Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 24. mai 2011

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Simlenes - interessant stad ytst i Aurlandsfjorden



Lengst aust i Vik kommune ligg Simlenes, om lag ein times køyring frå Vik, og ein stad der mange vikjer nok ikkje har vore. Dei fleste tykkjer at siste kilometeren ned til fjorden er vel bratt og smal, men ingen problem sommarsdagen, og heller ikkje om vinteren, fortel Martin Simlenes 2008. Om somrane fer ekspressbåten Bergen-Flåm framom.

<p>Simlenes ligg ytst i Aurlandsfjorden, p&aring; vestsida her sett fr&aring; ekspressb&aring;ten &rdquo;Fjordtroll&rdquo; p&aring; veg ut (nord) Aurlandsfjorden.</p>

Simlenes ligg ytst i Aurlandsfjorden, på vestsida her sett frå ekspressbåten ”Fjordtroll” på veg ut (nord) Aurlandsfjorden.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2011

Fotograf: Hermund Kleppa

2008 – liv og røre om somrane

Her er att berre eitt bruk no, og to fastbuande heile året, pensjonistekteparet Ingeborg og Martin Simlenes. Men her er langt frå daudt i sommarsesongen. Sonen Trygve som bur i Stavanger har teke over, og han er største bærprodusenten i Fresvik. 15-20 mål med bringebær, 20 plukkarar som bur på garden, turistar i eit utleigehus, totalt 8 hus med driftsbygning og rorbu. Her er 17 polakkar, to frå Latvia og ei dame frå Vietnam som Trygve titulerer som gardsbestyrar. Ho er på Simlenes frå april til september, no på tredje året. Trygve står på frå tidlege morgonen, mange folk i arbeid, bæri skal køyrast til Fresvik. Logistikken er ei utfordring på ein plass som Simlenes. No er der berre bærproduksjon, men sauehaldet vart slutt for berre eit par år sidan.

Elles har det vore smørproduksjon, fruktdyrking og ikkje minst laksefiske på Simlenes. No er det bær og atter bær, og det skal plukkast, kvalitetssikrast, vatnast, fraktast. Trygve på traktor og faren Martin på firhjular. Her er liv, her er aktivitet, her er arbeid for mange. Utkant Noreg, ja i høgste grad, men her vert ytt eit stort bidrag til vårt nasjonalprodukt. Og kvar har dei slik utsikt med på kjøpet?

Underteikna [Arne Inge Sæbø] hadde aldri vore på Simlenes før og tykte det var langt og bratt, men alt heimatt verka ikkje vegen så bratt. Etter å ha forlate Simlenes passerer eg Solheim, Grønli og seinare Otterskred. Ein flott sommardag var det, og eg var ei oppleving rikare.

Bringebær

I dag er det bringebærproduksjon ein lever av på Simlenes, og Trygve har planar om å planta endå meir. Det er dei 10 siste åri at bringebær har vorte satsa på. Det begynte med to plukkarar utanfrå til dei har 20 i 2008. I år har det vore ein enorm etterspurnad. Det går mest i konsumbær av Glen Ample-sorten, og den tidlegare Veten vert kutta meir og meir ut.
Sauehaldet som var på om lag 50 lamsauer, var slutt i 2006. Det er sol heile året på Simlenes, der er lite snø, våren kjem tidleg, men det bles hardt. Ei tid satsa dei på tidlegproduksjon av grønsaker. Båten ”Tansøy” kom og henta produkti. Frukt var ei god inntekskjelde ei tid, og kyr og geiter har dei og hatt.

Namnet

Fyrste del av stadnamnet er truleg simle, hodyret av rein. Oluf Rygh skriv at Simlenes ”ligger mellem to Bækkes Udløb og antages at kunne indeholde et Elvenavn Simla”. Simle i Nord Aurdal og Leka er vin-namn, der fyrstelekken er utyda. Namn som byrjar med Siml- og Seml- finst og i Sverige. Andre skrivemåtar har vore Semmelsness 1667 og Simmelsnes 1723.

Nyevegen

Vegen ned til Simlenes frå Solheim er om lag 6 km og er privatbygd og var ferdig i 1992. Det var Martin og Trygve som var med og bygde, Einar Stokkebø var entreprenør, og Goggen var maskinkøyrar. Dei på Simlenes fekk 450 000 kroner av Leikanger kommune til byggingi, resten (om laga ein halv million) måtte dei ut med sjølve. Byggingi tok eit par år. Vegen fram til Solheim var bygd på 1980-talet som skogsveg. Simlenes må sjølve stå for vedlikehaldet av grusvegen, men fram til Solheim er det Vik kommune som har ansvaret. Vegen vart grusa oppatt i 2005, og då løyvde Vik kommune 100 000 kroner til arbeidet.

Gamlevegen

Gamlevegen vart bygd i mellomkrigstidi, og oppsitjarane på Simlenes søkte kommunen om eit tilskot på 500 kroner. Dei fekk 250 kroner og med det vilkåret knytt til, at skulle det leigast folk måtte ein leiga folk frå kommunen. Den gamle vegen gjekk i mange svingar opp den bratte lidi frå Simlenes. Det var mange namn på plassar på vegen. Rett over utgarden heitte det Kleivi, lenger oppe var Nedsta Kvile, så Øvsta Kvile. På bruni der vegen gjekk ned, heitte det Sponadungen. Det namnet fekk staden då telefonlinja vart bygd over Åsen på 1920-talet. Då vart det hogge stolp på Fresvikåsen og desse stolpane vart tilspikka der.
Gamlevegen er det berre restar att av. Innom Hamarsenden er det ein gamal veg dei kallar Tjørevegen. Namnet kjem av at dei drog ned tjøretønnene til sjøs når dei hadde brent tjøra oppe på Fresvikåsen.

Taubane

Frå Hamarsenden bygde folki på Fresvikåsen taubane ned til sjøen. Ei tid gjekk truleg alt som vart skore på Sveen sagbruk ned på taubana, sameleis mykje tømmer. Innom Simlenes bygde Torkel Simlenes taubane ved Masterløype til å ta ned tømmer. Men etter at vegen kom på Fresvikåsen, vart tømmer- og materialtransporten overteke av lastebil og traktor. Taubanene har ikkje vore brukte sidan.

Forhistorie

Ein reknar med at Simlenes vart rydda til gard på 1600-talet. Indre Simlenes vart teke opp under ”felles jorder i Fresvik” kring 1660, og der var og ein husmann på 1600-talet.
Det har vore to bruk på Simlenes, i dag er det berre eitt bruk. Etter at dei ugifte syskeni på bruk 3 døydde, kjøpte Martin Simlenes det bruket.

Solheim var støl til bruk 1 på Simlenes, og selet vart bygt på Simlenes av Nils Haukevik. Fyrst vart det flytt til Humlaposen og truleg brukt som skogshytte, sidan vart det flytt til Solheim og brukt som sel der. Då Anders Solheim bygde hus på Solheim, låg dei i selet under byggingi. Torkel Simlenes flytte selet frå Solheim til Legdene ca 1938 og bygde det oppatt der. Frå fyrst av hadde bruki på Simlenes sel saman i Legdene, men sidan bygde dei kvar sitt.

Gjestgiveri

På hausttinget i 1756 søkte oppsitjaren på Simlenes om å få løyve til å driva gjestgiveri der. Han grunngav det med at på postruta mellom Arnehus i Dyrdal og Lærdal var det ikkje noko gjestgiveri, og mange reisande måtte ”i uver til Simlenes tage sin tilflukt”. Difor var det stor ferdsle der, og sidan han ikkje hadde gjestgivarløyve kunne han ikkje ta betaling. Tinget tilrådde søknaden, men me kjenner ikkje til at det har vore noko gjestgiveri på Simlenes.
Peder Nilsson Arnehus, Aurland var gift med Gunnhilde Johannesdtr. Simlenes. Dei hadde to born: Nils 1760-86 og Marta f. 1765. Det står at huslyden budde på Simlenes og Arnehus. Kanskje var det denne huslyden som søkte om gjestgivarløyve i 1756.

Brukarar

Nils Torkelson Haukevik og kona Anna Sofie Torsteinsdotter kom til Simlenes 1897, folki på båe bruki kom umlag samstundes. Brukarane som kom på nabobruket var Lasse Toraldson Buene Simlenes (1872-1950) og kona Ingeborg Olsdotter Tingestad (1872-1949), dei tok og Simlenes til etternamn.

Martin Simlenes seier at til å byrja med hadde dei løhuset eller uthuset i lag, og sameleis hadde dei stabburet i lag. Men dei delte desse husi seinare, og bygde kvar sine hus. Løa reiv dei og delte materialen, eldhuset saga dei av på midten og tok kvar sin part, og bygde til den helvti som vart burte med reisverk.

Løypestreng

Dei hadde løypestreng frå Svåi ved Hamarsenden og ned på kaien, dei måtte då bera lauvet uppatt til husi på ryggen. Hadde dei festa løypestrengen ved husi, vart han so flat at krokane gjekk ikkje ned. Hadde dei hatt triller, hadde lauvbørane gått ned, men triller hadde dei ikkje. Ein streng gjekk frå tunet og uppunder Berget. Den var so bratt at rennekrokane gjekk ned med børane. Dei turka lauvet i marki, dei hengde det upp i bjørkene. Når dei lauva på strandi, rodde dei lauvet til kaien. Der laga dei lauvhengsler og hengde lauvet til turk.

Laksefiske

På Simlenes var båe bruki i lag um laksefisket. Sjøretten var felles for båe bruki. Dei hadde ei not under huset til Martin, men dei fekk berre to laksar, so det vart berre eitt år. Elles hadde dei fem nøter i lag. Dei hadde 2 kilanøter på Simleneset. So hadde dei ei not i Tjualøypholao. i Fyssao hadde dei ei not, og den femte var på Fysseneset. På ein dag fekk dei 120 laksar i dei fem nøtene, og av dei var det 52 i noti i Tjualøypholao. Den dagen fekk dei ikkje laks i Fresvik.

På Simleneset var det og sitjenot i eldre tid. Bestemor til Martin hadde fortalt at dei batt i hop åretroer med vidjer som dei bruka i ilane i staden for laksestreng. Kanskje var det før det var laksestreng å få. Det viser merke etter sitjenoti på Simleneset. På Simlenes rodde dei laksen til Fresvik, og leverte den til Jens O. Hov Holum, han hadde ishus og isa ned laksen og sende den.

Naust til gardane Svea og Solheim

Andrias gift med Ingeborg Sveen og busett i Svea skulle koma til å ta mange turar attende til Simlenes, for vegen til Fresvik, um Simlenes, vart mykje nytta av bruki Svea og Solheim på denne tidi. Her hadde dei naustet sitt, og her låg båtane deira. Når dei rodde varene frå Fresvik og inn hit, vart det ikkje so langt å bera som når dei til dømes skulde gå over Holten, og serleg då for Solheim som ligg nærast. Det gamle naustet står her enno på innsida av neset (mot Aurland). Likeeins ligg dei gamle båtane der og minner um ei faren tid.

Mang ei bør

Dei gamle har fortalt oss at det var det heilt utrulege som vart bore upp Simleneskeivane den gongen. Men so etter ei tid vart det bygd ei taubane, og den bana skulde bli svært mykje brukt. Etter krigen vart endå ei bane bygd, og båe desse banene låg på utsida av neset.
Martin Simlenes fortalde um då oldefaren, Torkel Haukevik, vart gravlagd. Det var Anders Haug frå Fimreite som hadde fortalt dette: Dei måtte ro til kyrkje i dei dagar, og og dei rodde då med fleire båtar frå Haukavikji og truleg til Ølmheim kyrkje i Norane. Dei brukte alltid å kappro til kyrkje, og det gjorde dei den dagen og. Ein mann stod på strandi og vinka og vilde vera med, men dei hadde tid til å ro opp å henta han. Den båten som liket var i vann, og då var det ein som sa: "Dette hadde han Torkel likt".

Stortjuven Gjest Baardsen i stadnamn

Gjesturdi er uppkalla etter Gjest Bårdsen. Urdi ligg utanum Dyrestadneset. Gjest kom roande frå Tingestad. I Gjesturdi skulle han grava ned pengar. Etterpå gjekk han til Jordalen. Der fekk han mat hjå gamla Nesao. Isak J. Bøtun leitte etter pengane i Gjesturdi.

Sagbruk

Det er og murar innum Simlenes der dei vilde byggja sagbruk, og dei sette i gong arbeid i Skar for å få vatnet i Nysagelvi ned til Simlenes. Dei byrja å grava veit burtover mot Grønli, og der heiter det Veiti den dag i dag. Men dei fekk ikkje fall på vatnet forbi Grønli og gav upp arbeidet. Sagi vart då heller ikkje uppsett på Simlenes, då det ikkje var nok vatn til å driva eit sagbruk på Simlenes.

Skule

På Simlenes var det skule 1907-1916, og då gjekk borni på Fresvikåsen på skulen der. På Sogns Folkemuseum har dei krinsprotokollane for skulen på Simlenes. Der var 9 veker samla skule, og borni frå Solheim, Svea og Simlenes gjekk der. Frå 1913 høyrde Høgberg til Simlenes krins. I 1916 vart skulen lagd ned då barnetalet var kome under 6.

Kristian Høgberg gjekk på skule på Simlenes og kunne fortelja at då familien Høgberg flytte til Grønli i 1913, gjekk ungane frå Grønli, Solheim og Simlenes i skule på Simlenes.
Skulestova var hjå Lasse Toraldson Simlenes (Buene), bruk 3. Desse var elevar: Torald Simlenes, Marie, Kristian og Alf Høgberg, Olav, Edvard, Johan, Harald og Brita Simlenes og Karoline Solheim. Elevane hadde ein lang og tung skuleveg, serleg um vinteren. Skuledagen den gongen var frå kl 0900 til 1500.

Då skulen vart nedlagd på Simlenes, brukte borni der sjøvegen og vart rodde til Fresvik. I seinare tid vart det brukt motorbåt. Dette kunde gå bra når veret var godt, men i storm og uver og snøkave var det ikkje komande på sjøen, og då måtte borni der gå over Fresvikåsen stundom, og dei fekk då vegen upp Simleneskleivane i tillegg.

Edvard Simlenes kunne fortelja at det var berre det første og kanskje det andre året av skuletidi her som var fast hjå Ingeborg og Lasse. Sidan gjekk skulen på umgang. Det var 14 dagar hjå Ingeborg og Lasse, so var det 14 nye dagar på loftet i gamlestova, den er riven no, hjå Anna og Nils Simlenes. Dette var bruket med bruksnummer 1. Den gongen var det altso 2 bruk her, mot 1 i dag. Anna og Nils var foreldri til Edvard. Han var berre i 2-årsalderen då skulen byrja, men han hugsar godt det som har vorte fortalt um dette gamle loftsrommet som skulde bli skulestove.

Det var i det heile svært dårleg utan kledning og med berre eit bitte lite vindauga. Men då skulen skulle bli der, kom det påbod frå skulestyret om at rommet måtte setjast i stand, og det vart kledd og eit nytt og større vindauga vart sett inn. Det er utruleg, men Edvard hugsa til og med namnet på båten som kom med kledningen til skulerommet. Han fortel oss at båten heitte "Dianna", og at det skulle vera fyrste båten med motor som la til på Simlenes. Motorbåten var eigd av Eirik Øvrebø, Fresvik.

Edvard var 88 år då eg intervjua han [1994], men tanken var like klår. Han lo godt då han mintest seg sjølv som 6-åring. Han var so full av spilloppmakeri når dei andre borni hadde skule på loftet, at læraren meinte det var like greitt at Edvard fekk bli med på skulen han og, og slik vart det. Edvard fortalde at læraren budde hjå Ingeborg og Lasse. Dei hadde berre to born. Anna og Nils hadde berre dette eine loftsrommet, ei stove og tre små kammers. Med 13 born er det vanskeleg i dag å fatta korleis dei kunde få plass. Johan, den eine av borni døydde berre 21 år gamal. Me er vortne oss fortalde at det var nokon som vilde trøysta Anna då, og sa som slik at det var no gjerne ikkje so ille for henne likevel, for ho hadde då so mange att. Men då svara Anna: "Sjølv um eg har tolv born att, hadde eg ingen å missa".
Tvillingbrørne Torkjell og Andrias hadde att 2-3 år av skuletidi si då skulen på Simlenes starta. Andrias vart seinare gift med Ingeborg Sveen, og dei overtok bruket i Svea. Torkjell er far til Martin som er på Simlenes.

Avhaldsstemne

Fresvik Avhaldslag hadde årleg ei stemne på Simlenes. Den tid fjorden var ferdavegen var det ikkje så unaturleg, dit kom nemleg folk frå Fresvik, Aurland, Leikanger, Sogndal og Høyanger. Det vert og sagt at det kom båtar heilt frå Gulen og Solund. Dette var ein sundag om sommaren, og det kunne liggja ein heil flåte av motorbåtar på Simlenes den dagen.

Fyrste året me finn stemna arrangert er 23. juli 1911. Fresvik Avhaldslag, losjen og lagi på Frønningen og Nærøen arrangerte stemna med om lag 80 deltakarar. Stemnelyden samlast fyrst nede på neset der det var talar av Johan Thorkildsen, I. Høgheim, Per Hatlelid og Hans P. Bøthun. Isak Dyrdal las opp. Heile flokken vart så traktert hjå Ola Tingestad og Lasse Simlenes. Etter matpausen tok stemnelyden seg opp til Kleivahammaren. Der vart det veksla mellom talar, opplesing og song. Ola Holm tala om truskap, og Endre Haukenes slutta med andakt.

I 1931 var stemna den 12. juli, då var og fylkesmann Seip til stades. A. Giil frå Høyanger var stemnestyrar, og Jens Djupevik opna med andakt. Fylkesmannen heldt foredrag, og brørne Jørgen og Jakob Holen heldt korte talar og fortalde morosame stubbar. Jørgen Holen las og ein svært god prolog som han hadde skrive til stemna. Ein blind gut frå Aurland song fleire songar utifrå vakkert og gripande. Lensmann Torvund frå Leikanger las dikt. Elles var det ein kort tale av kyrkjesongar Thorkildsen.

Siste året me finn det var stemne på Simlenes var i 1938, men datoen var 24. april så då var det nok heller ein tur for fresvikjene. Siste sommarstemna var kanskje i 1936, i alle høve var det ikkje avhaldsstemne på Simlenes etter 1940.

Edvard Simlenes (1906-2007) fortel om dagleglivet - lauving
Um dagleglivet på Simlenes er det heller lite å få høyra noko um. Dei fleste av syskinflokken er burte, og dette ligg langt tilbake i tidi. Eg snakka med Edvard, og han hugsa godt tilbake til barneåri. Det var arbeidet som kom i fyrste rekkja, mange av syskini reiste i tenesta med eingong dei var konfirmerte, men sume av dei var og heime og hjelpte til med arbeidet. Um sumaren var det å samla for til husdyri, dei slo alt dei kunde finna av gras, og so var det lauvingi, dei hadde 3-4 tusen med lauvkjervar, og dette måtte berast og rennast og roast til rettes, dei hadde alt lauvet inn i hus, dei stekte ikkje rauk i marki. Men Edvard sa at dei hadde nok lauvskog sjølve, det voks utatt so dei slapp å lauva hjå andre.

Om fiske

Laksenøtene måtte og passast um sumaren, og når storsildi kom, og dei fekk agn, då måtte lina setjast ut. Edvard sa at særleg Olav var trottug med lina. Likevel vart det for lite um fisken, og Edvard hugsar at det kom fiskarar eller havmenn, som dei sa, inn frå kysten med salta fisk i tunner som dei bytte vekk i poteter og frukt eller anna. Dei kom siglande på storebåtar som dei kalla dei minste jektene, og dei la då bord eller plankar frå ripi og og upp i ståi, og rulla fisketunnene på dei upp i ståi og inn i naustet. Det var ofte ei tunne med torsk og ei med brosme og ei med spekesild, kanskje kunde det vera mort eller annan fisk og. Når dei då skulde koka til middag, måtte ein av ungane ned i naustet og henta fisk i ei tunne til middagen. Um vinteren var karane i skogen og hogg ved, Edvard meinte at dei selde bjørkeveden for 6 kroner målet.

Om skulevegen

Edvard sa at skulevegen deira på Simlenes skulde vore skriven mykje um. Dei var då ofte i livsfåre i uver og storm, og ofte var dei våte både på føtene og på kledi. Stundom hadde snødd um natti, då måtte dei sopa båten før dei reiste. Det var ikkje so gode korkje klede eller sko å få som no. Det var gutane som rodde, og Edvard hugsa Jenny som sat bak i båten. Han fortalde at eingong dei skulde innatt um kvelden, gjekk dei i land på Staven, dei torde ikkje reisa lenger i båten. Båten greidde dei å dra upp, og so gjekk dei til fots innatt strandi til Simlenes i stummande myrkre. Og stundom var det uråd å koma på sjøen, då gjekk dei upp Kleivane og over åsen til skulen, det vart mange timar å gå for dagen.

Jenny var yngst av jentene, og ho var heime i fleire år etter ho var konfirmert, ho var då budeie i Legdene um sumaren. Ingvald var yngst i syskinflokken, han seier at han reiste i teneste på Tingastad den våren han vart konfirmert, og sidan var han lite heime. Men han òg sa at dei måtte hjelpa til med arbeidet når dei vart so store at dei greidde å gjera noko.

Edvard Simlenes fortalde um fleire barndomsminne ei tid etter han var komen på Bygdeheimen i Fresvik. "Det fyrste eg kan hugsa var ein sumarkveld eg gjekk ut på utedo. Det stod attmed eldhuset og det stod ein ask attmed. Då eg var ferdig, kom mor ut og bar meg innatt. Det er det fyrste eg kan hugsa um mor. Eg gjekk kledd i eit slag kjole eller skjorte, det var vanleg då at gutungane og gjekk i kjole. Eg var kanskje ikkje meir enn eit par år den gongen.

Dagleglivet på Simlenes hadde vel mange opplevingar for denne store barneflokken. Dei var mange, og når dei eldste voks til og laut ut og tena sitt brød, kom det nye til, so flokken heldt talet ei heil tid, det var 24 år mellom den eldste og den yngste.

Maten

Edvard sa at dei hadde god mat, som dei fekk eta seg mette av, sjølv um det ikkje var noko overflod. Han seier at dei bruka mykje flatbrød, og han hugsar at Brita, bestemor hans, var med og baka flatbrød, ho var mor til Anne Sofie. Maria Solheim var og med og baka.
Dei var med og rodde til laksenøtene, då var gutungane ikkje so store. Og dei fiska i fjorden og sette line. (…). Edvard hugsar at dei åt mykje fiskakling. Og flatbrød med heimesmør og fersk fisk på, det er mat som smakar i dag og. Jakt og fangst i skogen var ikkje desse karane interesserte i, det var sjøen som stod dei i hovudet.
Når det gjeld klede, vart mykje laga heime,

Om klede og skor

Dei karda og spann ulli av sauene, og garnet vart spøta eller strikka til sokkar og vottar, og sikkert ogso til andre klede. So spann dei veft og varp til veven, og dette vart vove til vadmål og einskjefta tøy. Vadmålet vart brukt til karaklede. Edvard kan tru at dei hadde vadmål til konfirmasjonsdress. Kristen K. Bøtun sydde kledi til karane. Einskjefta vart bruka mest til kvinneklede. Kvinnekledi vart vel sydde mykje heime. Tøyet vart og farga eller leta heime.

Når det galdt skotøyet, sydde karane fetlingane sjølve. Dei var gode og heite å ha på føtene um vinteren. Hudskorne var det Ellend Hatlelid som som arbeidde. Edvard hugsar at han og Torkel var framme i Hatlelid og henta hudsko. Dette var sumarsko, men i turrveret var dei svært håle å gå på. Dei var laga av nokso tunt skinn, ofte var det heimebarka, og det var ikkje lenge fyrr det vart hol under hudskorne, og då måtte dei lappast, og det gjorde dei sjølve. Elles vart kledi og skorne bruka uppatt etter einannan, når eit kleplagg eller skopar vart for lite, tok ein yngre over.
 

Slekt

Nils Torkelson Haukevik, Sogndal (1870-1918)
og 1895 Anna Sofie Torsteindtr., Sogndal (1872-1957) fekk 13 born:

1 Ragna 1893-1968 Gift 1923 m/Ola Amundson Hopperstad (1895-1973), tre born: Arne, Nancy, Rut.
2 Andreas 1896-1943 Gift 1918 m/Ingeborg Serine Olsdtr. Sveen (1898-1986). Dreiv gardsbruk i Svea.
3 Torkel 1896-1966 Tvilling med Andreas. Gift 1920 m/Brita Ragnhild Andersdtr. Dyrdal (1896-1986). Dreiv farsbruket og Torkel hadde motorbåtar.
4 Nils 1897-1945 Gift 1933 m/Brita Eiriksdtr. Rinde (1905-1988) frå Feios. Budde Bøtun, hadde motorbåt.
5 Brita 1900-1996 Gift 1930 m/Herman Andersson Hundere (1897-1959), Sogndal.

6 Johan 1902-1923 Døydde av hjernehinnebetennelse knapt 21 år gamal.
7 Olaf 1904-1977 Gift 1943 m/Gudrun Isakdtr. Bøtun (1916-1994). Olaf dreiv på sjøen, budde Solali. Born: Gerd Arnhild, Inge Norvald og Jon Gunvald. Gerd og Jon bur i Vik.
8 Edvard 1906-2007 Gift 1954 m/Amanda Amundsdtr. Vigdal (1915-1997). Dreiv på sjøen.
9 Harald 1908-1969 Gift 1942 m/Svanhild Markusdtr. Nese (1905-1968). Arbeidde på sjøen. Ei dotter Gjertrud Marie f. 1944, gift med Kristian Otterskred.
10 Alma Nilsine 1911-1987 Ugift, koldjomfru/kokke, budde Bergen

11 Jenny 1913- Gift 1939 m/Hans Tusvik (1908-1989) frå Bergen. Dreiv butikk i Bergen.
12 Håkon 1915-1990 Gift 1952 m/Marta Isakdtr. Bøtun (1920-). Køyrde lastebil og drosje.
13 Ingvald 1917-2000 Gift 1939 m/Agnes Marie Hansdtr. Buene (1918-1993), sagbrukseigar.

Nils og Anna Sofie

Anna Sofie og Nils var begge frå Sogndal og gifte seg i 1893 i Sogndal. Dei budde i fire år hjå besteforeldri til Nils i Haugaviki fram til 1897. Mor til Anna Sofie, Brita, som var ugift budde saman med dei. Det kan nemnast at ein bror til Nils, Andreas, kjøpte garden Røyrvik i Vik, og her døydde mor til Nils og Andreas.

I 1897 kjøpte så Anna Sofie og Nils bruk 1 på Simlenes. Brita flytta til Simlenes med dotteri, og ho døydde på Simlenes i 1932, 88 år gamal. Det var mykje slit på garden, bratt og steinete og mykje rudningsarbeid var naudsynt. Dei mange steinmurane vitnar om tungt slit. Nils planta ein del frukttre, og dei dreiv mykje med bærdyrking som stikkelsbær og solbær. Andre varer skaffa dei seg ofte med bytehandel. Ofte kom det fiskarar frå ytre strok og bytte bort fisken sin mot frukt og bær. Pengehushaldet var mindre utbreidd.

Nils var og mykje i skogen, både i vedaskogen heime, på veding og ospehogst i Djupeviki og på Gagersnes og Fimreitelandet på tømmerhogst. Dei største gutane var ofte med faren og hjelpte til. Sonen Andreas var ein av dei, truleg var det i det harde slitet i tømmerskogen han drog på seg hjartesjukdom. Elles var dei mykje ute på fjorden og fiska. Laksenøtene var viktige matsankarar, og dei hadde fleire som stod både utetter og innetter strondi.
Anna vart tidleg enkje. Nils døydde alt i 1918 av spanskesykja. Då var yngstemann Ingvald berre eitt år. Anna Sofie fekk ansvaret for å fø fram dei 13 ungane. God hjelp hadde ho av mor si og dei eldste ungane.

Torkel Nilsson Simlenes (1896-1966) og 1920
Brita Ragnhild Andersdtr. Dyrdal (1896-1986) fekk borni:

1 Nils 1920-1968 Gift 1942 m/Margit Andersdtr. Hjelle (1922-) frå Årdal. Budde Simlenes, hadde motorbåt.
2 Arne 1922-2000 Ugift, arbeidde på jordbruksskulen, Aurland
3 Johan 1926-1996 Ugift, lærar på Manger
4 Martin 1930- Gift 1953 m/Ingeborg Persdtr. Bøtun (1935-), overtok farsgarden. Tre born:
Per Øyvind 1953, Trygve 1958 og Bjørg 1962. Trygve har teke over bruket, men arbeider i Statoil, Stavanger. Per Øyvind arbeider som ingeniør på Stord, og Bjørg er sjukepleiar i Bergen.
5 Leif 1932- Ugift, styrmann i utariksfart

Frå Vietnam til Simlenes

Det er eit internasjonalt miljø på Simlenes med folk frå Polen, Latvia og Vietnam. Nguyen Thi Hoang Yen eller Ing som ho vert kalla, var på Simlenes for tredje året denne sommaren. Ho kom dit fordi bror hennar er gift med dotter til Martin. Bjørg er sjukepleiar og arbeider i Bergen.

Ing er på Simlenes frå april til september. Resten er året er ho heime og hjelper mori med å laga mat som ho seier. Familien driv ein minirestaurant, dvs dei set ut to-tre bord på fortauet utafor huset og sel mat. Men familien greier seg godt på det Ing tener i Noreg. Ein lærar i Vietnam tener 300 dollar dvs om lag 1500 kr for månaden, og i Noreg tener Ing fleire årsløner på 5 månader. Då er det ikkje rart ho heng i, så ho nesten gløymer å eta, fortel Trygve. Ho grasar, tynnar, vatnar og driv framfor alt kvalitetskontroll. Alle korgene kontrollerer ho, eit svært viktig arbeid skal ein ha nøgde kundar.

Det var store språkproblem første året Ing var på Simlenes, men så begynte ho å læra seg engelsk. No går det betre sjølv om uttalen gjorde det ikkje heilt enkelt å forstå ho. Om ho kjem att, å jau, det gjer ho heilt sikkert, smiler ho. Har du vore andre stader, spør eg. Å ja, i Fresvik, Vik, Bergen og Stavanger for å besøkja Trygve. Eg spør om ho ikkje tykkjer Simlenes er lite og avsides? Nei, ikkje noko problem så lenge ein arbeider. Ing er frå er ein kystby som heiter Vung Tau og er ein storby etter norsk målestokk. Vietnam har som Noreg lang kyst, men med ca 70 mill innbyggjarar.
 

kjelder:

Informasjon frå:
Edvard Simlenes. Vik, 1906-2007.
Martin Simlenes.
 

PERMANENT IDENTIFIKATOR