Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Fiskeméda - nøklar til havsens grøde



Dei fleste fiskeméda (siktemerke for fiskeplass) er i dag hamna i gløymeboka. Men eingong var det mest som å hente pengar or banken om dei hadde eit godt fiskeméd for seg sjølve.

Alden sett frå Straumsfjorden. Alden brukte dei mykje til å méde seg opp etter. På lang avstand og sett rett frå vest ser Alden ut som ein framsett båt.

Alden sett frå Straumsfjorden. Alden brukte dei mykje til å méde seg opp etter. På lang avstand og sett rett frå vest ser Alden ut som ein framsett båt.

Eigar: Magne Hamre.

Datering: 2001.

Fotograf: Magne Hamre.

Méda var hemmeleg kunnskap

Eldre folk likte å fortelje om når dei låg i augarméda og fiska. Men médet dei låg i, fekk du aldri greie på. Frå gammalt var det ein løyndom ein ikkje kunngjorde. Det ville vere som å gje frå seg pengar.
Langs heile kysten ligg grunnar der det ofte står mykje fisk, og i det høvet er Solund rikeleg tilgodesett. Skulle ein komme på beste plassen, måtte ein ro til etter méd: leggje seg i skjeringspunktet mellom to sikteretningar mot kjende fjellnover og toppar. Så galdt det å fare slik åt at ingen andre løyste koden.

Lang og farefull veg til havméda

"Kom det ein båt, rodde me vekk", sa dei gamle. Fiskeplassane kunne liggje langt frå land, dei ytste og minst hemmelege kalla dei havméd, dei lenger inne berre for méd. Vestrehavet var eit slikt havméd. Det låg 5 kvartmil vest for Utvær.
Folk frå Hagefjorden rekna roinga inn under Gåsvær for lengste stykket, derfrå og heim var mest ingenting. Médet for Vestrehavet var Nordholmane inn i Ospa, og Kverhelledynja på Fiskholmen. Folk med lokalkjennskap veit at om veret tillet dei å ro dit ut, måtte dei likevel ha både klårvêr og godt syn for å ro til på méda (ro seg fram til rette plassen).

Treffande namn

Iallfall når det galdt méd lenger ute, hadde kvar gard sine eigne. Dette hadde og noko med reiseveg å gjere. Dessutan var her nakkar og skallar nok til alle. Folk frå Nord-Solund, Gåsvær og Hagefjorden fiska gjerne mot nord, på Nyeméd. Frå Strand og sørover heldt dei til på plassar som Ambaren og Blåkolla. Ytresulingane for til Synstegrunnen, Vestrehavet, Nordgrunnen og Gildeberget.
Méda kunne ha treffande namn, somme sa noko om fiskeplassen, andre kunne ymte om folket som fiska der. Når eit méd først var prøvt, vart folk verande der og granska det betre ut.

Augarsméda nesten heilage

Torske- og seiplassane lenger inne verna dei særs godt om. Augarsméda var største løyndommen. Her måtte dei andøve med ei båtlengds avvik. Vart ei augarsméd avslørt, blei det rekna som reint tap.
Jamvel om det ikkje var god tone, kunne somme spørje friskt frampå etter nye méd. Frå Utvær er fortalt at eit godt méd vart leke ut av drengen medan fiskaren var på byferd. Flaska laut fram for å lure drengen utpå. Médet heitte sidan Brennevinsmédet. Ein gammal fiskar sa han før ville misse kua av båsen, før han ville gje frå seg médet på augarsegga.

Satellittar avløyste méda

Både snøre- og linefiske føregjekk etter méd. Agn var sild og blekksprut, og krabbe som dei surra inn i ulltråd. Sulingane brukte helst nordfjordbåtar på havet, seksæringar, og på kortare utror i godvêr kanskje færing. Seglet var alltid med. Fangsten sløgde dei når dei kom til lands, vaska og salta for byferd eller sogneføring. Arbeidsøktene kunne lett verte over eit døgn.
Sjarkar fiskar nok på same felta i dag. Men elektroniske instrument styrer båten til nøyaktig posisjon og viser eventuell fisk. Den eingong så livsnødvendige kjennskapen til méda er overflødig og går or tida saman med gamlekarane.

kjelder:

Steinsund, Hans H.: Artikkel om fiskeméd i Solund. I Årbok for Sogn 1983. Sogndal 1983.
Hovda, Per: Norske fiskemed. Universitetsforlaget. Oslo 1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR