Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 25. april 2019

Sist oppdatert 29. januar 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

Fannaråki



er namnet på eit kjent fjell med isbre i Luster i Sogn. Det er eit populært turistmål, og på toppunktet 2068 moh har Den norske Turistforening bygt ei turisthytte – Fannaråkhytta. Her var det heilårsbemanna verstasjon fram til 1978. Fannaråki ligg vest i Jotunheimen nasjonalpark, og er relativt lett tilgjengeleg. Den mest brukte turruta går frå Turtagrø. Det er også startpunktet for motbakkeløpet «Fanaråken Opp» med 1200 m stigning.

Fannaråki om sommaren. Christergundersen [CC BY-SA 4.0 (https://creativecommons.org/licenses/by-sa/4.0)]

Fannaråki om sommaren. Christergundersen [CC BY-SA 4.0 (https://creativecommons.org/licenses/by-sa/4.0)]

Datering: 20.08.2016

Fotograf: Christer Gundersen

Fjellnamnet vert skrive på fleire måtar: Fannaråki, Fanaråken eller Fannaråken. Uttalen i Luster er /fanaraoki/ med trykk på fyrste staving (sjå kartfesting nedst i artikkelen). Det vert også kalla Fannaråktinden, som Jørn Sandnes trur kan vere det opphavlege namnet på fjellet. Jamvel diktaren Henrik Wergeland nemner dette fjellet i diktet «Spaniolen» i 1833. Han fekk ideen til diktet under ei reise til Vestlandet sommaren 1832, der han fekk høyre at ein sydlending hadde frose i hel ved breen under det kan kallar Fannarauktind. Der skildrar han ein spansk fridomkjempar som forvillar seg til Norge, der han døyr av kulde under dette fjellet. På ein vegkross står åtvaringa:

Skynd dig! Skynd dig! Fly som en hind!
Se hvor det griner bag Fannarauktind!

Ei «råk» har fleire tydingar, men også særtydinga «fjellbrun, fjellrygg»
Om vi først ser på sisteleddet «-råk», er det rimeleg å tolke dette som eit hokjønnsord, sidan den lokale uttalen er /'raoki/ med i-ending. «Råki» er i dialekten i Indre Sogn bunden form av «ei råk». Ordet har fleire tydingar, men er i dag mest brukt i tydinga «rås, krøtterrås», «råk, open renne i isen» og «stripe, fure i berget». Fanaråsa i Fjaler er ein sti for dyra, og i Askvoll finn vi namnet Fanaråka, som er ein krøtterveg i tørt terreng. Vi kjem tilbake til det siste namnet nedanfor. Men Øystein Frøysadal skriv i ein artikkel i boka «Namn i fjellet» om fjellnamn at «råk» er

«meint å ha særtydinga fjellbrun, fjellrygg, fjellrand, som det shetlandske «rog», langvoren rygg. To lange bergryggar på Shetland heiter de Rogs og kan samanliknast med Råki, utt. /'raoki/, ein brei rygg mellom Bø og Rikjem i Lærdal».

Fannaråki er ikkje noko spisst fjell, som mange av toppane i Jotunheimen, men langstrakt. Jørn Sandnes meinar at ordet «råk» kan tolkast som «fjellbrun».

Namnet kan vere ei samanlikning med «rauk» = stakk

Men at fjellnamnet på 1800-talet vert skrive med etterleddet «rauk», opnar for ei alternativ tolking.
Eg er ukjent med om det finst tidlege belegg for forma Fannarauktind, som Wergeland brukar i diktet ovanfor, men namnet må tydelegvis ha vore i bruk. «Ein rauk» er namnet på ein liten stakk av korn eller torv. Tidlegare «sette dei kornet i rauk», på islandsk hadde dei «torf-hraukr». Kanskje kan *Fannarauken vere eit samanlikningsnamn. Men dette er usikkert.

Fannaråki kan tyde «Fonnbruna»

Førsteleddet er «fannar», gen.eint. av «fonn f». Førsteledd står ofte i genitiv. Det går nok fonner frå dette fjellet. Tolkinga av Fannaråki kan då bli «Fonnbruna». Vi finn det same føreleddet i gardsnamnet Fannemel i Hornindal. Truleg kjem ikkje det siste namnet av snøfonner, men det blir også brukt om jordskred. Jacob Aaland skriv at det på garden er store sandmeler som ser ut som snøfonner.

Fanaråka i Askvoll – her tyder «fana-» = fenad, fe

Eg nemnde ovanfor krøttervegen Fanaråka i Askvoll. Der går det ingen fonner, verken snøras eller jordras. Her gøymer seg eit avgløymt ord «fana n» = fe, kveg. Det er ei samandraging av «fenad», som oftast brukt om ungbeist og kalvar. Langs Fanaråka i Askvoll gjekk altså ungbeista. Den same tolkinga har Fanaskora i Flora, Fanavegen i Askvoll, Fanaberget i Vågsøy og Fananeset i Bremanger. I Flora brukte dei den vesle øya Fanøya til beite for ungfe og kalvar. Ungfanabrua i Naustdal var for krøttera. I Høyanger finst det 12 namn med «fenad», bl.a. Fenadskora.

Namnebroren, dampskipet D/S Fanaraaken

Fjellet i Indre Sogn fekk i 1937 den store æra å få ein namnebror i dampskipet D/S Fanaraaken, eit populært dampskip som tilhøyrde Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Det gjekk i rute mellom Bergen, Nordfjord og Sogn fram til 1972. Dette populære dampskipet har fått sin eigen song, der refrenget lyser slik:

Gamle, gode Fanaråken,
bilde av deg heng på kåken.
Du var bindeledd for by og bygd.
Du var ikkje stolt og stor,
slitar er det rette ord.
Bysseguten din har no fått trygd

Skipet vart selt til utlandet og er no opphogge. D/S Fanaraaken var det siste dampskipet til Fylkesbaatene. Men fjellet Fannaråken står like trygt og sikkert som før.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Webarkiv for stadnamn


Sandnes, Jørn og Stemshaug, Ola (1976): Norsk Stadnamnleksikon. Oslo, Det norske Samlaget


Frøysadal, Øystein: Fjellnamn i Hordaland og Sogn og Fjordane (artikkel i Sandnes, Jørn og Tylden, Per: (1968) Namn i fjellet, s.70. Oslo, Det norske Samlaget


Rygh, Oluf: (1919) Norske Gaardsnavne, (NG) bind XII, Kristiania, W.C.Fabritius & Sønner A/S


Torp, Alf (1919): Nynorsk etymologisk ordbok. Kristiania, Aschehoug


Aasen, Ivar (1873-1977): Norsk Ordbog, Femte Udgave. Oslo, Fonna forlag


Wergeland, Henrik (1833): Spaniolen. Et Digt. Kristiania, Steenske Forlag

PERMANENT IDENTIFIKATOR