Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 19. mai 2019

Sist oppdatert 30. januar 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

Alden, Olden og Oldeide



På kysten i Askvoll i Sunnfjord ligg eit kjent landemerke, Alden. Namnet vert brukt både om garden, øya og fjellet (481 moh.), men fjellnamnet kom først. Fiskarane har og kalla fjellet Blåmann, Norskehesten eller Den Norske Hest. Fjellet var og er eit markant seglingsmerke for dei som kjem over havet vestfrå. Alden skal vere synleg meir enn 100 km til havs. Bygdenamnet Olden innerst i Nordfjord er språkleg i nær slekt med Alden.

Fjellet og øya Alden

Fjellet og øya Alden

Datering: 24.07.2010

Fotograf: Steinar Bauge

Namnet er språkleg i slekt med latin «altus» = høg. Alden tyder då «den høge og ruvande» (sjå kartfesting nedst i artikkelen). Same språkrot finn vi i tysk «alt», eng. «old» og latin «adultus», som alle eigentleg betyr «vaksen stor». Substantivet «alder m» og «alde f» = bølgje («tungalda = den høie og langsomme Bølgegang i Havsøen» (Aasen). I Lurøy i Nordland finst ei øy med nesten same namnet, Aldra. Denne øya har og høge fjell – opp mot 1000 m.

Batalden, Aralden og Varalden langs kysten

Øynamnet Batalden i Flora er og opphavleg eit fjellnamn (gno: Bataldr). Ei mindre øy, Likkje Batalden, ligg like ved. Førsteleddet er substantivet «bate» = bate, gagn, og siktar til at det høge fjellet var til gagn som framifrå seglingsmerke i leia. I Askvoll ligg øya Aralden (føreleddet ari m = ørn), ho har ei namnesøster litt lenger nord - ein liten holme i Flora. Lengst ute på Stadtlandet ligg Varalden. Det siste namnet inneheld føreleddet «varr» adj. = var, vis, kunnig, og namnet kan tyde «åtvararen». Også dette fjellet vart brukt som seglingsmerke. Det har i alle tider vore mykje å passe seg for når ein skulle rundt Kjerringa i hardt ver.

Batnalden, Digralden, Toralden og Roalden i Sogn

I Sogn finn vi færre namn med «alden», men på Kyrkjebø i Høyanger har dei Digralden, eit framstikkande fjellparti i ca. 500 m høgde. I Lærdal er Toralden oppgitt å vere ein stor fjellrygg ut i sjøen. Han er overflødd ved flo sjø og farleg for båtane. Der finn vi og namnet Batnalden. Det er oppgitt å vere namn på ei vatningsveit, men namnet må vel helst vere overført frå ein annan lokalitet. Til «bate» (sjå ovanfor) svarar verbet «batna» = bli betre. Øystein Frøysadal skriv at Roalden i Aurland er eit fjell som merkjer seg ut, og meinar at namnet tyder «Frægingen». Gno. «hrodr m» = speidar, som er vide kjend, gjæv – altså eit positivt namn.

Bygdenamna Olden og Oldeie

Både bygdenamna Olden og Oldeide på Bremangerlandet kan innehalde same ordet. «Old-» er truleg det same som adj. «ald-» = høg. Ved Oldeide ligg «kontrastnamnet» Lågeide i nærleiken. Namnet vart i 1603 skrive «Oldeidt». Neset ut mot havet på Bremangerlandet har namnet Olderveggen. Der ruvar fjellet Veten opp, heile 527 m høg. Per Hovda meinar at førsteleddet «Old-» kjem av eit gammalt usamansett namn på ytre delen av Bremangerlandet.

Oldefjorden

Fjorden inn til bygda Olden, innerst i Nordfjord, heiter i dag Oldefjorden, men vart ca.1200-1300 skrive «i Aldafirdi» og «Aldi/Alda». Olden Ungdomslag brukte denne namneforma då dei bygde ungdomshuset Aldaheim (1916/1924). Eit tidlegare energiselskap heitte Aldakraft. I Olden finn vi og Alda Camping. Granskarar trur at namnet anten kan tyde «fjorden med bølgjer» eller «innsøkk, trau» (gno: ald-). Namnet er så gått over på bygda. Dalen oppover Olden er temmeleg bein med høge fjell. Kanskje kjem namnet av dei høge fjella her, fleire over 1700-1800 m, som lagar ein trong dal med brear på begge sider? Særleg Sesiliekruna (tidlegare namn Lidanibba) og Gjerdeaksla reiser seg bratt opp frå dalen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Webarkiv for stadnamn


Hovda, Per (1970): Naturnamn i Nordfjord. Jul i Nordfjord s. 25-30.


Sandnes, Jørn og Stemshaug, Ola: (1976). Norsk stadnamnleksikon, Oslo, Det norske Samlaget.


Rygh, Oluf. (1919): Norske Gaardnavne, bind XII. Kristiania, W.C.Fabritius & Sønner A/S


Torp, Alf (1919): Nynorsk etymologisk ordbok. Kristiania, Aschehoug


Aasen, Ivar (1873-1977): Norsk Ordbog, Femte Udgave. Oslo, Fonna forlag


Frøysadal, Øystein: Fjellnamn i Hordaland og Sogn og Fjordane (artikkel i Sandnes, Jørn og Tylden, Per: (1968) Namn i fjellet, s.70. Oslo, Det norske Samlaget

PERMANENT IDENTIFIKATOR