Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 25. april 2019

Sist oppdatert 29. januar 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

Finden og Finnafjorden



Om lag midt inne i den lange Sognefjorden går det ein fjordarm mot sør med namnet Finnafjorden. Der ligg dei veglause gardane Finden og Finnabotnen. I år 2002 var Finden med i tv-programmet «Der som ingen skulle tru at nokon kunne bu». Garden Finden fekk i 2006 Bygdeutviklingsprisen. Her bur det i 2018 berre 4 menneske. Dei driv med gardsturisme og geitehald. Opphavet til namnet har vore omstridt. Det vert uttala «'fid'n», og skrivemåten har variert mellom Fynne, Finde(n), Finnen og Fidnen.

Fidnen sett frå fjellet ved Vatnavotni.

Fidnen sett frå fjellet ved Vatnavotni.

Datering: 26.06.2004

Fotograf: Torstein Hønsi

Ulike skrivemåtar

Den fyrste skriftfestinga av gardsnamnet (ca.1520) er «Fynne», seinare «Finde», «Finnden» og «Finden». Men det er rimeleg å tru at garden og namnet kan vere langt eldre. Det er denne siste forma som i dag vert mest nytta i skrift. Det er også brukt som slektsnamn. Når du i butikken kan kjøpe ost under namnet Synnøve, kjem det av at produktet er oppkalla etter Synnøve Finden. Ho vart fødd på garden Finden i 1882, og starta meieri i Kristiania i 1928. I matrikkelen er namnet skrive «Finnen». Men namnet vert i Sogn uttala «'fid*n». På heimesida vikjavev.no skriv dei «Fidnen» og «Fidnabotnen».

Kva tyder namnet?

Oluf Rygh skriv i «Norske Gaardsnavne, bind XII» «Disse Navne lede til at antage Fjordens oprindelige Navn at være Finni», altså at det opphavlege fjordnamnet må ha vore «*Firni». I norrønt tydde «firn n» = finne, villmark. Ordet er av same rot som gno. adverb «ferri/fjarri» = fjern, langt borte. Fjorden ligg mellom høge fjellsider, og ligg avsides. Det bur lite folk i området, så dette kan høve med tilhøva på staden. Anders Kjær kommenterer Rygh si tolking: «- der findes adskillige Exempler paa, at et Gaardnavn synes opr. at have været et ældre, usammensat Navn paa en Fjord, ved hvilken Gaarden ligger, mens Fjorden selv har faaet et af Gaardens Navn sammensat med -fjord». Andre døme frå fylket vårt er Gloppi > Gloppen > Gloppefjorden, Svedri > Sværen > Sværefjorden, Hyi > Hyen > Hyefjorden. Det ser ut til å vere almenn semje om at fjordnamnet er det opphavlege, og at dette er overført til gardsnamnet. Ola Stemshaug støttar og denne tolkinga i Norsk Stadnamnleksikon, men har som nemnt nedanfor, kome fram til ei anna mogleg tyding 20 år seinare.

 

Det karakteristiske ved Finnafjorden

Ser vi på kartet og topografien, ser vi tydeleg at Finnafjorden på midten nesten er delt i to – der garden Finden ligg (sjå kartfesting nedst i artikkelen). Eit nes stikk fram i fjorden, og den ytste delen av neset ber namnet Holmen, som stikk litt opp med ei høgde på 6-7 m midt på. Den smale passasjen mellom neset og landet i aust heiter Straumen (straum ved flo og fjøre), som Hoprekstad kalla «ein grunn straum». Dei reknar med at både neset og holmen er del av ei endemorene, sidan der ikkje er fjell, berre store steinar. Holmen har nok vore skilt frå land tidlegare, og det låge eidet over til Holmen vert kalla Vetlestraumen. Ola Stemshaug refererer til at heimelskvinna hans «fortel da og at først i dette hundreåret kunne ein ro gjennom han på høg flo» (= tidleg på 1900-talet). Vetlestraumen er no fylt opp med stein.

Holmen var kanskje ein «finne» = kant, spiss, topp

Det karakteristiske ved ein lokalitet er ofte grunnlaget for namngjeving. Stemshaug skriv: «Denne vesle, rundvorne holmen midt i fjorden må ha vore særs karakteristisk, heilt utan parallellar i dei andre tverrfjordane til Sognefjorden». Han viser til ordet «finne» = kant, spiss, topp, - som vi og kjenner i tydinga «filipens» (i ansiktet) og «uggar på fisk». Finnafjorden skal då tyde «fjorden med ein spiss, topp». I gardsnamna Finnanger i Trøndelag og Mosafinn på Voss er dette ordet brukt.

Men uttalen /'fid'n/ skapar problem

Og uttalen treng ei forklaring. Korleis kan «finn» bli til «fidn» - slik dei skriv Fidnen og Fidnabotnen? Det er slett ikkje vanleg at -nn- vert omlaga til -dn- i Sogn. Dette heiter differensiasjon = gjere ulik. Det er derimot heilt vanleg med lydovergangen -rn- > -dn i sognadialekten i dag: korn > kådn, kvern > kvædn, og i bunden form fleirtal av hankjønns- og hokjønnsord: hestane (eldre form «hestarne») > hestadn, visene (eldre form «visorna») > visedn/visedna. Fenomenet heiter segmentering. Dette faktum kan støtte påstanden at det gamle fjordnamnet har vore *Firn, og ikkje *Finn(e).

Språkleg påverknad frå vossemål

Ola Stemshaug meinar at overgangen -nn- > -dn- truleg var vanleg i Sogn før. Han siterer bl.a. Gustav Indrebø (1937 s. 422 ff), som gjev døme på dette: «dette er atterstødor av ein yvergang som hev nått vidare fyrr.». Den finst bl.a. i Øvre Hallingdal, og Voss har hatt fenomenet fram til på midten av 1900-talet.  Stemshaug meinar at bygdene i Vik kan ha fått språkleg påverknad gjennom direkte kontakt med område med vossemål. «Finnabotnen vart såleis kjøpt av bønder frå Eksingedalen på slutten av 1800-talet (Hoprekstad 1957 s.290), og frå då av vart det tala vossemål der.». Det skal ha vore mykje kontakt mellom setrane i Modalen og Eksingedalen og setrane til bøndene i Finnafjorden. I Modalen var overgangen -nn- > -dn- etter kort vokal vanleg.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Webarkiv for stadnamn


Hoprekstad, Olav (1951): Bygdabok for Vik i Sogn 1. Bergen


Hoprekstad, Olav (1956): Bygdabok for Vik i Sogn 2. Bergen


Indrebø, Gustav (1937): Sognamålet. Norske Bygder 4. s. 115-30. Bergen


Rygh, Oluf (1919): Norske Gaardsnavne, bind XII. Kristiania, Fabritius & Sønner A/S


Sandnes, Jørn og Stemshaug, Ola (1976): Norsk Stadnamnleksikon. Oslo, Det norske Samlaget


Stemshaug, Ola (1997): Finnen og Finnafjorden i Sogn. Artikkel i Pridlao nr. 2, s.10-13


Torp, Alf (1919): Nynorsk etymologisk ordbok. Kristiania, Aschehoug


vikjavev.no (Lesedato 05.04.2019)


Aasen, Ivar (1873/1977): Norsk Ordbog, Femte Udg. Oslo, Fonna forlag


Ølmheim, Per Arvid (1983): «sa sogningen til fjordingen». Sogn Mållag, Firda Mållag

PERMANENT IDENTIFIKATOR