Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 31. oktober 2019

Sist oppdatert 04. februar 2020

Kategori

Rå-data

Gjegnen = Gjegnet = Gjegnalunden - eit ikonisk fjell



Naturen i Ålfoten-området i Ytre Nordfjord vert av somme kalla « indrefileten av norsk natur». Her ligg eit vilt og vanskeleg tilgjengeleg fjellområde med bratte, høge fjell og brear. Ålfoten landskapsvernområde på 226 kvadratkilometer vart verna i 2009. Her ligg det høgaste fjellet i Bremanger og Ytre Nordfjord, fjellet med fleire namn: Gjegnet, Gjegnen, Gjegnalunden, Blånibba eller Uksen. Ålfotbreen like ved har ein årsnedbør på 5 600 mm, noko som ville ha vore det våtaste området i Norge.

Gjegnen eller Gjegnalunden. Gjegnen ligg i Bremanger kommune, biletet viser område i både Gloppen og Bremanger kommune

Gjegnen eller Gjegnalunden. Gjegnen ligg i Bremanger kommune, biletet viser område i både Gloppen og Bremanger kommune

Datering: 2014

Fotograf: Arne Myklebust

Vi syng om Gjegnalundsbringa i Nordfjordsongen

Vi startar litt poetisk med å sitere første strofa av Nordfjordsongen som Amund Mork (1884-1961) skreiv i 1920. Med denne songen vann han ein pris i ein songkonkurranse i regi av Firda Ungdomslag.

Fagre fjellheimen opnar seg,
ljuvlege Nordfjorden svingar
inn i landet og finn seg veg,
vent under Gjegnalundsbringa.
Langt inne solbjarte snøfjelli
kyrr honom tvingar.

I 1931 skreiv han ein ny Nordfjordsong – «Du Nordfjord, min fagre og fjellsterke heim». Det er denne songen som vi oftast syng i dag.

Fjellet med mange namn

Frå dei høgaste fjelltoppane i Indre Nordfjord kan ein nesten sjå havet på Sunnmøre, men vestover hindrar eit høgt fjellparti utsikta til havet. Det ligg mellom Hyefjorden og Ålfoten, og høgast ragar Blånibba (1670 moh) med Gjegnalundsbreen (1467 moh). Fjellet blir også kalla Uksen, Gjegnen, Gjegnet eller, som det står i songen: Gjegnalunden (sjå kartfesting nedst i artikkelen). Eg vil tru at Gjegnen eller Gjegnet må vere det eldste namnet. At namnet er brukt både i maskulinum og nøytrum er spesielt, men Aasen oppgjev nemninga «eit Gjegne». Gjegnalund er namnet på ein liten gard eller plass i nærleiken, som ligg ved sjøen like ved Yksneelvane Kraftstasjon.

Tydinga av namnet er noko usikker

Ola Stemshaug meiner at førsteleddet her kanskje er genitiv av eit bortkome elvenamn *Gegn.
«-lund» tyder lund, liten skog. Men det er slett ikkje sikkert at elva *Gegn fanst. «Gegn» er nok den norrøne preposisjonen «igeng, igengum» = imot, rett overfor, jamfør tysk «gegen». Men Ross skriv at ordet «gjegning f» = «noget at rette sig efter. Merkepunkt». Dette samsvarar med Aasen si ordbok, der «Gjegne n» = «et Punkt som man har lige foran sig, som man møder eller nærmer sig til paa en Vei». Verbet «gjegna» = møde, gaae i Møde, vende sig imod». Merk at «Gjegne n» er eit nøytrumsord, som kan forklare namneforma Gjegnet.

«Fjellet som ligg imot»?

Fjellnamnet Gjegnen skulle då tyde noko slikt som «fjellet, som ligg imot». I Bokmålsordboka finn vi ordet «gjenboer og gjenbuer», som betyr «naboar som bur tvers over vegen eller tvers over gangen.»

Vidar Bergset skriv: «Truleg er det folk på nordsida av fjorden som har gjeve fjellet namn. Det er ikkje lett for hyarane å sjå fjellet». Det synest å vere ein god observasjon. Frå fjorden eller frå nordsida ser ein heile det imponerande fjellpartiet som øverst heiter Hestane eller Skjerdingane, som reiser seg høgt over fjorden. Dei namna kjem av at der er fleire hakkete fjell side om side. Skjerdingane er elles eit vanleg fjellnamn, ei avleiing av «skar(d) n», eller ei samanlikning med nynorsk «skjerding» = til å henge gryta på over elden. Blånibba ligg lenger bak. Det er rimeleg å tru at heile dette fjellmassivet, inkludert Blånibba og Skjerdingane, som frå gammalt har heitt Gjegnet eller Gjegnen. Diktaren Amund Mork kallar det Gjegnalundsbringa, men namnet er vel nylaga for å få eit rimord til «svingar» og «tvingar».

I Hyen ligg også Gjengedalen lenger sør

Namna Gjegnalunden og Gjegnalundbreen er nok nyare namn, oppkalla etter den vesle garden Gjegnalund. Kanskje er det slik: Garden fekk først namn etter fjellet: (Gjegn + lund), etterpå fekk fjellet namn etter garden. Slikt skjer. Det som er litt merkeleg, er at ein dal lenger sør i Hyen heiter Gjengedalen, uttala /jEngda:len/, namnet skulle vel ha vore skrive Gjengdalen. Sekundært fekk garden der det same namnet, Gjengedal, i Bjørgynjar Kalfskinn (ca.1350) skrive «Giægnardal». I Gamalnorsk ordbok er oppført «Gegnardalr» for Gjengdal i Gloppen. Det ser ut til at det her har skjedd ei omkasting av konsonantane -gn- > -ng-, allereide i 1563 skriv dei «Gengedall». Ei slik omkastning, metatese, skjer av og til. Det er lettare å uttale «Gjeng-» enn «Gjegn». (jfr. kjevle/kjelve, friskt/frikst). Denne dalen går rett sørover frå breplatået.

Ein kunne tru at Gjengedalen har fått namn etter Gjegnen, (eller omvendt), men Oluf Rygh meinar at det her ikkje kan vere nokon samanheng, fordi dei to stadene ligg såpass langt frå kvarandre. Det får stå som eit uløyst problem. Oluf Rygh gjettar på at førsteleddet i Gjengedal kjem av «gagn n» = hjelp, nytte. Men tolkinga er usikker. Det finst liknande namn i fylket, Gjengeskaret i Ålfoten, og i Vik i Sogn ligg Gjegnali.

Gjegnabu, X-vatnet, Y-vatnet og Z-vatnet

Same korleis dette heng saman, er fjellpartiet kring Gjegnen utruleg imponerande, der Blånibba ragar 1670 m over fjorden, med evig bre under toppen. Fjellet er eit populært turmål, og vi kan overnatte i turhytta Gjegnabu, 1200 moh. Og vatnet frå breen gjev oss elektrisk energi frå Yksneelvane Kraftstasjon. Kikkar vi på kartet, finn vi tre små vatn oppe i høgfjellet med dei merkelegaste namna i landet: X-vatnet, Y-vatnet og Z-vatnet. Det kan vel ikkje vere andre enn kraftverksbyråkratar som har sett på slike namn, etter tre ukjende faktorar. Gjegnabu ligg nær X-vatnet.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Webarkiv for stadnamn


Bergset, Vidar (2016): Vandringar i språket. Stryn. Eige forlag


Kirkeby, Per-Erik (2014): Den store norske bokmålsordboka. Oslo. Kagge forlag


Sandnes, Jørn og Stemshaug, Ola (1976): Norsk stadnamnleksikon. Oslo. Det norske samlaget                                           


Heggstad, Leiv (1963): Gamalnorsk ordbok. Oslo. Det norske samlaget


Rygh, Oluf (1919): Norske Gaardnavne, bind XII. Kristiania. Fabritius & Sønner A/S


Mork, Amund (1920/1931): Nordfjordsongen 1 og 2


Aasen, Ivar (1873-1977): Norsk Ordbog, femte Udg. Oslo. Fonna forlag


Ross, Hans (1895): Norsk Ordbog, Tillæg til «Norsk Ordbog» av Ivar Aasen. Christiania


Endeleg Gjegnen 1670 moh

PERMANENT IDENTIFIKATOR