Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 03. april 2019

Sist oppdatert 29. januar 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

«Smør-» i stadnamn



Smør er primært noko konkret – og til alle tider har det vore verdifull mat. I middelalderen var smør betalingsmiddel, oftast vart skyld og skattar betalte i smør (målt i laupar). Men i stadnamn blir ordet gjerne brukt i overført tyding - for å seie noko positivt og rosande om staden.

Smørhamn

Smørhamn

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 1922

Fotograf: Kristine Vadøy


Smør- er førsteledd i mange stadnamn, både i naturnamn og kulturnamn. I heile fylket finst 60-70 namn. Det er namn som Smørsteinen, Smørdalen, Smørkråna, Smørgytten, Smørekrena, Smørbekken, Smørslættene, Smørstabben, Smørvi og Smørklunken.

Direkte eller overført og rosande tyding

Smør er mat - og verdifull mat. I nokre få stadnamn er ordet brukt i direkte tyding. Tydinga av Smørhuset i Innvik er enkel nok, her laga dei smør fram til 1930. Det same gjeld Smørstøa i Flora, ein stad der dei bar opp varer frå båt. Ei morosam forklaring har Smørvegen i Balestrand: «snarveg gjennom skogen for at ingen skulle sjå kor mykje smør husmannen hadde». Men når to stader i Fjaler med godt beite heiter Smørbotnen, og når Smørkoven i Stryn har same merknad, er stadene namna i overført tyding. Namn på Smør- har ofte eit rosande innhald, skriv Kolbjørn Aune i Norsk Stadnamnleksikon «ofte med tydinga godt beite, dvs. stad som gir mykje smør». Albert Joleik kalla slike namn «skrytenamn».

Godnemne på farlege stader

Per Hovda skriv: «Namn på Smør- knytt til sjøen kan ofte vere såkalla «godnemne» på farlege stader for ferdsla. Kanskje tyder Smørhamn i Bremanger «god hamn, gode landingstilhøve»? Frå gammalt av var Smørhamn ei viktig og spesielt god hamn like ved hovedskipsleia Frøysjøen, og var nok godt kjend (sjå kartfesting nedst i artikkelen). Hamna har to utløp, og det var ein stor fordel for seglbåtar. Der var det handelsstad, med gjestgiveri, skysstasjon og andre privilegiar. Både kong Kristian V (1685)og Fredrik IV (1704) frå Danmark skal ha overnatta der på veg til Trondheim. Ein tvilar på at «smør» kan ha noko med handelen der å gjere, sjølv om Smørhamn var tingstad i eldre tider. Når gardane i dette området betalte skylda si, var det med fisk, ikkje smør. Namnet finn vi første gong nemnt i 1664.

Lars Ekre meinar at fjellnamnet Smørstabben (jfr. Smørstabbtindane) – fjell i Lom «er rimeleg eit gammalt, blidgjerande godnemne like attmed farlege fjellovergangar» Jfr. uttrykket «smørblid». Men namnet kan gjerne vere eit samanlikingsnamn = ein stabbe med smør.

Smørkråna (sjå foto), ei svært trong vik i det bratte Bergsetberget på Nordsida i Stryn, er litt djupare enn lengda av ein færing. Her kan ein gli inn og finne ly for veret, som kan stå hardt på langs fjellet. Her kunne og dragast inn ein liten tømmerflåte. I Askvoll fins eit liknande namn Smørgytten.

God beitemark og godt drikkevatn

Ser vi på merknadene til teigenamn på Smør-, er påfallande mange «god beitemark», «god slåttemark», «frodig stad», «grønkast fort om våren», «når kyrne åt blomstrane her, vart smøret ekstra gult» eller «godt fjellbeite.» Namn: Smørskora (Askvoll), Smørauget (liten teig i Bremanger), Smørslættene (Stryn), Smørekrena (Lærdal), Smørhaugane (Fjaler), Smørhola (mange!), Smørklunken (Fjaler). Bekkar og oppkomer med ekstra godt drikkevatn heiter: Smørbekken (Årdal)(Aurland), Smørkjelda (Vik, Leikanger, Sogndal).

Fleire «Smørdalar» er støylar

Smørdalen er namn på eit lite dalføre og ei støylsgrend på Blakset i Stryn. Det vert sagt at namnet har samanheng med den tida då gardane på Muri i Olden leigde hamne i Klebergsdalen. Dei betalte med smør, som dei hengde att i Smørdalen. Det kan vere ei rimeleg forklaring, men i så fall er namnet ganske nytt. Kva heitte i så fall dalen og støylen før «Muri-tida»? Både i Hennebygda i Eid, i kommunane Årdal og Bremanger finn vi same namnet Smørdalen, i Vik er det også støyl med namnet Smørdal. Det er nok ei sannsynleg tolking at namnet kjem av «god beitemark».

Ein heimestøl i Vik heiter Smørklepp. Lengst inne i Glomsdalen i Oppstryn, ein trong dal med bratte dalsider, ligg der ei vid slette ved elva Glomsdøla. Den heiter Smørslættene, og ein stein som ligg der, heiter Smørsteinen. Det er nok eit rosande namn, det var kanskje både god beitemark og slåttemark. Det same gjeld kanskje den nedlagde støylen Smørvi i Luster, som ligg ved Smørvivatnet. Det er nok eit gammalt namn, kanskje ei samansetting med -vin.

Samanlikningsnamn

I Randabygda i Stryn finn vi Smørauget, som er ein liten slåtteteig. Dei fortel at den dagen dei slo Smørauget skulle dei ha smør på grauten. Tom Schmidt skriv:

«Vi kan tenkja oss at Smørauget var den siste teigen dei slo på innmarka (den låg øvst oppe på Hansbønen), slik at det skulle feirast med slåttegraut, og så fekk teigen eit namn som skulle minne husbondsfolket om dette. Like rimeleg er det likevel at det er skapen på den vesle, runde hola som har gjeve Smørauget namn, og så gav namnet støyten til ein hyggeleg skikk».

På garden Berstad i Eid finn vi Smøraugehola, den er oppgitt å vere ei steinrøys.

Fleire namn er sikkert samanlikningsnamn: Smørasken (Høyanger) er ein stein, Smørauget (Fauske) ein kvit stein midt i ein bratt bakke, Smørkollen (Fjaler) ein stein (= smørdall), Smørøskjehola (Sogndal) ei hole. Smørstrumpen i Indre Åsane i Eid er eit jamføringsnamn, steinen ser ut som ein «smørstrump». Dette var eit smalt trekjerald med lokk, også kalla smørdall, smørbutt eller smørholk. Det har same opphav som klesplagget «strømpe» (tysk «Strumpf»). Ordet er nok gått ut av bruk i dag.

Heidensk kult?

Kolbjørn Aune skriv i Norsk Stadnamnleksikon at somme granskarar har meint at Smør- som førsteledd i namn på åsar, berg og kollar kan ha samanheng med religiøse seremoniar frå heidensk tid. Helleristningar frå bronsealderen tyder på at det var skikk å ofre litt smør til sola når ho viste seg første dag utpå vinteren. Det var eit offer og ei takk til solguden.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Webarkiv for stadnamn


Svihus, Årstein (2006): Bremanger bygdebok. Band II. Utg. Bremanger kommune


Schmidt, Tom (1976): Teigenamn frå Randabygda. Utrykt hovedfagsoppgåve, UiO 


Ekre, Lars (1968): Nokre namn i og kring Jotunheimen. Artikkel i Sandnes, Jørn og Tylden,   Per (1968): Namn i fjellet. Oslo. Det norske Samlaget


Sandnes, Jørn og Stemshaug, Ola (1976): Norsk Stadnamnleksikon, Oslo. Det norske Samlaget

PERMANENT IDENTIFIKATOR