Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 17. januar 2018

Sist oppdatert 26. februar 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

Kor gamle er gardsnamna våre? Ein kort studie kring gardsnamna i Stryn kommune



Professor Jørn Sandnes skriv: «Kor gammal den norske garden er, kan vi ikkje seie visst. Gardane har vakse fram smått om senn til det vi kan kalle den historiske garden. Vi brukar nemninga «gard» frå den tida da folk budde heile eller iallfall stordelen av året på ein stad og dreiv gardsdrift, dvs. dyrka jorda og heldt krøtter. Gardsskipnaden går minst eit par tusen år tilbake i tida. Klimaforverringa mot slutten av bronsealderen tvinga folk til å slå seg ned på gardar, byggje hus og vinterfore krøtter»

Fjellvang frå 1921.

Fjellvang frå 1921.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2016

Fotograf: Kristian Solvang

Altså – gardane våre er mellom 100 og 2000 år gamle, og gardsnamna det same. Dei eldste gardane vart til fleire hundre år før vikingtida, difor inneheld mange av gardsnamna så gamle ord at dei ikkje er forståelege, som gardane på Jæren: Horr, Tjøtta, Sola, Tasta.

Det er vanleg å dele gardsnamna inn i namneklassar, dei som er laga med grunnord eller sisteledd som går att i svært mange namn. Desse grunnorda var produktive til ulike tider, og vi kan difor datere namneklassane relativt i høve til kvarandre. Det vil seie at  namnet på garden kan gje oss ein omtrentleg informasjon om alder. Men heilt sikre kan vi sjeldan vere, til det finst det altfor få skriftlege kjelder frå eldre tid. Bruken av grunnord varierte og på ulike kantar av landet.

Usamansette namn, gardsnamn på -vin, -land, -stad og -set

Den eldste klassen er dei på «-vin» og «-heim». Desse namna høyrer stort sett heime i tida før vikingtida, dei fleste går altså tilbake til tida 0-500 år e.Kr. I Norge er det om lag 1000 vin-namn, og like mange heim-namn. «Vin» tyder «naturleg eng», og var nok først namn på grasmarker og beitemarker. I Stryn finn vi vin-namna: Muri, Gytri, Lauki, Hilde, Skåden, Langvin, Folven, Stauri, Dispen, Nesje, Tenden, Gjørven, Tjugen, kanskje også Raudi og Sæten. Vi ser ikkje utan vidare at dette er vin-namn, fordi dette namneleddet er blitt omlaga både i uttale og skrift gjennom eit par årtusen. Dei fleste vin-gardane ligg på den beste jorda, midt i bygda, og har nok vore hovedgardar. 4 av vin-gardane i Stryn kommune har hatt kyrkjer frå middelalderen, og 3 har vore prestegardar. Det er eit sikkert teikn på at vin-gardane har vore blant dei aller eldste.

Muri

Minst like gamle er gardar som har usamansette natur- og kulturnamn som Bø og Vik. Namnet fortel oss korleis lendet er der garden ligg. Desse gardane ligg og sentralt til i bygda på same måte som vin-gardane. Namneforma har halde seg uforandra heilt fram til vår tid, men som nemnt ovanfor er enkelte så gamle at orda ikkje lenger er forståelege. I vår kommune har vi namn vi skjønar: Berg, Gjuv, Rand, Rake, Eide, Kvamme, Sunde (seinare Mindresunde, Storesunde), Lunde, Vik, Bø, Fure, Flo, Grov, Hjelle, Brekke og Rygg.

Men mange samansette gardsnamn kan og vere svært gamle, som: Verlo, Myklebust, Valaker, Tisthamar, Sølvberg, Frøholm, Lyslo, Heggdal, Steinsåker, Faleide, Auflem, Åbrekk, Beinnes, Bruvoll, Skarstein, Rake, Vanberg, Loen, Nesdal, Visnes, Vinsrygg, Tonning, Lindvik, Glomnes, Guddal, Erdal og Tunold.

Loen

Dei fleste heim-namn er opphavlege gardsnamn, og fortel om planmessig landnåm. Slike gardsnamn går også tilbake til tida 0-500 år e.Kr. I Noreg finst det like mange heim-namn som vin-namn (ca.1000). Men her i Indre Nordfjord finst det berre 5 sikre heim-namn: Årheim, Oppheim, Solheim, Håheim og Tvinnereim. Når det gjeld Hatleim og Moldrheim er alderen usikker, og dei er ikkje skriftfeste før på 1600-tallet. Namnet Melheim meinar O.Rygh er ei anna samansetting. Som i fleire andre bygder ligg fleire av heim-gardane høgt over sjøen, som Tvinnereim og Oppheim. Dette kan tyde på at heim-gardane vart opptekne før korndyrkinga på gardane vart viktig.

Gardsnamna på –land er yngre, frå tida 400-1000 e.Kr. - dei fleste truleg før vikingtida. Dei trur at slike gardar ofte låg kring ein eldre hovedgard. Vi finn dei fleste av dei 2000 land-gardane på Sørlandet og Sør-Vestlandet, men berre nokre få i Nordfjord. Her hos oss har vi Bruland, Åland, Hopland og Meland.

Dei mest talrike er gardar på –stad (2500). I Sunnfjord/Nordfjord er det ca. 90 stad-namn, men svært få i Indre Nordfjord. Dette er primære gardar, oftast med elvenamn eller personnamn til førsteledd (=han som rydja garden). Desse gardane er frå vikingtida, ca.800-1050. Dei vitnar om at det då var folkeauke og ein storstilt ekspansjon av nye gardar. Det finst iallfall 7 slike gardsnamn i Stryn: Sigdestad/Segestad, Brynestad, Svarstad, Kårstad, Bolstad, Berstad og Øyestad. Gardane Fjellkårstad, Heggestad og Ljåstad høyrer og til gruppa, men er truleg yngre gardar.

I landet er 900 gardar på –set. Desse finst det mest av frå Sunnfjord og nordover, mange i Nord-Norge. Desse set-gardane var oftast mindre utkantgardar, i ei bygd ligg dei ofte i utkanten, anten høgt oppe i liene eller langt inne i skogane. Dei er seint opptekne, om lag på same tid som land-gardane (400-1000 e.Kr.). Naturleg nok ligg dei eldste gardane på den beste jorda, og set-gardane der det er brattare og dårlegare. Set-gardane har alltid hatt låg matrikkelskyld. Her hos oss finn vi set-gardane Drageset, Taraldset, Langeset, Maurset, Frøyset, Roset, Blakset, Dokset, Bergset. Svingeset, Setr (Sætre) og Helset.

Kristenplassen, bygsleplass på Bergset.
Gardsnamn på -torp og -tveit er og frå denne tida, men dei høyrer heime sør og aust i landet vårt. Vi finn få av dei på Nordvestlandet. Døme: Torpo, Hundorp, Hanstveit, Sætveit.

Til saman kan det ha vore 25-30 000 gardsnamn i landet på slutten av vikingetida.

Garddelingsnamn, gardar på -torp, -tveit, -rud/rød, plassenamn og nyare småbruk

I første del tok vi for oss dei eldst gardsnamna på -vin, -land, -stad og -set. Vidare omtala vi dei aller eldste, som Bø, Vik, Berg, Eide og Sunde.

Etter vikingetida vart det nesten stans i opptak av nye gardar. Men etter kvart som folketalet auka, vart mange av gardane etter kvart delt i fleire bruk. Bruka fekk ikkje nye namn, men eit føreledd som sa korleis dei låg i høve til kvarandre – ytre, indre, øvre, nedre, uti-, inni- osv. Gardsnamn som Øvrebø, Midtbø og Indrebø er døme på tidleg garddeling i vikingtida – frå primærgarden Bø. Vi har bl.a. Øvreberg / Nedreberg, Storesunde / Mindresunde, Ytreeide / Kyrkjeeide, Øvre-Flo / Nedre-Flo og ei heil mengde av Innigard / Utigard, Framigard, Bortigard, Nigard (=Nedigard) / Oppigard. På Hopland heiter eit bruk Utognere.

Mindresunde
Etter Svartedauden i 1350 vart om lag halvparten av alle gardsbruka i landet liggjande øyde. Berre på Nordsida galdt det Gald, Bergset, Ulvedal, Øyestad, Blakset og Hatleim. I Randabygda vart Åland, Djuvstein, Skrede, Tvinnereim ei tid liggjande øyde. Mange øydegardar vart oppatt-tekne seinare, og nye gardar vart rydda fram til år 1500-1600. Det fører for langt å gå nærare inn på dette. (Sjå J.Aaland: Bygdebok I-II)

På slutten av vikingtida og framover fekk vi ein sterk vekst av rud-gardar (rud = rydning), smågardar, minst 5000, mest på Austlandet. Namnet er ofte ei fantasifull samansetting med personnamn, tilnamn eller yrkesnemningar: Fleskerud, Stubberud, Stomperud, Puterud, Svelterud, Paradis, Prøysen. Namnegruppa er nesten ukjend i Nordfjord. Men gardsnamnet Rød, no skrive Rye, i Gloppen, høyrer til rud-namna. Uttalen er /rø:/eller /rø:d/. Elles finst det mange teigenamn Rødene (= rydda mark) i bygdene våre, men ikkje som gardsnamn.

Ei ny ekspansjonstid for gardar kom på 1600-talet. Og når det nærmar seg vår eiga tid, fekk vi tusenvis av nye husmannsplassar/bygsleplassar på 1800-talet. Dei fekk oftast namn etter området, den som budde der eller yrket hans: Skreddarplassen, Åmundeplassen, Rabben, Øyraplassen, Kristenplassen. I motsetning til alle dei gamle gardsnamn, som vert uttala og skrivne i ubunden form, er plasse-namna alltid i bunden form.

Rabben
Endå nyare er namna på mange gardsbruk, helst småbruk, som vart frådelte i tida før og etter år 1900, som Vangen, Svanheim, Lyngstad, Lyfting, Fjellvang, Berglid, Skåheim, Rosenlid på Nordsida. Sjølv om desse gardsnamna er dei aller yngste, vert dei fleste laga i ubunden form (altså ikkje *Lyngstaden eller *Rosenlida). Ubunden form er svært utypisk for nyare stadnamn, og har nok si årsak i at ein grip tilbake til den arkaiske, ubundne namneforma for gardsnamn. Namn i ubunden form er eit teikn på høg alder, og namneforma gjev inntrykk av at garden er gammal, noko som altså ikkje stemmer her.

Dette er berre ei generell og ufullstendig oversikt. Gardsnamna er på grunn av alder ofte svært vanskelege å tyde, og vi finn oftast ingen sikker dokumentasjon på kor gamle dei er. Men for denne namnegruppa er vi så heldige at vi har mange gamle, skriftlege kjelder, i norrøn litteratur, soger, diplom og brev (Diplomatarium Norvegicum), jordebøker, matriklar og skattelister. Eit svært viktig kjeldeskrift er Björgynjar Kalfskinn (Bjørgvins Kalvskinn), eit register over geistlege jordeigedomar i Bergen Bispedøme. Den reknar opp kva for jordegods, tiende og leigekyr som ligg til prestar og kyrkjer i Bergens bispedøme. Det er skrive på gammalnorsk og frå tidsrommet ca.1310-60. Det er den eldste bevarte jordeboka i Noreg. Andre jordebøker er Munkelivsboka frå Munkelivsklosteret i Bjørgvin, med oversikt over jordegods på 1400-talet, Aslak Bolts jordebok og fleire jordebøker på Austlandet.

Dei som har interesse av å finne ut korleis dei gamle gardsnamna har vore skrivne (på alle moglege og umoglege måtar) fram gjennom tida, kan leite i Oluf Rygh: Norske Gaardnavne.

kjelder:

Rygh, Oluf: Norske gaardnavne : oplysninger samlede til brug ved matrikelens revision efter off. foranstaltning udg. med tilføiede forklaringer . I Nordre Bergenhus Amt

PERMANENT IDENTIFIKATOR