Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 27. januar 2020

Sist oppdatert 31. januar 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

«Det er min Sjæl en frydfuld Trang at gjæste Norges Dale»



Dalar finst det overalt, det er ein av dei mest typiske naturformasjonane i det norske landskapet. «No ser eg atter slike fjell og dalar», song Aasmund O.Vinje då han kom til Rondane. Der det er fjell, er det og dalar. Dalar er store og langstrakte søkk i terrenget. Derfor skreiv vel Kristofer Janson: «Kom opp, kom opp frå den tronge dal» i visa «Hu hei, kor er det vel friskt og lett oppå fjellet». I norrønt mål heitte det «dalr», frå germansk «dala-». Vi finn difor nemninga i fleire europeiske språk: Tal (tysk), dol (russisk), «dol» (walisisk). Verbet «å dale» = gå sakte ned, minke, kjem av same rot. Det gamle norske myntnamnet «daler» hadde namn etter sølvmynten Joachimsthaler, laga i 1518 i ein liten by i ein dal i Bøhmen. Namnet «dollar», brukt i 40 land, er den engelske eller amerikanske versjonen.

Kjenndalsbreen i Lodalen

Kjenndalsbreen i Lodalen

Datering: 2006

Fotograf: Arne Myklebust

I webarkivet for stadnamn i Sogn og Fjordane er det registrert om lag 3800 namn med «-dalen» (per august 2019). Det ville nok bli fleire om alle fjellnamna hadde kome med. 350 stader heiter berre Dalen, Langedalen finst på 125 stader, ca. 50 dalar heiter Bjørn(a)dalen. Eg presenterer og kommenterer her eit utval på 8 dalar i Stryn kommune, dalar med eit namn som ikkje er beintfram å forstå.

Kjenndalen = Tjenndalen/Tjerndalen

Det store turistmålet i Indre Nordfjord før Lodalsulukkene i 1905 og 1936, der til saman 136 menneske mista livet, var Kjenndalen (sjå kartfesting nedst i artikkelen). Det var nok først og fremst Kjenndalsbreen innerst i dalen turistane ville oppleve, men også dei stupbratte dalsidene, der breelvane kastar seg utfor frå 1700 m høgde. Etter den andre store ulukka i 1936, vart det slutt på turistferdsla. Briksdalsbreen i Oldedalen tok over turistane. Men no, i 2019, er Kjenndalen på nytt blitt eit mykje omtykt reisemål. Namnet er lett å tyde. Namnet på dalen er i eit gammalt diplom (brev) frå 1469 skrive «Tiennedal», med merknaden «Haglende til Nesdalen». Førsteleddet er «Tjern-», uttala /tjenn/ eller /kjenn/. I dag seier vi /kjønn/ eller /kjOnn/. Norrønt «tjorn f». I norsk skil vi ikkje lenger mellom -tj- og -kj- i uttalen, uttalen -tj- har falle saman med -kj-, jamnfør uttalen av fuglenamnet «tjeld» = /kjEld/ og tallordet «tjue» = /kju:e/. Liknande namn, som vert skrivne Kjennhogane, har «tjern-» som førsteledd. På garden Bergset på Nordsida i Stryn ligg Kjennhogen og Kjennhogmyra. Namna burde vore skrivne «Tjenn-/Tjern-».

Dette turistmålet, Kjenndalen, burde nok skrivast Tjenndalen eller Tjerndalen. På Bryggja i Ytre Nordfjord finn vi Tjerndalen på 2 stader. Uttalen er /kjenn-/. Oppe i ein av dalane ligg Kjennmyra. I Hjelmelandsdalen i Eid renn Kjenndalselva ned frå Tjønndalsvatnet. Som vi ser, varierer skrivemåten av slike namn mellom «kjenn-», «tjenn», «tjern-» og «tjørn». Tjørndalen finn vi på 11 stader i fylket vårt.

Saurdalen

finn vi på 2 stader i Stryn. Det er namnet på ein trong elvedal i Markane opp mot Holesetra. På Visnes er det namn på eit lite og vått område like ved støylsvegen til Årheimssetra. «Saur m» = 1) søyle, skitt, møk eller 2) ugras i kornet. «Å saure» = å skitne til. Saurdalen i Markane går oppover frå eit stort myrområde, som den sikkert har namnet frå. På Sande i Loen ligg utslåtten Saurane høgt oppi lia, og garden Saure finn vi i Ørsta.

Daurdalen

ligg til fjells på Hopland, mellom Ålandsstøylen og Innitunsstøylen. Førsteleddet «daur» tyder utan tvil «dagverd» = «Davre, Formiddags-Maaltid mest alminnelig ved kl.10 i Bergens Stift». Slik forklarte Ivar Aasen ordet. Vi finn ordet i mange fjellnamn, som Dauremål og Dormålsfjellet, og viser til kvar sola stod om morgonen. Omkring kl.10 står sola i aust, så Daurdalen på Hopland må ha fått namnet frå Innitunsstøylen.

Guddal

Gardsnamnet er i dag skrive i ubunden form, men den bundne forma Guddalen vert også brukt. Kartverket bruker namneforma Gutdal, og Oluf Rygh føreslo i 1919 å skrive Gutdalen. Eldre uttale er /gu'talinnj/ med trykk på 2.staving. Kring 1350 er namnet skrive «Gautdal(i)». Ordet «gaut» kjem av verbet «gjota» = renne, strøyme; som vi finn i mange elvenamn. O. Rygh meinar at namnet kjem av at Hjelledøla her ofte fløymer over. Sideelvane kjem frå Jostedalsbreen, og kan på sommartid føre til flaum. Han trur og at heile dette området ein gong heitte Gautdalen, ikkje berre denne garden. Namnet Guddalen er og brukt i Fjærlandsfjorden i Balestrand. Det er ein liten dalbotn med gammal slåttemark. Same namnet er og brukt på nokre små dalar i Fjaler.

Briksdalen

Øverst i denne dalen ligg det populære turistmålet Briksdalsbreen. Vi er altså i Oldedalen. Namnet har vore skrive både Brigsdall, Brixdahl og Byrisdall. Den eldste forma frå 1340 er Birgisdalr. Det er to alternative tydingar av føreleddet: 1) Mannsnamnet Birgir (Byrgir), 2) «byrgi» = inngjerding, trong stad (som i «herbyrgi» = herberge). Den siste tydinga kan vel stemme med naturtilhøva. Det er mindre kjent at også garden Rindal (Rindane) i Eid på 1600-talet var kalla Brixdall.

Samfardalen

er namnet på eit lite dalføre på Melein i Olden, det går oppover frå Solheimsvika. Namnet er vel relativt greitt, førsteleddet er «samferd» = fare i same følgje. Her samla bøndene buskapen og tok han inn til setra i fellesskap. Eit godt namn!

Røyrdalen

finn vi i Stryn kommune både på Storesunde, Nedre Flo og på Fure i Veslebygda. I Stryn blir «røyr» uttala /reir/, så her seier dei helst Reirdalen. Det er eit mykje brukt namn i fylket: Røyrdalen finst på 14 stader, Rørdalen på 6 stader.

Det er ikkje heilt enkelt å vite kva førsteleddet tyder. Det kan kanskje vere fisken røyr, slik som i Røyrvatnet. «Røyrr» kan også bety «steinrøys». Det mest sannsynlege er at det er «røyrgras», også kalla «takrør». Røyrgraset veks over heile verda, i Noreg i mesteparten av landet. Det er ein låglandsplante, og er den største arten vi har av grasfamilien – planten kan bli 1-5 m høg. Den gror tett på fuktig mark, i sumpar og myr, også på grunt vatn. Namnet har den fått fordi rotstokken er hul, derfor har også planten «kvannjol» fått dette namnet. Røyrgraset vart brukt til mat, medisin og taktekking – derfor fekk det og namnet «takrør». Det svartfiolette akset vart brukt til plantefarging.

Både på Fure og på Flo er Røyrdalen eit ganske lite område nede i bygda eller ned mot vatnet. På Storesunde ligg «dalen» 300 m oppi fjellsida. Kanskje veks det kvannjol der – fjellkvann? At vi finn Røyrdalen nær husa på Fure, kan tyde på at dei i tidlegare tider dyrka kvann i ein kvannhage. Kvann var den vanlegaste medisinplanten i eldre tid.

Smørdalen

er namn på eit lite dalføre og ei støylsgrend på Blakset. Det vert sagt at namnet kjem av at då gardane på Muri i Olden leigde hamne i fjellet her, betalte dei med smør, som dei hengde att på torvhaldekrokane på sela i Smørdalen. I så fall er namnet ganske nytt. Men kva heitte då dalen før «Muri-tida»? Denne tolkinga synest usikker, sidan Smørdalen finst som namn fleire stader i fylket, i Hennebygda, i Hjelmelandsdalen, i Bremanger og i Årdal. I Vik i Sogn ligg to støylar: Smørdal og Smørklepp. Fleire stader er forklaringa «god beitemark», «frodig stad», «beite som gjev mykje smør». Ola Stemshaug skriv at «Smør-» som førsteledd i gards- og naturnamn gjerne har eit rosande innhald. Eg trur dette er ei betre forklaring på namnet Smørdalen på Blakset. (Sjå eigen artikkel «Smør i stadnamn».)

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Webarkiv for stadnamn


Aasen, Ivar (1873/1977): Norsk Ordbog, femte Udg. Oslo. Fonna forlag


Rygh, Oluf (1919): Norske Gaardnavne, bind XII. Kristiania. Fabritius & Sønner A/S


Torp, Alf (1919): Nynorsk etymologisk ordbok. Kristiania. Aschehoug


Sandnes, Jørn og Stemshaug, Ola (1976): Norsk stadnamnleksikon. Oslo. Det norske Samlaget


Wergeland, Henrik (1841): Dalvise


Wikipedia: Takrøyr (lesedato: 09.08.2019)


Takrør - Nyttevekster (lesedato: 09.08.2019)


TAKRØR - Phragmites australis (lesedato: 09.08.2019)

PERMANENT IDENTIFIKATOR