Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 29. november 2019

Sist oppdatert 04. februar 2020

Kategori

Rå-data

Brokane, Brøkane, Brøket og Krampane : Det er skilnad på «ei brok» og «eit brok/brøk»



«Broka» finn vi som stadnamn på 20-30 stader i fylket vårt. Det vert oftast nytta som samanlikningsnamn, der staden det er snakk om, liknar på ei brok eller bukse. Der er eit hokjønnsord «ei brok». Men ordet «brok» er ikkje nødvendigvis ei bukse. Som nøytrumsord «eit brok» tyder det skredmark, i Jølster også kalla «skogsbrøk».

Brokøyna i Hornindal, no oppdyrka.

Brokøyna i Hornindal, no oppdyrka.

Datering: 2018

Fotograf: Kristian Solvang

Når noko i naturen liknar på ei brok = bukse

Ei brok har to bein. Broka er ofte eit samanlikningsnamn på teigar og åkrar som i den eine enden er delt i to. I Jølster vert det sagt at det var eit ras som laga teigen Broka. I Fjaler finst teigenamnet Broka 5 gonger, det er namn på åkrar, slåtteteigar og beite. Der finn vi og åkrenamnet Skinnbroka, steinen Brokarivaren - dei reiv vel hol på broka her - og Kistebotnbroka. Det siste namnet er to gjel med ein topp imellom, og i snøsmeltinga vart det synleg to kvite brokabein. Dette fenomenet er opphavet til namnet på snøfonna Broka i Nesdal/Kjenndalen i Stryn. Ho deler seg i to lengst nede, og fonnsnøen dannar to tydelege bein. I Bremanger finst det og ei fonn med dette namnet.

Fjellet Skinnbroka

Like ved Førde finn vi fjellet Skinnbroka (829 moh) og Skinnbrokedalen. Fjellet er relativt flatt på toppen, det må vel vere eit samanlikningsnamn. Skinnbrøker er ikkje akkurat høgste mote no, anna enn på ølfestivalar, der dei har fått ein renessanse med det importerte tysk-østerrikske namnet «Lederhosen». Buksene er slitesterke og korte (knebukser) med vide bein, og med klaffe framme, og vart i landet vårt laga av geiteskinn eller kalveskinn. I Bayern i Tyskland, og i Østerrike er det ei slags nasjonaldrakt for menn.

«Ei brok» i tydinga «bukse» er eit svært gammalt ord. Det heitte «brok f» både i norrønt og i urgermansk. Latinsk/keltisk: braca. Den opphavlege tydinga er visst «bakdel, det som er under baken» - det skulle vel høve bra! Vi finn ordet også i russisk språk, så russiske turistar skjønar godt kva «broki» er. Det var nok helst ei knebukse, for i Njåls saga høyrer vi om ein som hadde tilnamnet «Langbrok». Nemninga «bukse f» er eit nyare ord, som har eit anna opphav, det er lånt inn frå nedertysk «buxe, boxe». Opphavleg kalla «buck-hose» = bukse av bukkeskinn, ei skinnbrok.

Eit «brok/brøk» og «skogsbrøk» er skredmark

Inkjekjønnsordet «eit brok/brøk» blir mest brukt i tydinga «skredmark» eller «grove, tjukke, stive strå». I Ivar Aasen si berømte ordbok finn vi ordet «eit Brok» = Skredmark, græsbevoxet Jord i Skrederne under en Klippe». Samanlikn sveitsisk «Bruch m» = Erdrutsch an Berghalden (jordskred i bergsider). Det er ei vidareutvikling av germ. «brekan», som har blitt til verbet «å brekke» = bryte og «brot, brudd». I slik skredmark veks det ofte oreskog, og der er det steinete jord, mest veleigna til beitemark. I Jølster kallar dei det helst «skogsbrøk». Eintalsforma Brøket og fleirtalsforma Brøkane finst 10 gonger i denne kommunen. Det er oppgitt å vere skrapeslått, skog eller oreskog. Brøkene finst i Aurland som namn på eit beiteområde. Det tilsvarande adjektivet er «brokete», som kan bety både «med ulike fargar, delar», men også «innfløkt, vanskeleg». Som merknad til eitt av namna stod det at terrenget var brokete, altså vanskeleg. I Vik finst Underbrokaberget, som seiest å likne på ei bukse, men det kan nok hende at det er nederste del av Brokaberget.

Brokane, Lotsbrokane, Brokøyna og Brokalia

I Indre Nordfjord har eg funne Brokane på Flo. Det er slått på innmark der det veks stivt, tørt gras. På Berstad heiter to hamrar Øvste og Nedste Brokhammaren. På Hopland finst namnet Nibbebrok, men eg har ikkje funne merknader til namnet. Brokøyna i Hornindal er i dag ei dyrka flate, der det tidlegare har vore elv (sjå kartfesting nedst i artikkelen). På Lote finst Brokane på fleire stader, bl.a. Lotsbrokane, Naustbrokane, Ekrebrokane og Britebroket. Ramsebrokane er namn på eit område med uryddig mark. Her vaks det ramsløk. Det er påfallande at område med slike namn ofte ligg inntil dyrka mark, men er ikkje oppdyrka og ofte brukt til beite. Elles finn vi Brokaskaret i Askoll (m/kratt), Brokaskreda i Fjaler og Brokateigen i Vik. Om Brokalia i Flora står det at der veks småskog, og at det var ein vanleg stad å «løyse broka» når dei jobba ute. Her trur eg informanten må vere på ville vegar, for å forklare eit namn dei ikkje skjøna.

Krampane er om lag same slag terreng

Stadnamna Krampen eller Krampane vert brukt på om lag same slags terreng som Brokane/Brøkane, dvs. «Krat, Buskvæxter, krogede Træer» (Aasen). I Sogn brukar dei omgrepet «Kramp». I Stryn har eg til no funne Krampane 3 stader: På Heggdal er det namn på eit stort beiteområde der noko er dyrka. Krampane er også namn på ein husmannsplass under Hage i Utvik, og på ein bratt og hamrete utmarksteig på Steinsåker. Krampeteigen på Taraldset er oppgitt å vere vanskeleg slåttemark. Krampen i Askvoll er ein stad der det veks ris (vier, kramp) som dei laga risbusker av. På desse stadene var det ofte småslått, urar og krattskog. I ordbøkene finn vi «krampebjørk» (= krokete) og «krampeskog». Torp fører også opp «Krampe» i ordboka si: «Krampe m» med tyding «gammal, inntørka mann». Beslekta ord er «muskelkrampe» og «krympe seg» = bli krum.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Webarkiv for stadnamn


Torp, Alf (1919): Nynorsk etymologisk ordbok. Kristiania. Aschehoug


Aasen, Ivar (1873-1977): Norsk Ordbog, Femte Udg. Oslo. Fonna forlag


Heggstad, Leiv (1963): Gamalnorsk ordbok. Oslo. Det norske Samlaget


Klouman, Sverre (1999): Moro med ord. 2.opplag. Oslo. Aschehoug & Co

PERMANENT IDENTIFIKATOR