Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 29. august 2019

Sist oppdatert 29. august 2019

Kategori

Rå-data

Kvite fjelltoppar får ofte samanlikningsnamn



Det finst over 50 fjell i fylket vårt med namnet Kvitefjellet. Men slike kvite fjell har av og til fått eit meir fantasifullt namn, eit samanlikningsnamn. Eit samanlikningsnamn går som regel på forma, korleis dei ser ut, kva dei liknar på. Men fargen er også viktig. Om vinteren er alle fjell kvite, men når sommaren kjem, og fjelltoppen framleis lyser kvitt av snø og brear, kan fjellet få namn som Skjorta, Bleia, Bjægja, Kåpa eller Duken. Tradisjonelt var desse plagga oftast kvite eller lyse på let. Desse fjella er ganske høge og har ofte evig is like ved toppen, som regel på nordaust-sida. I eit vestlandsk landskap er sørvesten den dominerande vindretninga, nordaust-sida av fjella er le-sida og skuggesida. Der la snøen og breane seg om vinteren.

Fjellet Skjorta

Fjellet Skjorta

Datering: 2008

Fotograf: Arne Myklebust

Skjorta

Det høge fjellet Skjorta sør for Breimsvatnet (mellom Gloppen og Jølster) har nok fått namnet fordi snøen eller breen ligg lenge utover sommaren. Ei skjorte kan nok ha mange fargar, men tradisjonelt var skjortefargen kvit eller lys. På norrønt heitte det «skyrta, f», ho var laga av lerret, og skulle henge utanpå broka! Namnet vart nok valt fordi fjellet Skjorta som oftast er kvit på toppen, for forma liknar ikkje på ei skjorte. Namnet Skjorta finn vi og i Nesdal i Loen (Stryn), men det er namnet på eit snøskred. Det må nok vise til anten forma eller fargen. Snøskreda, fonnene, deler seg ofte opp på veg nedover. Då kan dei få former som liknar på klesplagg. Det er vel ikkje tilfeldig at ei fonn like ved Skjorta i Nesdal heiter Broka. Skjorta kan også vere fossenamn. I verket «Norske elvenamn» kommenterer Per Hovda namnet Skjortelva i Bygstad. «Det er ei elv som går kvit når snøen brånar om våren. Det er truleg den kvite fossen i elva som ligg til grunn for bruken av ordet «skjorta». Og eit bølgjebrot, eit fall, sørvest for Solund, har også fått namnet Skjorta «på grunn av det flagrande, kvite brotet.»

Blægja, Blæja, Bleia

Her finn vi det same ordet som norrønt «blæja, f» = blæje, duk, åklede. Det kunne og bety laken eller linklede. På moderne norsk har dette blitt til «bleie, f» eller «bløye», og blir berre brukt i den avgrensa tydinga «klut rundt baken på små barn». Men dei er iallfall kvite – ei stund.
Ifølgje Store norske leksikon kan dette «sikte til snaue, hvite flater eller snødekke, brukes mest om høye, snødekte fjell på Vestlandet.». Dette fjellnamnet finst fleire plassar, men skrivemåten varierer mellom Blægja, Blegja og Bleia. I Møre og Romsdal brukar dei forma Blæja om fjell i Vanylven og Hjørungfjorden. I Lærdal har dei jamvel 2 fjell med namnet Bleia. Bleia ved Sognefjorden er 1717 m høg og er ein del av Bleia naturreservat. Bleia ved Borlaug på Filefjell er endå høgare, 1821 m. I Aurland finn vi Bleienuten.

Sunnfjordingar forbind nok namnet Blægja med fjellet på 1304 m, som ligg på grensa mellom Askvoll og Gaular. Det er høgast punktet på det langstrakte Heilefjellet. Ei omtale lyder slik: «Fjellet ligg som ein kvit duk mesteparten av året». Det er eit hyppig og populært mål for turlaga i fylket vårt. I Ullensvang i Hardanger seier dei at Blæjefossen lyser kvit på lang lei. Elva heiter Blæjo.

Kåpa

Fjell med isbre eller snøfonn kan og bli kalla Kåpa eller Duken. I Indre Nordfjord ligg Lodalskåpa og Strynekåpa. Lodalskåpa er det nest høgaste fjellet i Breheimen med sine 2083 m og ligg på grensa mellom Stryn og Luster. Den er forma som ein nunatak på Jostedalsbreen – stikk opp som ein hatt. Enkelte omtalar ho med eit endå finare namn: Vestlandsdronninga. Lengst inne i Erdalen i Oppstryn ligg det pyramideforma fjellet Strynekåpa (1530 m) og viser vegen opp til og over Jostedalsbreen mot Jostedalen. Dette er den eldgamle ferdselsvegen for folk og fe (fedrifter) over breen frå Nordfjord til Indre Sogn.

Glitregga

Dette fjellet ligg i Nordfjord, og er det høgaste (1297 m) i Eid kommune. Det er grensefjell mellom Stryn og Eid. Føreleddet er verbet «glitre», norrønt «glitra» = skine sterkt, glinse, glime. Eller kanskje det tilsvarande substantivet «glitter», det same ordet som i fjellnamnet Glittertinden og fleire elvar med namnet Glitra. Det som glinsar og glitrar, er ofte snøflater eller vatn. Snøen ligg lenge på dette fjellet, særleg på nordsida.

Duken

Duken kan også vere kvit, iallfall ein altarduk. Huldaduken (= Huldreduken) i Lærdal er namn på kvite striper i fjellet, den same forklaringa har Kvedukane i Flora. Om Dukengjelet i Balestrand står at «det lyste kvitt og slett når det hadde gått skrede.» Både i Jølster og Fjaler finn vi Duken som namn på sva som er slette og lyse på farge. Dukegga er eit fjell i Bremanger.
Men når namnet Duken eller Dukane blir brukt som namn på heile 15 innmarksteigar – på eng, åkrar og slåttemarker – har det nok ei anna forklaring. Det ser ut til å vere namn på flate teigar.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.Webarkiv for stadnamn


Hovda, Per (1966): Norske elvenamn. Oslo-Bergen. Universitetsforlaget


Heggstad, Leiv (1963): Gamalnorsk ordbok, Oslo. Det norske Samlaget


Nynorskordboka (1986): Oslo. Det norske Samlaget


Sandnes, Jørn og Stemshaug, Ola (1976): Norsk stadnamnleksikon. Oslo. Det norske Samlaget


Aasen, Ivar (1873/1977): Norsk Ordbog, femte Udg. Oslo. Fonna forlag

PERMANENT IDENTIFIKATOR