Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 24. april 2019

Sist oppdatert 29. januar 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

Fjellnamnet Hornelen



Det kjende fjellet i Ytre Nordfjord, Hornelen, er eit svært kjent landemerke for dei som reiser med båt langs kysten vår. Med sine 860 moh. er ho den høgaste havklippa i Europa. Fjellet blir omtala i kjelder heilt tilbake til vikingtida, og det finst mange segner og fortal knytta til fjellet. Namnet blir av dei fleste i dag uttala feil /hor'ne:len/, med trykk på 2.staving. Det rette må vere /''hOnnjelen/, denne uttalen brukar og Norsk Stadnamnleksikon.

Fjellet Hornelen

Fjellet Hornelen

Datering: 23.04.2019

Fotograf: Arne Myklebust

Eit lokalt skjellsord

Ein «hOnnjel» er godt kjent som skjellsord her på våre kantar, om vrange personar eller trassige barn; «han e en god honnjele, e han!». Men ordet vart opphavleg brukt om dyr – helst kyr eller hjort – med berre eitt horn. Øystein Frøysadal skriv at «hornel m» også vart brukt om «hornver, hjort» på Sunnmøre. Dei meinar at dette er ei avleiing på -ull eller -ill til «horn n». Ved foten av fjellet ligg garden Hunskor, namnet vart i år 1350 skrive i dativforma Honskorum. Skrivemåten i dag med Hun- er feilaktig for Hornskor/Honnskor, gno. der førsteleddet siktar til fjellet Hornelen (sjå kartfesting nedst i artikkelen), som mykje truleg har hatt namnet Hornet /'hOnnje/. Det ser jo slik ut – som ein einhyrning! Dette er elles eit vanleg namn på spisse fjelltoppar. Albert Kjær skriv i ein kommentar i Norske Gaardsnavne at gardsnamnet Hunskor i Breim opprinneleg har heitt «Hornsskor» /hOnnskO:r/, og at det truleg er fjellet Dunegga som har hatt namnet Hornet.

Hornelen i segner og fortal

I soga om Olav Tryggvason er Hornelen kalla Smalsarhorn. Og det er skrive at Olav Tryggvason skal ha klatra opp her, feste skjoldet sitt der, og bar så ned ein hirdmann som hadde gått seg fast. Det knyter seg mange segner og fortal til dette fjellet, bl.a. trudde dei at trollkjerringane møttest på toppen minst ein gong i året. I boka «Huldra, draugen og fanden sjølv», utgitt av Ove Eide og Finn Egil Eide, finst ei segn om trollkjerringa i Rugsund:

«- denne trollkjerringa var av dei som heldt lag med fanden på Hornelen. Det var nok han som tok henne til slutt. Ho skulle ro over sundet ein kveld, og då kom det opp ei stor svart hand og tok både henne og båten. Dei fann ikkje att det slag.»

Her heldt og jetten Tron Honnil til. I ei færøyisk vise fortel dei om «trøllini i Hornalondum». Eg håpar dei ikkje tergar på seg svartemaktene når dei no planlegg Via Ferrata her (2019).

Eit mykje omtala namn i litteraturen

I verket «Norrigia Illustrata» (1651) skriv J.L.Wolff:

«Sidst udi Bergenhus Stift hos den Havn Horn, staar der en meget forfærdelig høi Klippe, Horninde kaldet, som en Spitz op i Væyrit, som Ingen kand komme op paa, og det sjunis, at Skyerne bryde derpaa».

Det er Hornelen. Den folkekjære diktarpresten Claus Frimann, som var sokneprest i Davik i meir enn 40 år, fekk sitt litterære gjennombrot med diktet «Fieldet Horneelen i Norge». Den yngre broren hans, Peter Harboe Frimann, har også skrive eit Hornelen-dikt. Ikkje til forkleinelse for Frimann-brødrene, men eg finn at den folkelege diktaren frå Fjaler i Sunnfjord, Jakob Sande, har greidd å skildre dette fjellet på ein meir magisk-realistisk måte i diktet «Hornelen»: Slik lyder strofe 1 og 4:

Djevlesvart, vill som ein trollkatedral,
sundriven, morkna og grå.
Havet marmar med sukk og skval,
hyler åt Satan ein kald koral,
når nordvesten bryter på.

Her sankast frå nord og frå aust og vest,
trollpakk og seidemenn.
Her held dei sin heilage jolefest,
der Judas er klokkar og Satan prest,
med' nordljos blakrar og brenn.

Kva tyder Smalsarhorn?

Førsteleddet i Smalsarhorn er genitivform av «*smols f», som tydde «knusningsprodukt, smular». Eit nært beslekta ord er «mol f»= rullesteinur i fjøra, banke av småstein. Desse orda finn vi igjen i stadnamn som Smøla og Molvik. Øya Smøla heitte i norrøn tid Smyl, frå eit opphavleg *Smuljo. Rundt Fastsmøla ligg det spreidd hundrevis av små øyar som har gjeve grunnlag for namnet. Namneforskaren Per Hovda meinar i Maal og Minne 1945 at Smols har vore eit tidlegare namn på Bremangerlandet; «øyi som særmerkjer seg ved (er oppbygd av) smular og molar». Øystein Frøysadal meinar Smols berre har vore brukt om austdelen avgrensa av Berlepollen/Lågeidet. Det er spesielle geologiske bergarter i dette området. «Den øverste delen av den stupbratte fjellveggen er av konglomerat og sandstein,  så «smol» er vel helst ei geologisk nemning på dei svære urene og forvitra steinmassane som dekkjer store strok heilt til topps».

 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Webarkiv for stadnamn


Sandnes, Jørn og Stemshaug, Ola: (1976). Norsk Stadnamnleksikon. Oslo, Det norske Samlaget


Sande, Jakob: (1929). Svarte næter (diktsamling). Oslo, Gyldendal


Frøysadal, Øystein: Fjellnamn i Hordaland og Sogn og Fjordane (artikkel i Sandnes, Jørn og Tylden, Per: (1968) Namn i fjellet, s.70. Oslo, Det norske Samlaget


Hovda, Per: Artikkel i Maal og Minne 1945 s.67-68


Frimann,Claus: (1776). Fieldet Horneelen i Norge (dikt), København


Wolff, Jens Lauridsen: (1651). Norrigia Illustrata. København


Eide, Ove og Eide, Finn Egil: (2011). Huldra, draugen og fanden sjølv, Førde, Selja forlag


Rygh, Oluf: (1919) Norske Gaardsnavne, (NG) bind XII, Kristiania, W.C.Fabritius & Sønner A/S

PERMANENT IDENTIFIKATOR