Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 27. november 2019

Sist oppdatert 04. februar 2020

Kategori

Rå-data

Grot, Grøt, Gryte og Gråt



Dei fleste av oss kjenner vel uttrykket «å gryte i hop», som tyder noko slikt som «å kaste i hop i ein fart». Dette tydde nok frå starten av å kaste saman stein, som kjem frå «grot» eller «grøt», det som på norrønt heitte «grjot» = stein. Kokekaret vårt «gryte» har same opphav. «Grjot» stammar frå germansk *greutan (v) som tyder «å knuse i små delar». I tillegg har både grut, grus og graut (maten!) sitt opphav her.

Fjellet Gryta over Stryn sentrum.

Fjellet Gryta over Stryn sentrum.

Datering: 2015

Fotograf: Kristian Solvang

Gryt-namn

Dei første namna vi kjem på, er Grotli og fjellet Gryta over Stryn sentrum (sjå kartfesting nedst i artikkelen). Det første namnet tyder som kjent «steinli», men fjellnamnet er meir usikkert. Kanskje kjem det av at det rasar ned stein her, (det gjer det jo frå mange fjell!), eller at det har vore uttak av stein. At fjellet er av stein, seier seg vel sjølv. Elles er stadnamn med «gryte» ofte jamføringsnamn: Jettegryta, Trollgryta. Grunnen til at vi kallar kokekaret vårt for gryte, er at dei første grytene var laga av stein, t.d. av den mjuke klebersteinen. Gryteberget i Vik i Sogn er eit slikt klebersteinsberg, i Balestrand finn vi Grytneset, men Grytingen på Drageset i Innvik er i dag slåttemark, kanskje tidlegare åker. Truleg har det her vore steinete jord. Grytingen finn vi og i Indre Sogn, namn på både eit fjell og ein åker. Garden Grytten i Vevring i Sunnfjord, tidlegare skrive Gryten/Grydhen, er samansett av «grjot» og «vin» (= udyrka eng). Det same gjeld gardsnamnet Gryten i Gulen, i Bergens Kalvskinn ca.1350 skrive Grytini. På Sunnmøre ligg garden Grytebust, på Hardangervidda fjellet Grytehorgi.

Føreleddet i nokre av desse gardsnamna kan vere elvenamnet Gryta eller Grøta, som finst mange stader i landet vårt. Dette elvenamnet oppstod truleg fordi det var mykje stein i lendet, eller at elva renn i mange holer og søkk. I Skjåk og Lom finn vi 3 elvar som har den alderdommelege forma Grjotåa.

Grot-namn over heile fylket

Over heile fylket vårt finn vi stadnamn på «Grot-», «Grøt-», «Gryt-» eller «Gråt-». Grotmulen ligg i Askvoll, Grotvin i Bremanger, Grothaug i Aurland og Vik, Grotstein i Aurland. Både i Hornindal og på Eid finn vi gardsnamnet Grothaugen. Slik står det skrive på kartet, men det kunne gjerne ha vore skrive Grøthogen, etter uttalen /grø:t’hO:jen/. Andre gardsnamn er Grytøyra i Fjaler og Grøte i Lærdal. Gråtarura finst i Høyanger (sjå nedanfor).

Stader der dei tok ut kleberstein

På Nordsida i Stryn finn vi Grøtet og Klebersgrøta. På den siste staden var det nok kleberstein dei tok ut. Aasen skriv at den og vart kalla «grytestein». Heile dalen fekk namnet sitt etter dette – Klebersdalen. Som mange kjenner til, går det ei åre av ein slag klebersteinsaktig bergart frå Robjørgane heilt ut i Hennebygda. Folk i bygda henta ofte stein herfrå til omnane. Eldfast skifer vart i Sunnhordland kalla Grostein, og omnane Grotomn. Bergarten har ein grågrøn farge, men når den ligg opp i dagen her og der, får han ofte ein raudleg farge. Då kalla dei den gjerne Raudgrøt. I 550 m høgde mellom Hopland og Hennebygda finn vi dette namnet, og ovafor Randastøylen ligg Raudgrøtbakkane. I Hornindal har dei Raudgrøtshammaren, og på nordsida av Hornindalsvatnet Raudgrøtegga. Støylen Raudfjell på Nordsida har mange slike grågrøne og raude bergryggar, og heile dalføret heiter Steindalen – og elva Steindøla. Det er mykje som tyder på at gardsnamnet Robjørgane (bjørg = berg) i Stryn, også skrive Rødberg, har fått namnet av dette (norrønt: rjodr = raud), sjølv om O.Rygh har ei anna usikker forklaring i Norske Gaardnavne Bind XII (at namnet kanskje kan tyde «Rugbjergene», av kornslaget rug.)

Grøt-namn

Slår vi opp i Stadnamnbasen i Fylkesarkivet, finn vi ei rekkje slike «Grøt-»namn. Spesielt peikar Selje kommune seg ut, der det finst heil 41 namn med «Grøtet», med samansettingar som Grøtgjølet, Grøthaugane, Grøtaksla. Vi finn også mange i Bremanger og Indre Sogn. Eit artig namn i Sogndal er Hundagrøt, forklart som «ei ruskemark», «hund» i stadnamn blir ofte brukt nedsetjande. I same kommunen ligg garden Grøt, som truleg har tydinga «steinete strand». Ein stein ved ein seterveg i Erdalen i Stryn har dei kalla Grytepål. Namnet skal kome av at det er ein høg, tynn stein som står på kant som ein påle, altså ein «steinpåle».

Gråt-namn i Sogn

Det er registrert ca. 40 stadnamn som inneheld leddet «gråt» i Sogn og Fjordane. Det er påfallande at alle desse namna finst i Sogn, mest i Indre og Midtre. Dette har med språk og dialekt å gjere. Den norrøne vokalen «o med kvist» vert ofte uttala som /å/ i Sogn: Ospi /'åspi/, Novi /'nå:vi/, Morki /'mårki/, Svor /'svå:r/. I Årdal og Lærdal blir /å/-lyden også brukt for /ø/ i mange ord: /mjå:l/ = mjøl, /bjådla/ = bjølle, /små:r/ = smør og /kjå:t/ = kjøt. Gråtaåkeren (Luster), Gråtaslætti (Årdal), Gråtaruri (Sogndal), Gråtasteinen (Lærdal), Gråtaren (7 stadar i Aurland), Gråten (Balestrand), Prokkegråten (Høyanger), Dygråten (Solund).

Steinete slåtteteigar

Nesten alle er namn på slåtteteigar, og mange har merknadene «steinete, vanskeleg å slå», «dårleg slåttemark» eller «stuttorvslått». Desse namna har såleis neppe noko med verbet «å gråte» å gjere. Når det gamle ordet for stein ikkje lenger blir forstått av folk, tek fantasien og folkeetymologien over. Folk vil gjerne ha ei forklaring på alle namn. Om slåtteteigen Gråtaruri i Sogndal heiter der var så mykje stein at ei jente som slo der, begynte å gråte. Men Gråtaruri tyder kort og godt «steinuri». Kommentarar til andre gråt-namn: «det var til å gråte over», «rennande vatn som tårer» og «huldrene gret så fælt her».

I Høyanger finn vi eit språkleg interessant namn: Prokkegråten – med merknaden: «Utslått som ein slo med stuttorv og dott, som er ill å slå». Verbet «prokke» finn vi hos Aasen i tydinga «pille, kradse, kroppe». «Å kroppe» er eit velkjent ord også i vår dagar, mange veit så inderleg vel kva det var å kroppe med stuttorv mellom steinane. Ei slik ulendt slåttemark kalla dei i Breim for «ei kroppekrå» = «dei for berre og kroppa med ljåna».

Og det er språkleg litt moro at når vi brukar ordet «grautgryte», brukar vi same grunnordet dobbelt opp. Det norrøne ordet «grautr m» stammar frå germ. «grauta», som eigentleg tyder «noko grovmalt, knust». Ifølgje fagfolk har graut vore ein svært vanleg matrett for indoeuropearane i fleire tusen år. Men kven var det som sa: Drep meg, men ikkje med graut!

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Webarkiv for stadnamn


Sandnes, Jørn og Stemshaug, Ola (1976): Norsk stadnamnleksikon. Oslo. Det norske Samlaget


Aasen, Ivar (1873/1977): Norsk Ordbog, Femte Udgave. Oslo. Fonna forlag


Rygh, Oluf (1919): Norske Gaardnavne, bind XII. Kristiania, Fabritius & Sønner A/S


Gamle ord og uttrykk frå Breim, 2.utg. (1998). Breim/Førde. Utgjeven av namnenemnd


Veka, Olav (2016): Norsk etternamnleksikon (2.utg.). Oslo. Det norske Samlaget


Ølmheim, Per Arvid (1983): «Sa sogningen til fjordingen». Utg: Sogn Mållag, Firda Mållag


PERMANENT IDENTIFIKATOR