Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 18. september 2019

Sist oppdatert 31. januar 2020

Kategori

Rå-data

Geitskoreina, Turtneskora og Kvanndalen – namn frå plantar



Mange ville plantar, som framleis er vanlege i landskapet vårt, vart tidlegare rekna som verdifulle nytteplantar. Dei vart difor sanka inn og brukte som ferskfor til dyra eller til naturmedisin til både folk og fe. Staden der dei vaks, fekk namn etter planten, så dei visste kvar dei skulle leite. Knapt nokon samlar desse plantane no, men stadnamna lever framleis. Dette fortel oss mykje om kultur og daglegliv i eldre tider, for vi veit at desse plantane har vore nytta i tusenvis av år.

Geitrams eller geitsko ved Sølvbergstøylen.

Geitrams eller geitsko ved Sølvbergstøylen.

Datering: 2003

Fotograf: Arne Myklebust

Geitskoreina og Geisken - planten geitrams

Plantenamnet kan vere vrient å identifisere, uttalen kan ha endra seg. På garden Øyestad i Stryn har ein innmarksteig namnet Geisken /'jaiskjen/. I Selje vert teigen Geitsko uttala /'jesko/. Dette var det tidlegare namnet på geitrams (Chamerion angustifolium). Like ved Nordsida kyrkje ligg Geiskoreina /jaisko-/ og i Utvik Geiskobakken. Namnet burde vel skrivast Geitskog- eller Geitskor-. Planten finst i store mengder i vegskråningar og på hogstflater og fargar landskapet raudlilla i blomstringstida. Planten kan bli 1-2 m høg, men er av og til kvit. Kjært barn har mange namn; den blir og kalla geitaragg, mjølkegras, brureblomst eller sautortne. Namnet skal visst ikkje ha noko med geiter å gjere, dei et helst ikkje denne planten. I Sverige kallar dei den bl.a. rallarros.

For- og medisinplante

Geitsko vart brukt som for til dyr; grisar, geiter og kyr. Folk brukte den som medisinplante, den var mageregulerande (mot diare), dessutan var den betennelses-hemmande. Rotstokken og margen vart brukt som mat, også blomstrane, dei blanda det i mjølet. Heilt nye stengelskot kan etast rå eller kokast som asparges-erstatning.. Den inneheld vitamin A og C. I Russland vart den brukt til te, Ivan-tsjaj, som verka roande. Vi veit at Gulag-fangane fekk denne teen, som ein gong var Russlands mest populære alkoholfrie drikk. I desse dagar legg vi merke til dei kvite duskane på frøa, kalla kapok, brukt til stoppmateriale i puter. I kalde område, som i Sibir, vart dette brukt som isolasjon i skoa.

Geitaulbakken og Joleskredene – planten sløke

Planten «geitaul» er ikkje den same planten, men den som vi kallar geitjol eller berre jol. I floraen kallar dei den sløke (Angelika sylvestris). I Hornindal finn vi Joleskredene, og på garden Blakset i Stryn teigen Geitalbakken. Geitaulbakken ligg i Sogndal. Det var den runde, hule stengelen av denne planten vi smågutane skar oss pusterør av (ammunisjon var rognebær) eller vasspistol. Namnet sløke kjem av «sluk» = hul, men den vart og kalla jol, geitjol, stut eller skogstut. Den er ein kraftig skjermplante som liknar på kvann, veks på fuktig mark i låglandet. Som medisinplante vart den nytta som nerveroande middel og mot nervøs mage.

Turtagrø, Trøftegrø og Tortneliane – planten turt

Planten truft har fleire ulike namn. I floraen blir den kalla turt (Cicerbita alpina), men lokalt er nemningane tryft, trøft, tortne, turtne, bjørnatruft, bjørnemette og kyrkjesølv brukt. På svensk heiter den torta eller elgkål, på samisk gompagras. Plantenamnet finst i om lag 100 stadnamn i fylket vårt. Turtagrø finst både i Vik og i Luster. I Luster er det namn på ein støyl og eit hotell (sjå kartfesting nedst i artikkelen). Namna fortel oss at planten ofte veks i «grøder», i tette bestandar, i skoglier på fuktig og god jord. Turt er ein høg plante med blåfiolette blomster. I Sogn finn vi namn som Turtnebakken, Turtnagjelet, Turtene, Turtnefjellet og Turtnelii. I Indre Nordfjord: Truftebakken,Trøftegrø, Trøfteholene og Trøfteskora. Namn frå Sunnfjord er bl.a. Tortneliane, Tortnebotnen, Tortneskredråka og Tortneknausane.

Sunnmørs-karar togg turt for å halde seg vakne under preika

Namnet bjørnatruft og bjørnemette viser til at bjørnen svært gjerne åt denne planten etter at han hadde kome ut av hiet om våren. Truft vart sanka som ferskfor til dyra, mest til grisane, og kunne erstatte planten kvann. Den vart også brukt som tobakkserstatning. Presten og botanikaren Hans Strøm skreiv i 1762 at på Sunnmøre «bruges Turt af nogle Bønder at tygge paa Tobak, meest for at fordrive søvn medens de er i Kirken». Den vart lite brukt som medisinplante, men vart brukt som grønsak i salat, suppe og stuing. Stenglane minner om stilkselleri, og barn kalla turt «vill rabarbra». Samane kokte grauten «gompa» av gompagras (= turt) og reinsdyrmjølk.

Opphavet til det merkelege namnet «kyrkjesølv» er følgjande: blomsten til turt opnar seg kl. 07.00 og let seg att allereie kl. 12.00. Dette passa tidlegare med tida for gudsteneste, derav namnet. Botanikaren Carl von Linne tok planten turt med i soluret sitt.

Kvannebakknova og Kvanngrøskaret – planten kvann

Gjennom lange tider har kvann (Angelica archangelica) vore den gjævaste for- og medisinplanten. Det gjeld nok her i fylket og, for det finst meir enn 300 stadnamn med «kvann». Dette viser kor viktig planten var, og kvar kvannen vaks. I Norge veks det to underarter, fjellkvann og strandkvann. Fjellkvann var den viktigaste. Den vart og kalla kvannjol eller berre jol. Det er ei fleirårig urt med tjukk jordstengel. Blomstrane er store, kuleforma skjermar med sterk lukt. Kvann veks ofte i grøder, i tette bestandar – kvanngrøder – på fuktig og god jord.

Planten veks for det meste i Nord-Europa, og den har i stor grad vore brukt av samar, inuittar, islendingar og folk i Sibir. Samisk namn er «boska» eller «fadnu». Det norrøne namnet var «hvonn f». i fleirtal «hvannir». I Norge var det lenge vanleg med kvannehagar på gardane, norrønt «hvanngardr». Jfr. Gardsnamnet Kvangar(d)snes i Volda. På Island var planten verna med lov før 1000-tallet. Både blomster, stengel og rot vart brukt mot ei heil rekkje sjukdommar. I tida med dei store pestsjukdommane i melomalderen var kvann det store pestmiddelet. Ei råd som var brukt for å unngå å bli smitta, var å gå rundt med ei kvannrot i munnen.

Stadnamn med «Kvann-» finst i alle moglege samansetningar: 13 dalar heiter Kvanndalen, 20 stader har namnet Kvann(e)grø eller Kvann(e)gro. Det finst rikeleg av Kvanneskreda og Kvanneskjeret (dei siste ute ved kysten). Elvar heiter Kvannegrova eller Kvannåna. Ein flat teig i Aurland har fått namnet Kvannsitjande, og dei som går over Jostedalsbreen frå Befringsdalen i Jølster, går like forbi Kvannebakknova (1520 moh). På Nordsida i Stryn ligg Kvangrøskaret og Kvangrøskarsegga. Går ein nordover gjennom skaret, kjem ein til Kvanngrøda. I Stryn har dei og Kvannegjølet og Kvannhammaren.

På 1500-tallet fann ein munk på å blande kvann i ein likørdrikk. Det viktigaste smaksstoffet i dei franske likørane Benidiktiner og Chartreuse er kvann. Det er det også i den norske St.Hallvard-likøren.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Webarkiv for stadnamn


Aasen, Ivar (1873/1977): Norsk Ordbog, femte Udg. Oslo. Fonna forlag


Heggstad, Leiv (1963): Gamalnorsk ordbok. Oslo. Det norske Samlaget


Sandnes, Jørn og Stemshaug, Ola (1976): Norsk stadnamnleksikon. Oslo. Det norske Samlaget


Rygh, Oluf (1919): Norske Gaardnavne, bind XII. Kristiania. Fabritius & Sønner A/S


Urtekildens planteleksikon : kvann (lesedato 01.09.2019)


Turt, Lactuca alpina - Blomster - NatureGate (lesedato 01.09.2019)


Urnatur : Turt (Cicerbita alpina) (lesedato 01.09.2019)

PERMANENT IDENTIFIKATOR