Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 01. desember 2019

Sist oppdatert 04. februar 2020

Kategori

Rå-data

Ullsheim, Ullaland og Ullevål



Då det flotte fylkesanlegget for skiskyting og langrenn stod ferdig i Markane i Stryn i 1990-åra, fekk det namnet Ullsheim. Dette var resultatet av ein namnekonkurranse som eigaren, Markane Idrettslag, lyste ut. Namneforslaget som sigra, kom frå av ein av medlemmene, Oddvar Sætren. Det er altså han som har æra for dette namnet. Etter mi meining er dette eit genialt namn på eit idrettsanlegg for langrenn og skiskyting, eit namn som vitnar om kjennskap til norrøn mytologi. Namnet er ei oppkalling etter den norrøne guden Ullr, som var både skigud, jaktgud og skjoldgud. Ullr heitte også Ullin, namnet betyr «glans, herlegdom».

Ullsheim i påskesol.

Ullsheim i påskesol.

Datering: 2013

Fotograf: Inge Fænn

Guden Ull var lenge like viktig som Odin

At gudenamnet ofte vart brukt i stadnamn, tyder på at han i tidlegare tider var ein svært sentral og viktig gud, nærmast ein leiar for heile gudeflokken, heilt til Odin etter kvart overtok hans posisjon. I bronsealderen var han den viktigaste solguden.

Guden for jakt og skiidrett

Gamle teikningar framstiller ofte Ull som jaktgud. Han skaut med boge, eit mykje eldre våpen enn skiskyttarane brukar. Bogen var laga av barlind. Ingen slo han på ski eller i holmgang. Men han budde ikkje på Ullsheim, han budde i Ydalar – Barlinddalen – det var vel der han fann material til bogane. Men han kunne og funne det i Barlindbotn, ein arm av Eikefjorden, der det veks mykje av dette treslaget. Veden er spesiell, brun inni og bøyeleg, men planten er giftig. Is-mannen Ötzi, som i 1991 vart funnen i 3000 m høgde i isen i Ötztal-Alpane i Tirol, på grensa mellom Østerrike og Italia, godt bevart etter 5300 år, hadde ein slik boge av barlind. Det hadde han og Ull til felles!

Mange gardar var kultstader for Ull

Det fanst mange kultstader for Ull i tida før vikingtida. Namnet hans er knytt til gamle stadnamn, fleire av dei er kjende gardsnamn. Vi finn garden Ulleland/Ullaland i Naustdal i Sunnfjord, skrive Ullinslande i år 1360. Eldre uttale er /ulljaland/. Det same namnet skal visst også ha funnest i Volda. I Aurland ligg det ein interessant stein, Ullasteinen, /udlastain/. Steinen er stor og blir sagt å ha vore ein offerstein, den må då ha vore kultstad for Ull. I Hardanger kjenner vi namnet Ullensvang, og går vi til Austlandet, er Ullern (Ullr + vin), Ullensaker og Ullershov kjende namn. Det er nesten ein parallell til Ullsheim at også sportsarenaen Ullevål i Oslo har namn etter Ull. Det var opphavleg ein storgard, norrønt «Ullar + vål/hvåll». Stadnamn med Ull og Ullin finst også i Sverige.

I namn kan «Ull-» lett forvekslast med «Ulv-»

Det er bl.a. tilfelle med gardsnamnet Ullebø ved Vadheim, som opphavleg har vore *Ulfabør, og gardsnamnet Ulltang (uttalt /ulltång//ulltångjen/), opphavleg *Ulfatangi i Førde. Bygda Ulsteinsvik har namnet sitt frå garden Ulstein på Sunnmøre. Det siste namnet var opphavleg fjellnamn – Ulfsteinn. Namnet Ullhammaren på Steinsåker i Stryn kan kanskje bety Ulvhammaren. Mange «små» stadnamn ute i skog og fjell, som Ullamyra og Ullafjellet har nok fått namnet sitt frå myrull.
Fjellet Ulriken i Bergen har derimot ei anna tyding, det kjem av namnet Alrekr, mannsnamn som tyder «den høgvørde, som bestemmer over alvane»».

Bomull?

Då eg i 1996 informerte tysk-elevane mine på Hafstad vidaregåande skule om dette namnet – vi skulle nemleg ta busstur til Ullsheim (sjå kartfesting nedst i artikkelen) for å sjå på den norske langrennseliten – spurde ein av elevane om eg visste kva guden for skiskyting heitte. «Du har kanskje eit godt forslag?», spurde eg. «Ja, han heiter Bomull!»

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Webarkiv for stadnamn


Rygh, Oluf (1919): Norske Gaardnavne, bind XII. Christiania. Fabritius & Sønner A/S.


Sandnes, Jørn og Stemshaug, Ola (1976): Norsk stadnamnleksikon. Oslo. Det norske Samlaget


Veka, Olav (2016): Norsk etternamnleksikon 2.utg. Oslo. Det norske Samlaget


Norrøn mytologi - Ull / Uller [Lesedato: 01.01.2019]


Wikipedia : Ötzi


Wikipedia : Barlind

PERMANENT IDENTIFIKATOR