Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 30. april 2019

Sist oppdatert 29. januar 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

Hermansverk og Njøs



Hermansverk er namn på ein tettstad i Leikanger kommune i Sogn. Det må vere eitt av dei yngste bygdenamna i fylket vårt, ikkje meir enn ca. 175 år gammalt. Staden har nemleg namn etter landhandlar og bakar Herman Brun, som 1. januar 1844 vart vald til ordførar. Staden heitte då Njøsasanden.

Hermansverk

Hermansverk

Datering: 30.04.2019

Fotograf: Per Olav Bøyum

Korleis namnet Hermansverk oppstod

Per H. Bøthun skriv i «Leikanger Bygdebok»

: «Det første heradsstyremøtet som Brun kalla saman på Njøsasanden var den 24. juni 1844. Då heitte det som før «på Njøsasanden». Men då neste møte vart halde der, den 1ste oktober 1844, heiter det ikkje lenger «Njøsesanden», men «Handelsstedet Hermansværk». Dermed var dette namnet innført i Leikanger heradsstyre sin protokoll og slapp aldri ut att derifrå. «Handelsstedet Hermansværk» heiter det berre på to møte, sidan berre «Hermansværk». .... Herman Brun var ein vyrd mann der på staden den tid, og visstnok ogso ein mykje dugande mann, men det høyrest likevel litt drygt ut å seia at staden var «hans verk».»

Bøthun skriv vidare at Brun heldt eit «drusteleg» juleselskap då det store, nye huset stod ferdig. Dei diskuterte kva handelsstaden skulle heite, og i ei skriftleg avrøysting fekk Hermansverk fleirtal (sjå kartfesting nedst i artikkelen). Namnet slo gjennom og trengde unna namnet Njøsasanden, som hadde vore brukt i hundrevis av år. Men gardsnamnet Njøs vart ståande, og er brukt av alle i dag.

Njøs og Njøsasanden

Det store huset som Herman Brun bygde, ligg på garden Njøs. Frå gammalt av hadde brukarane på Njøs nausta og båtane sine på Njøsasanden. Garden Njøs hadde frå 1500-talet og framover mange bruk, såleis er det i matrikkelen år 1723  nemnt heile 17 bruk og 6 husmenn på denne garden. Men viss ein snakkar om Njøsasanden i dag, så blir mange usikre på kva ein meiner. Henjasanden, derimot, lever på ein heilt annan måte. Den ligg ved fjorden vest for Henjaelvi.

Kva tyder namnet Njøs?

Gardsnamnet kan ikkje tolkast sikkert. Rygh skriv i «Norske Gaardnavne XII»: «Enestaaende Navn, som kan forklares som en gammel Sammentrækning af *Nyhus.». Denne tydinga kan nok forklarast språkleg, og skulle då bety «ny bustad». Namnet Nyhus er ikkje eit eineståande namn, det finst på fleire stader i landet, bl.a. som gardsnamn på Ringerike. Det er namneforma Njøs som er eineståande, gardsnamnet har frå 1200-talet fram til i dag vore skrive Nios, Nioss, Noss, Nyoss, Niøs, Niøss. Den lydlege overgangen (samantrekninga) frå Nyhus til Nios og Njøs kan vi finne ein parallell til i norrønt «fehus n» > fjos > fjøs. I svensk finn vi  dialektformer som fios, fjäs, fjös.

Njøsen, eit liknande gardsnamn i Sunnfjord

Kanskje kan vi få hjelp til ei alternativ tolking frå gardsnamnet Njøsen, som ligg i Bygstad i Sunnfjord. Den eldre uttalen av namnet er /'nyssna/, og Oluf Rygh føreslår skriftforma Nysnen. I Bergens Kalvskinn frå omlag 1350 er namnet skrive Nios, seinare Niossem og Niøssen. Rygh meiner at forma Nios utan tvil er ei feilskrivning for *Njosn, som har sideforma *Nysn. Norrønt «njosn f» har tydinga «Nys, Underretning om noget, Speiden, Indhenten af Underretninger». Vi seier framleis i dag at «vi får nyss om noko». Verbet «njosna» tyder speide, kikke etter noko. Rygh  meiner dette kan vere det opphavlege namnet på ei elv like ved, og knyter det til gammal tru om at elvar på ein eller annan måte kunne gje kunnskap om framtida, ein stad der dei spurde gudane til råds (heilag elv).

Ei alternativ tolking av namnet

Det kan altså hende at gardsnamnet Njøs kjem av det norrøne ordet «njosn f». Garden ligg høgt med godt utsyn, og ein reknar med at den tida Njøs var samla i eitt tun, var tunplassen på Øvre Njøs. Per H. Bøthun skriv i Leikanger Bygdebok: «Garden ligg slik til at det er ein framifrå «njosnarplass»». Den same forfattaren kastar fram tanken om at det på denne gamle garden i heiden tid har vore ein kultstad der dei spurde gudane til råds om framtida. «Eit elvenamn Njosn el. Njosn kan då liggja til grunn for namnet, og dette kan vera eit gamalt namn på Njøselvi, som då må ha vore ei «varselelv» for dei.». Det som er heilt klårt, er at Njøs var ein av storgardane i bygda, som i middelalderen hadde eiga kyrkje. I Bergen Kalvskinn står ho nemnd som «Kirkian a Nios» = kyrkja på Njøs (ca.1350). Dei hadde kanskje og eigen prest: «Sira Symuni a Nios», DN 1306. (sira Symuni = Simon prest).

Språkleg er det likevel noko som talar imot at Njøs kjem av «njosn f» - for kvar er -n blitt av i dei skriftlege kjeldene? Det føreset at -n allereide på 1300-talet har falle bort både i skrift og tale. Kanskje er Oluf Rygh si tolking Njøs < Nyhus den rette.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Webarkiv for stadnamn


Bøthun, Per H. (1965): Leikanger Bygdebok. Gardssoga. Leikanger Bygdeboknemnd


Rygh, Oluf. (1919): Norske Gaardnavne, bind XII. Kristiania, W.C.Fabritius & Sønner A/S


Sandnes, Jørn og Stemshaug, Ola. (Red.) (1976): Norsk stadnamnleksikon. Oslo, Det norske Samlaget


Aasen, Ivar (1977): Norsk Ordbog 5.utg. Oslo, Fonna Forlag


Heggstad, Leiv (1963): Gamalnorsk ordbok med nynorsk tyding. Oslo, Det norske Samlaget


Bergen Kalfskinn (ca.1350). Utg. Ved Johannesen, Ole-Jørgen, Riksarkivet, Oslo 2016


DN = Diplomatarium Norvegicum 1306

PERMANENT IDENTIFIKATOR