Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 03. april 2019

Sist oppdatert 29. januar 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

Hoven – Sleipner's footprint?



Fjellet Hoven i Loen har fått mykje merksemd dei siste åra. Årsaka er sjølvsagt utbygginga av gondolbana Loen Skylift, som skal ta folk frå fjorden opp til 1011 m. Det er allereide blitt ein spektakulær turistdestinasjon. Men kva tyder namnet Hoven, og kva for forteljing er knytta til det?

Hoven i Loen før Skylift.

Hoven i Loen før Skylift.

Datering: 2005

Fotograf: Kristian Solvang

Folkeetymologien

Den folkelege forklaringa, ei mytologisk segn, vil ha det til at det karakteristiske innsøkket med lysare fjell høgt oppe i Hoven (sjå kartfesting nedst i artikkelen) er oppstått fordi Sleipner, Odins hest med 8 føter, sparka hoven inn i fjellet då han reid forbi, (norr. hofsgangr = spark av hestehov). Dette finn vi att i namnet som også vart brukt på gondolprosjektet: Sleipnerhoven. Namnet skjemmer ingen, men forklaringa er nok eit resultat av livleg fantasi. Ikkje desto mindre serverer guidane på Hoven denne fantasifulle, men misvisande historia for turistane på restauranten på toppen.

Same fortelling på Island

Det kan vere nærliggande å tru at Hoven er eit samanlikningsnamn, at innsøkket liknar på hoven på ein hest (norr. hofr m). Namnet Hoven, i bestemt form, viser at ordet er maskulinum, hankjønn. Uttalen skal vere med trong /o/, i motsetning til gardsnamn på «Hov-», der det har vore heidenske gudshus. Desse namna skal uttalast med open vokal; /å/- eller /ø/-lyd. Dei som har vore på Nord-Island og sett Åsbyrgi canyon, får også høyre sagnet om denne enorme forsenkninga (3,5km x 1,1km). Sett ovanfrå liknar ho på ein hestesko, fordi hesten Sleipner sette ein av føtene sine her, blir det sagt - «Sleipner's footprint».

Fjellnamnet Hoven finst på fleire stader

I Stryn finn vi den bratte fjellsida Hoven på garden Frøholm, rett over fjorden for Loen. Og om lag 4 km oppe i dalen frå Olden sentrum ligg det bratte Hovfjellet (1481 moh). Fjellnamnet Hoven (368 m) finn vi også på Gimsøya i Lofoten, der ligg også Låghoven. Hoven finst også på Svalbard, saman med Mehoven (=Midthoven).

Det er påfallande at fjella/naturformasjonane med dette namnet har ei stupbratt fjellside. Det gjeld ikkje berre Hoven i Loen, på Frøholm og Hovfjellet i Oldedalen, men også i Lofoten og på Svalbard. Hesten Sleipner har visseleg ikkje vore her og sparka bakut, for i desse fjellsidene finn vi ikkje eit liknande innsøkk som i Loen.

«Eit hov» var noko anna - ein stad for heidensk kultus

I ordbøkene har ordet «hov» (norr. hofr eller hof) mange tydingar. Den vanlegaste er tydinga hov n = heidensk gudshus, heilag stad, som i gardsnamna Hov (80 Hov-gardar i heile landet), Hove, Hovland og Hovin. Merk at dette er eit inkjekjønnsord «eit hov», og skal som nemnt ovanfor uttalast med open vokal, /å/- eller /ø/-lyd. At dei har relasjon til heidensk kultus, ser vi av namn som Torshov og Frøyshov. Her i fylket har vi gardane Hove i Vik (2 gardar), Førde og Selje, garden Hov både i Vik og Gaular.

Fleire tydingar

Desse fjellnamna er nok ikkje knytta til slike heilage stader. Ordet «hov» kunne også bety «skjøn, meining eller måtehald», i slekt med adj. «hovleg» = høveleg, passande. Verbet «hove» kunne bety «tenke, formode» (A.Torp). I dag blir dette verbet brukt i forma «hå» eller «håtte» = hugse, minnast. Det er kanskje dette ordet vi finn i uttrykk på Sunnmøre: «e hå'kje itte», «her må me hå itte å skrive nåke glupt» = hugse, kome på.

Fjellnamnet Hov kan bety høgde eller berg

Men av mest interesse for tolking av fjellnamnet er at «hov, n» også kan bety «høgde, berg». Norrønt «hof n» = lita høgde, haug, og ofte brukt som namn på gardar som låg slik til. Hollandsk «heuvel» = haug. Det er kanskje ein variant av det meir brukte fjellnamnet Hovden. Ein «hovde» er ein framstikkande bergpynt. Men dette ordet vert uttala med open o /hå:v/, slik som gardsnamna Hove el. Hovin. Hoven vert derimot uttala med trang o /ho:ven/. Det er derfor usikkert om dei har same tyding er det skrive i Norsk Stadnamnleksikon. Fjellnamna Hoven kan kanskje bety ei stupbratt høgde, men sidan det tydelegvis er eit hankjønnsord, er det kanskje eit samanlikningsnamn. Men mange grunnord i naturnamn kan skifte kjønn.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Webarkiv for stadnamn


Sandnes Jørn og Stemshaug, Ola (1976): Norsk Stadnamnleksikon. Oslo, Det Norske Samlaget


Heggstad, Leiv (1963) Gamalnorsk ordbok. Oslo, Det norske Samlaget


Aasen, Ivar (1873-1977): Norsk Ordbog, Femte Udgave. Oslo, Fonna forlag


Rygh, Oluf (1919): Norske Gaardsnavne, bind XII. Kristiania, Fabritius & Sønner A/S


Torp, Alf (1919): Nynorsk etymologisk ordbok. Kristiania, Aschehoug


Løset, Jørn Olav og Løset, Tove Kristin Nilsen (2012): Ditta he ej me haurt. Enter Forlag


NRK Sogn og FjordaneGondolbane til Hoven (lesedato 31.03.2019)


Loen Skylift (lesedato 31.03.2019)


https://da.wikipedia.org/wiki/Sleipner (lesedato 02.04.2019)

PERMANENT IDENTIFIKATOR