Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 05. august 2019

Sist oppdatert 30. januar 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

Historia om Helje Bagge, fut og drapsmann



På garden Heggdal i Innvik i Stryn har det i tre hundre år butt ei ætt, Bagge-ætta. Det lever enno mange segner om denne ætta, som skal ha vore ei adelsætt. Ikkje mindre enn 4 menn på Heggdal har vore lensmenn. Mannen, som dei slektar frå, heitte Helje Bagge. Han skal ha vore fut i Nordfjord tidleg på 1500-talet, truleg kring 1515. Tidlegare hadde han kanskje tent hos herrane i Rosendal. Historikaren Jacob Aaland seier at han kan hende var son til Henrik Bagge, lensmann på Bergenhus. Men mykje er usikkert. Sikkert er det at mannen budde på Heggdal og vart drapsmann og fredlaus.

Tingbordet på Heggdal

Tingbordet på Heggdal

Datering: 2014

Fotograf: Kristian Solvang

Drapet på Heggdal

Segna som fortel om dette drapet, er noko tvetydig. Jacob Aaland skriv i Bygdesoga: «Sume segjer futen heidte Helje Bagge, andre segjer draapsmannen heidte Helje Bagge». Namnet Helje er ein lokal variant av Helge, eigentleg ei uttaleform. Slik soga vert fortalt i dag, reknar dei Helje Bagge som drapsmannen, og at det var den nye futen, som overtok etter han, som vart drepen. Som futar flest var han svært mislikt, fordi han kravde inn meir skatt enn som rett var. Bøndene vart til slutt svært opprørte, og under eit møte på Heggdal klemde dei futen til døde mellom tingbordet og veggen i tingstova. Dette tingbordet var eit tjukt og tungt steinbord. Garden Heggdal var på den tid tingstad for Stryn Skipreide.

Det er interessant at steinbordet har blitt teke vare på fram til i dag. På 1970-talet fekk eigarane av garden plassert den tunge steinhella på ein fot, slik at ho no er hagebord i Heggdalstunet. Fram til nyleg låg bordet som ei klopp over ei grov i tunet.

Helje Bagge vert lyst fredlaus

Det vert sagt at Helje Bagge var hovudmannen for drapet. Han skulle ha vore ein kjempekar og uvanleg sterk. Det lever framleis mange segner om han. Han var gift med Steinvor Hopland. Han vart etter dette drapet dømd fredlaus, og alle som ville, kunne no drepe han. Han måtte rømme, oppheldt seg nok på fleire stader, men truleg den lengste tida i det bratte og utilgjengelege Ulvedalsfjellet på andre sida av Nordfjorden. Kvar han budde i fjellet, veit vi ikkje sikkert. Folka hans - og kona - visste nok kvar han gøymde seg, og sytte for at han fekk mat. Dei rodde over fjorden og la mat, og sikkert også klede og anna utstyr, på avtalte stader. Dei måtte nok gjere det i «nattens mulm og mørke». Slik heldt han ut som fredlaus i 3 år.

Baggehola vert funnen

Truleg er ei hole, der han budde, funnen. Han hadde kanskje fleire gøymestader. I 1915 måtte nokre karar på saueleiting. Peder Sætre og Jacob Gald klatra ned i ei skor og henta opp nokre sauer som hadde gått seg i skorfeste. Då oppdaga dei ei berghole der det sikkert hadde budd folk. Opningane i hola var attmura med stein, og det synte merke etter ein eldstad. Taket i hola var svart av sot. Eit par dyrebein var der og. Hola ligg luftig til nesten oppå kanten av det djupe og store Ulvegjølet. Denne hola trur ein må ha vore bustaden til Helje Bagge, og ho vart kalla Baggehola (sjå kartfesting nedst i artikkelen). Elvegjølet er bratt og knapt nok gåande, men det var fullt mogleg for den fredlause å hente mat og klede ved sjøen utan å bli sett av andre. Vatn var det nok av i elva Ulva.

Drapet på munken i Selje – Helje vert fri mann igjen

Segna seier vidare at Helje skulle få tilbake fridomen sin på eitt vilkår: han måtte drepe ein munk og illgjerningsmann ved Selje kloster. Han tok med seg sønene sine og rodde ut i Selja, men måtte kjempe mot munken åleine. Han avtala med sønene sine at dei skulle liggje ute på sjøen og sjå på kampen. Men dersom Helje ikkje greidde seg, måtte dei kome til hjelp. Det vart ein lang og hard kamp, men etter at mannen frå Heggdal greidde å hogge munken i eine foten, vart kampen avgjort, og munken drepen. No var Helje igjen ein fri mann, og fekk kome heim att til Heggdal. Så seier soga.

Baggehola er i dag ein del av Kulturløypa på Ulvedal, og er lett tilgjengeleg frå bilvegen. Det er bygt trapper, rekkverk og stigar, som gjer det mogeleg for alle å sjå hola og den ville naturen rundt. Ein informasjonsplakat fortel historia om Helje Bagge.

Historia på teaterscena

Dag Vanberg i Innvik skreiv i 1989 og nokre år seinare eit skodespel i 2 versjonar, som byggjer på segner som er fortalt om Helje Bagge. Titlane er «Futedrapet» og «Fredlaus». Spela er i 3 akter. Innvik Ungdomslag framførte spelet i februar same året. Det er seinare framført fleire stader i Nordfjord og i Sogn og Fjordane-laget i Oslo. Historia er også med i musikalen «Årringar» av Torstein Tvinnereim og Jon Are Steen, som har blitt spela på naturscena i Sagedammen på Ulvedal.

 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.Webarkiv for stadnamn


Aaland, Jacob (1932): Bygdesoga Innvik-Stryn I-II. Utgjeven av ei nemnd


Vanberg, Dag (1978): Segner frå Innvik. Uprenta semesteroppgåve. Høgskulen i Volda


Allkunne : Helje Bagge (lesetidspunkt 19.06.2019)


Drapsmannen Helje Bagge (lesetidspunkt 19.06.2019)

PERMANENT IDENTIFIKATOR