Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 18. november 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Drikkestein i Dalsdalen



Dalsdalen går nordover frå Dale i Luster. I eldre tider var dalen spisskammeret til gardane nede ved sjøen. Her var gode slåttemarker og beite, og rikesleg med lauv og ris. Dei frakta foret heim med hest og slede. På Tadlagjerdet var det stoppestad for hestane. Det stod ein drikkestein der og eit skilt med påminning om la hestane få kvila. No er drikkesteinen borte, men skiltet står att.

Anders Kvam, Tomas Nygård og Johan Solheim attmed drikkesteinstaden i Dalsdalen, ved Røssemyrhaugen, også kalla Målarhaugen.

Anders Kvam, Tomas Nygård og Johan Solheim attmed drikkesteinstaden i Dalsdalen, ved Røssemyrhaugen, også kalla Målarhaugen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2008

Fotograf: Hermund Kleppa

Staden 

Skiltet står ved det som tidlegare var ein husmannsplass lenge kalla Røssmyrhaugen. Kring … busette Ole Helgesen Gåsterud og kona … seg på plassen. Han var frå Hol og dreiv med rosemåling. Plassen vart etter kvart også kalla Målarhaugen.

Drikkesteinen 

Drikkesteinen stod tett i vegen. Det var ein naturleg forma stein der det var uthogge ei grop. Vatnet kom i ei renne frå ei oppkome like ovanfor. - Det stod alltid vatn i steinen, fortalde Trygve Skjolden i 2008. Han kjenner ikkje til når steinen vart sett opp, og er heller ikkje heilt sikker på når steinen kom bort. Trygve Skjolden kom til garden Flikke nede i bygda i 1952. Han køyrde med hest til og frå Dalsdalen i mange år, og stogga ved drikkesteinen. Trygve kjøpte seg traktor i 1957, og etter kvart vart hestetransporten frå Dalsdalen erstatta av motorkøyrety.

Skiltet 

Skiltet stod attmed steinen. Det står øvst på ei meterhøg jarnstang som er festa i ein stein. Med store bokstavar står skrive:

GLEM IKKE
AT HESTEN
TRÆNGER
HVILE.

Ein annan drikkestein 

I Luster har dei ein drikkestein til. Han står på staden Havella tett attmed riksvegen mellom Dale og Skjolden. Ingen kjenner til at det stått eit liknande skilt som i Dalsdalen der. Steinen er tilhoggen og er prismeforma på skap. Det er sprengt ut ei rektangelforma grop 10-15 cm inn frå sidene. Vatnet vart her leia ut i drikkegropa frå liten bekk.

Kven sette opp drikkesteinane? 

Drikkesteinar for hestane var vanleg langs køyrevegane frå slutten av 1800-talet og utover på 1900-talet. Men kven var det som sytte for at dei blei oppsette? Me har ikkje funne oppmoding eller påbod i det offentlege regelverket for vegane våre. Trygve Skjolden og Tomas Nygård i Luster meiner å ha høyrt at det var Dyrebeskyttelsen som tok opp drikkesteinar som ei av arbeidsoppgåvene sine. Det kan då tenkjast at foreininga gjekk ut med informasjon og oppmoding til lokalforeiningar og ivrige einskildmedlemmer utover i landet om å setja opp drikkesteinar langs mykje trafikerte landevegar, og at drikkesteinar i større eller mindre grad etter kvart vart noko som høyrde med på nye og utbetra vegar.

Dyrebeskyttelsen gjorde det i Tønsberg 

Søk etter drikkesteinar og Dyrebeskyttelsen på Internett har ikkje gitt noko eintydig svar. Men ein indikasjon på at Trygve Skjolden og Tomas Nygård er inne på det rette svaret, dukka opp på foreininga Dyrebeskyttelsen Tønsberg-Horten si heimeside. Foreininga sette opp ei "Hestetroe" i Tønsberg i 1927. Det var ein drikkestein for hestar som kom inn til byen i transport frå omlandet.

Ta kontakt om drikkesteinar 

Me er interesserte i opplysningar om drikkesteinar i fylket, - om steinar som finst, om stader der det har stått drikkesteinar, og framfor alt opplysningar som kan gje svar på kven som sette dei opp.

kjelder:

Ese, Kristin: På god veg. Veghistorie i Sogn og Fjordane. Selja forlag, 2007
Munnlege opplysningar frå: Trygve Skjolden og Tomas Nygård, Luster

PERMANENT IDENTIFIKATOR