Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 19. september 2019

Sist oppdatert 31. januar 2020

Kategori

Rå-data

Delt i to – Kvitla, Kvilkja og Kvinna



Ordet «tvi-» frå norrønt «tvi-» eller «tve-» er ei bøyningsform for tallet «to». Det tyder todelt eller dobbel. På tysk «zwei» (ofte uttalt «zwo», i engelsk finn vi det i «twilight» = demring. På litauisk heiter ein sykkel «dviratis» (= tohjuling). På vårt språk finst mange ord med tvi/tve: tvilling, tvikroket, tvetydig, eit tveegga sverd, tvekjønna, tvisynast, tvekamp og tvilyd (=diftong). I fleire svært gamle stadnamn har ordet blitt til «kvinn-» eller «tyss-/tuss-».

Kvilkjane på Leitet, Nordsida i Stryn.

Kvilkjane på Leitet, Nordsida i Stryn.

Datering: 2019

Fotograf: Kristian Solvang

Kvisla, Kvitla eller Kvilkja – problem med skrivemåten

Forma «tvi-» og «kvi» har frå gammalt same rot, og har i stadnamn ofte same tyding. Eit namn som finst overalt i Stryn, er Kvilkja og Kvilkjane. Skrivemåten er problematisk, namnet kan likså godt skrivast Kvitla eller Kvisla. Grunnen er at det i uttalen finst ein lyd som vi ikkje har bokstav for. I moderne fonemskrift vert lyden skriven /H/ eller med ein omvendt /y/: /'kviHa/. Det er ein ustemt, palatal lyd. Stemte palataliserte lydar har vi rikeleg av i dialekten vår, vi uttalar «ville (dyr)» som «villje dyr» og «å banne» som «å bannje». Sløyfar du «stemma i halsen» når du du seier «villje», får du «viHe» - prøv sjølv! Dei fleste av stadnamninformantane i Stryn brukte denne lyden då dei las inn namna på band, men somme sa /'kviLKa/'kvilkja/. Yngre folk brukar mest den siste. Denne lyden blir også brukt i Trøndelag og lenger sør («du ska itj vårrå så tatlat/taHat» = puslete).

Det er ord med -tl- eller -sl- som får denne uttalen. Dette gjeld og skrivemåten av stadnamn med «vesle» eller «lisje», som vi helst bør skrive Vilkje-(Vilkjebønen). Same problemet har vi ved «hassel/hatl», der vi kan skrive Halkjeskorane. Men gardsnamn vert skrive med -tl-, slik som Hatleim i Stryn (uttale /hal'kjai:me/haH'ai:me) eller Hatlem i Hyllestad (uttala /halkjem/haHem). Lenger sør i fylket vårt seier dei Kvisla eller Kvitla, i indre Sogn finn vi Kvitli på 20 stader. Ordet «kvist» er eit beslekta ord med fleire tydingar: 1) sidegrein eller 2) utbygg på taket: «oppå kvisten».

Kvilkja og Kvilkjane – område mellom to elvegreiner

Kvilkja (i Stryn på gardane Berge, Sollid, Nybø, Rand, Dokset, Steinsåker, Tisthamar, Meland og Flo) er som oftast namn på eit område mellom to elvegreiner. Det kan også vere namn på ein banke eller holme som vert danna av ei sidegrein. Nokre stader er det namn på ei elv. Men det er oftast eit teigenamn. Er det fleire elvegreiner, heiter det Kvilkjane. Samansette namn er: Stampekvilkja (Loen), Trulskvilkja (Loen), Kolstodkvilkja (Flo), Fjøskvilkjane (Nesdal) og Antunskvilkja (Ulvedal). Namnet Kvilkjehesa på Heggdal i Innvik er sagt å ha ei anna forklaring: Dei hengde kvitlar (ullteppe) over hesa for at dei skulle tørke. («kvitel/kvetel» < av gno. hvitill, «kvitlar» blir i vår dialekt uttala /kvilkja» i fleirtal). Men i «kvitel» er det adjektivet «kvit» som er brukt. Dei mange teigenamna med «kvie, kve, kvee», som kjem frå norrønt «kvi f», har og ei heilt anna tyding: inngjerding for husdyr. Det er avleia av norrønt «kvik(v)endi n» som tyder «levande skapning».

Elvenamnet Tvinna

Elvenamnet Tvinna (uttala /tviNNja/) i Randabygda kan ha same tyding. På 1300-talet må elva ha heitt Tvinnandi. I Bjørgynjar Kalfskinn frå 1350-talet vert garden Tvinnereim skriven «Tuinnanda hæimi» =Tvinnandaheimr, seinare Thuinderim (1608) og Tvinderim (1723). Det norrøne verbet «tvinna» = tvinne, gjere dobbel. Dette namnet kan ha sin bakgrunn av at elva lengst oppe har mange små «kjeldeelvar». Jacob Aaland forklarar namnet annleis – at elva fossar og kvervlar rundt, som når ein tvinnar garn. Tydinga er ikkje sikker. Det er uklårt korleis det nye elvenamnet Tvinna har utvikla seg frå det gamle, men føreleddet i gardsnamnet Tvinderim (1723) kan lett bli til Tvinda eller Tvinna. Dei reknar med at gardsnamnet Tvinde på Voss tyder det same. I denne elva finn vi Tvinnefossen, som er blitt eit kjent turistmål (sjå kartfesting nedst i artikkelen). Her kan du sjå fossen frå innsida, ved å gå nokolunde tørrskodd mellom den høge hammaren og fossefallet.

Namn med Kvinn- har same rot som Tvinn-

Det finst sikkert mange kvinnfolk i Kvinnherad, kommune i Hordaland. Men namnet kjem av at hovedbygda ligg mellom to elvar, som renn saman like før utløpet av fjorden. Liksom «tvinn-» kan «kvinn-» tyde «noko todelt eller dobbelt». Det har samanheng med gno. «tvennr» og «tvinnr» = to-delt. Det same avviket kv-/tv- finst t.d. og i norsk «kvist» og «kvisl», mot engelsk «twist» og angelsaksisk «twisla». Ein gard i Masfjorden heiter Kvingo, som dei meinar har same tyding. Der finn vi og fjellet Kvinnhovden som er to-delt, kløyvd i to toppar. Ordet «kvinne» kjem elles frå norrønt «kvinna» eller «kvenna», som er avleia av «kona». Den germansk forma var «kweni», som har gitt det engelske ordet «queen» (=dronning).

Bland ikkje kvinnfolk inn i dette!

På denne måten kan namn lett bli mistydde, at dei har noko med kvinnfolk å gjere. Namna er oftast knytt til elvar, slik som elvenamna Kvinna i Leikanger og Vetlekvinna/-o/ i Sogndal. Elva Kvinna ved Eitorn/Eithun i Leikanger er eit godt døme, ho vert laga av to like store elvar som renn saman eit stykke oppe i fjellet. Lenger nede ligg Kvinnefossen. To fossar på Folven i Oppstryn heiter Klovkvinnfossane. I skiløypa på Langeland ved Førde ligg det ein litt bratt og vrien bakke der mange «trynar». Den heiter Kvinnefallet. Namnet er helst diskriminerande, for til namnet knyter det seg historier om damer som måtte over ende i denne bakken. Eit forfina namn på same staden er Damefallet. Det kan hende forklaringa er ei anna: Nettopp her ligg det ei lita myr det vatnet renn (fell) til begge sider, eit vasskilje. Utan å vere sikker, trur eg namnet skulle vore Tvinnefallet, iallfall noko delt.

Namnet Damefall har dei og i skiløypa Kjeringi Open - «Vaorens vidlaste eventyr» - i Leikanger i Sogn. (I dei siste åra har dei sanneleg også fått ein plass dei kallar Mannefall!)

Elvane Tyssa, Tysso og Tussa

Namnegranskaren Per Hovda skriv at fleire elvenamn Tyssa/Tysso eller Tussa truleg har fått namnet fordi elva er delt. *Tyssa eller *Tvissa er laga til gotisk twis- = tvidelt. Nokre stader knyter bygdefolket det til forteljingar om tussar og troll, slik som ved garden Tysse i Ryfylke (gno. turs, tuss), men både der og ved gardane Tysland og Tysseland renn der elvar som greinar seg. Gardsnamnet Tysse i Sunnfjord var opphavleg namn på elva.

Ein ordleik med lyden /H/ for nordfjordingar

Du kjenner kanskje den lokale regla i Nordfjord: «Kan'kje du Magli ta deg ei tulkje opp i Kvilkja og rake nokre kvilkja me halkjelauv te pondebrolkje onde vilkjesnalkjen?» «tulkje» = ei lita stund; «kvilkja» = fleirtal også kvitlar, ullteppe; «pondebrolkje» = underbreidsle, strø under dyra; «vilkjesnalkjen» = vetlegrisen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Webarkiv for stadnamn


Caprona, Yann de (2013): Norsk etymologisk ordbok. Oslo. Kagge forlag


Torp, Alf (1919): Nynorsk etymologisk ordbok. Oslo. Aschehoug forlag


Hovda, Per (1966): Norske elvenamn. Oslo. Universitetsforlaget


Rygh, Oluf (1919): Norske Gaardnavne, bind XII. Kristiania. Fabritiua & Sønner A/S


Sandnes, Jørn og Stemshaug, Ola (1976): Norsk Stadnamnleksikon. Oslo. Det norske Samlaget


Veka, Olav (2016): Norsk etternamnleksikon. Oslo. Det norske Samlaget


Kjeringi Open 2019: Løypa (lesedato 18.09.2019)

PERMANENT IDENTIFIKATOR