, som har kommentaren «vanskeleg å gå, ein svineveg». Svinegytten i Askvoll er eit bratt skar, det same er Svinegjølet på Storesunde i Stryn. Det kan hende at «svin-» vart brukt i nedsetjande meining, som når vi seier «kjøkkenet såg ut som ein svinesti», «svinever» (tysk Sauwetter) eller «det var noko skikkeleg svineri». Tidlegare vart usedeleg litteratur kalla «svinsk litteratur». For ikkje å snakke om uttrykket «gammal gris» om eldre mannfolk. Dei hadde kanskje sine «svin på skogen»?

Å svine = avta, svinne inn

Men verbet «å svine» kunne også tyde «avta, svinne inn», slik vi brukar det i ordet «forsvinne», og når vi seier at det er svinn i varelageret. I dialekten i Stryn er det eit ord som er i slekt med dette, «å svæne». Det er mest brukt når ein hevelse eller svull minkar inn. Med andre ord – stadnamn med «svin-» kan bety at ein lokalitet, ein veg o.l. vart trong eller smalna inn. Namnet Svinesmottet på Reme i Innvik (namn på eit led i ei trong rås) kan ha den forklaringa. Men dette er vanskeleg å finne ut av. Det same namnet finn vi på Høgalmen i Oldedalen: Svinesmotta. I Snorres kongesoger står det at riksgrensa mellom Noreg og Sverige går langs «Svinasund». Namnet Svinesund er ikkje sikkert tolka, men føreleddet kan tyde «svin/villsvin», «svint, rask» eller «trongt».

«Purka» og «Galten» som samanlikningsnamn

Svært mange samanlikningsnamn er knytta til dette dyret: Svineryggen (Bremanger), Svinsrumpa (Sogndal), Svinetranten (Jølster). Men størst frekvens har «Purka» og «Galten». Dei finst det svært mange av langs kysten, men og inne på land. Dei ligg ofte i leia, eller ved innløpet til hamner og vikar. Dette er namn på steinar, skjer og grunner i sjøen, og fjellskoltar på land. Namna er ei åtvaring: Pass deg her - så det ikkje går gale! Det var elles gammal folketru at ein ikkje skulle nemne dyr med deira rette namn på sjøen. Det var tabu og kunne føre til ulykke. Då måtte dei ty til omskrivningar, noa-ord = godnemne, t.d. «fleskedyret». Namn som Fleskholmen og Fleskhella er truleg døme på det.

«Trondr» = galte = den som trivs og veks

Av namn som truleg er samansette med den gamle nemninga for «galte»: «trondr m», nemner eg Trondhola i Vik, Trondberget i Solund og Tronen i Høyanger. Det siste er eit skjer. Her i fylket finst det heile 40 namn med Trond-. Men dei fleste av desse er nok samansette med mannsnamnet Trond. Namnet var brukt i runeinnskrifter, og var mykje brukt på 1200-talet. I tida 1950-1980 var namnet blant dei mest populære i Norge. Det var opphavleg eit tilnamn som betydde «den som trivs». Verbet «troask» = vekse, trivast, bli større. Folkenamnet «trønder» er ei avleiing, og Jørn Sandnes skriv i Norsk Stadnamnleksikon at det kanskje tyder «dei sterke, fruktbare». Om dette medfører at dyrenamnet «galte» også tyder ein som trivs og veks, skal vere usagt. Det ver sjølvsagt bra at grisen vert tjukk og feit.

Purkegjerdet, Gylteneset og Rånkletten

Ei purke kunne og heite ei «gylte», uttala /jylte/ (avleiing av «galte). Ordet finst ofte som namn på skjer, over eller under vatn, eller ei høgde. I Hagefjorden i Solund heiter ein gard Gylten/Gylta (sjå kartfesting nedst i artikkelen). Den ligg til alt overmål like ved Purkegjerdet (beite for grisar). Eg trur gjerne garden er namna etter neset like ved, Gylteneset, som har ei spesiell avrunda form. Eit lite vatn i fjellet i Vik heiter Gyltevatnet, og i same kommunen finn vi Gyltevad. Det morosame er at den fine matfisken med namnet «berggylte», også er språkleg i slekt med namn på hogrisen. Ho er jo litt tjukk og rund! På Shetland og på Færøyane kallar dei den «gjolta»,«berggilti» eller «berggalt». I andre delar av landet finn vi namn som Gyltefjell og Gyltetind. Men nokre purke-namn har andre tydingar: I Purkehølen i Innvik kunne ein legge grisehudene i bløyt, ved Purkura i Gulen miste dei eit lass med griser, som rømde opp i ura. Tresko vart og kalla «purker», det skal vere bakgrunnen for Purkehamn i Solund, der dei ein gong fann masse tresko. I Høyanger på sørsida av fjorden ligg Purkedalen.

«Råne m» kjem av norrønt «runi m», eg har funne berre eitt stadnamn i fylket vårt med dette ordet: Rånkletten = ei kvass høgde i Solund.

Suggi, suggi, suggi!

Dei som ikkje ligg og «purkar og søv» om morgonane, kan stå opp og rope på grisane. I Sveits ropar dei «suggi, suggi, suggi!». Kva seier grisebøndene i fylket vårt, tru? «gissa, gissa»? Etter kvart er det vel mindre vanleg å ha svina i skogen. Det finst elles rikeleg av dette husdyret, ikkje berre i fylket vårt. På ein nettstad står skrive at det i heile verda finst 21 milliardar svin som husdyr.

Uttrykket «ha svin på skogen» stammar frå den tida då likningsmennene reiste rundt på gardane for å finne ut kor mykje bøndene åtte, slik at dei kunne rekne ut skatten. Nokre bønder sende då nokre av dyra sine ut i skogen, for å spare skatt. Men grannen oppdaga nok at kven som «hadde svin på skogen.»

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.Webarkiv for stadnamn


Sugge (Henta 02.04.19)


Sturlason, Snorre: Heimskringla (kongesoger), skriven kring år 1220


Sturlason, Snorre: Kvadet Gylvaginning i Den yngre Edda, skriven kring år 1220


Aasen, Ivar (1873/1977): Norsk Ordbog, Femte Udg. Kristiania, Fonna forlag

PERMANENT IDENTIFIKATOR