Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 05. august 2019

Sist oppdatert 30. januar 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

Stadnamn på Lote frå «eksistida» - og litt til



Lote er ei grend som ligg på nordsida av Nordfjord. Ferjeleiet Lote-Anda ligg her, der E39 kryssar Nordfjorden. Fram til 1992 høyrde Lote til Gloppen kommune, men høyrer no til Eid. Det mange ikkje veit i dag, er at Lote var ein sentral stad for militæret på 1600-talet. Anders A Lothe skriv i boka «Soga um Lothe i Nordfjord» at det var eksersisplass her i tida 1628-1712. På Lote finst det stadnamn som truleg har sin bakgrunn i denne militære aktiviteten. Det kan det vere interessant å finne ut av.

Lote i Eid kommune

Lote i Eid kommune

Datering: 2008

Fotograf: Arne Myklebust

Nokre av stadnamna i denne bygda har truleg sitt opphav i militær aktivitet i Nordfjord kompani. I så tilfelle er det noko nytt, for det er vanleg å påstå at all militær aktivitet ved Nordfjord kompani gjekk føre seg på eksersisplassen Malakoff på Nordfjordeid. I 1628 vart den norske hærmakta nyordna. Kvart geografisk område – kalla «legd» - skulle no mønstre soldatar alt etter storleiken. I «Soga um Lothe i Nordfjord» kjem det ikkje fram kva for kjelder som er brukte. Vi har heller ikkje sikkert kjeldegrunnlag i nyare tekstar om eksersisplassen på Nordfjordeid. Ein stad står start i 1649, ein annan stad i 1628.

Kanskje kan det ha vore ein eksersisplass på Lote dei første åra etter 1628, eller også i begge bygdene. Det er vel ikkje utenkjeleg, for Lote var i denne tida ein sentral plass i Nordfjord, der det bl.a. vart halde fylkesting (sjå kartfesting nedst i artikkelen). Vi skulle gjerne vite kva for kjelder Lothe byggjer på. Men nokre stadnamn i denne bygda kan tyde på at der har vore militær aktivitet.

Belive = Bellevue – Korleis kunne det kome eit fransk stadnamn på Lote?

På Lote ligg det ei lita flate kalla Belive. Flata er så stor at det stod ei hes der, Belivhesa. Dette namnet meiner Anders A Lothe er ei lokal utgåve av det franske namnet Bellevue. Det skal uttalast /belle'vy:/, med trykk på 3.staving, men på Lote har det blitt til /be'li:ve/. Men tydinga er den same: «vakkert utsyn, fin utsikt».

Bellevue er vanlegvis eit namn knytt til byar som Oslo, Bergen og Kristiansand, namn på restaurantar, lystslott, herskapshus og knytt til finkultur. Dette «lotske» innslaget av finkultur kom av at det på 1600-talet budde mange offiserar og høgfine embetsmenn på Lote. Øvrebøen på Lote var nemleg eksisplass. Det var på Lote gutane hadde hærøvingar og vart utskrivne til soldatar i Nordfjord kompani. Denne eksisen gjekk føre seg på Øvrebøen/Øvrebøflata. Første utskriving av soldatar gjekk føre seg på fylkestinget på Lote i 1627.

Belivet ligg eit stykke ovanfor Øvrebøflata, og dette var nok samlingsstaden for offiserane. Det var nok eit slag kulturelt paradis for dei her ute på tjukke bondelandet. Det var truleg dei som sette på namnet Bellevue, for lotsarane kunne nok neppe fransk. Grunneigarane meiner at Belive ligg på ein liten knaus like ved Øvrebøflata.

Giljevollen

er namn på ei flate like ved det gamle Lotstunet. Uttalen er /jilje'vOLen/. Den var planert flatt som eit stovegolv med ein oppmura kant eller reine nedanfor. I boka «Soga um Lothe» blir det sagt at dette var ein «leikarvoll», der Lots-ungdommen samlast til leik i helgane sommarsdag, haust og vår. «Her gjekk leiken med liv og lyst når Nordfjord-gutane måtte vera kongens karar og ha munduren på».

Verbet «å gilje» er mykje brukt i norske folkeviser, og tyder «å lokke, forføre, leike», i svensk dialekt «forføre til utukt», og det kan vel høve bra med namnet på ein danseplass. I så fall må namnet vere svært gammalt, helst eldre enn «eksistida». Men eg veit og at ordet «gilje» har vore brukt når dei dansa folkeviseleik i ungdomslaga nesten fram til vår tid. Er Giljevollen eit nyare namn, kan det vere eit nasjonalromantisk namn, henta frå folkevisene. Men den vanlege tydinga av ordet er norrønt «gil n» = gjel, gjøl, kløft. Gardsnamna Gilje (Gjesdal) og Gilja (Bømlo) har denne tydinga. Førsteleddet i Giljevollen kan vere eit gjøl i nærleiken. Men opphavet til namnet er nok knytt til dansen.

Vaffenbakken

ligg i køyrevegen ovanfor Lotstunet. Her var våpenlageret til Nordfjord kompani – det første våpendepotet i Nordfjord. Anders A Lothe meiner at det kjem av det tyske ordet «Waffe» = våpen. Det er nok ei nærliggande tolking, men sikker kan ein ikkje vere. Vaffenbakken ligg langt oppe, i ca. 175 m høgde. «Når dei la depotet så langt ovanfor Lotstunet, kom det vel av at dei hadde krutlageret der og. Dessutan var der utsynt og ein god lyarstad, og der var det lett å verja våpendepotet om det skulle trengjast.»

Kron

Eit anna namn som «heng att» etter denne eksersistida, er Kron. Det var namnet på ein liten varde som stod på høgste pynten på Skjeret like ved der ferjekaia er no. Men då denne kaia vart bygt, har ein eller annan fjerna den. «Namnet Kron er ubøygt. Det er dansk og hadde vel med det danske styringsverket å gjera, sameleis som t.d. Kronborg ved Øresund… Når Kron vart sett der, kvifor han vart sett der, kven som sette honom der, og kva han fortel, veit ingen».(Anders A. Lothe). Det var nok kanskje eit seglingsmerke, som er sjeldne så langt inne i fjorden. Den store aktiviteten på Lote førte med seg at mange ukjende og langframande folk kom sjøvegen til denne bygda. Her var det herberge, ferdselsveg over fjellet til Nordfjordeid, og her vart fylkestinget halde. Etter at dette tok slutt, stod varden Kron att og minte om eldre tider. Det er synd at eit slikt kulturminne vart fjerna.

Synnøvestigen

Namnet knyter seg til ei hending på Ytre Lotsberg. Historia er fortalt av Jan Ove Lotsberg etter Johanne Lotsberg i 1985. Synnøve budde på ein plass nesten nede ved sjøen, Synnøvehagen. Mannen hennar tok seg arbeid rundt på gardane. Men han var og svært interessert i jenter. Kona visste om det, og var svært sjalu. «Ein dag var mannen ute på Lote og arbeidde hos Hansane. Synnøve ville då ut for å sjå om han gjorde det han skulle, eller om han dreiv og tulla med kvinnfolka. På vegen måtte ho forbi nokre glatte svad. Det gjekk ikkje betre enn at ho glei, og for siglande rett på sjøen. Der ligg det ein stor stein. Den steinen har vorte heitande Synnøvesteinen, og staden der ho datt, Synnøvestigen.»

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.Webarkiv for stadnamn


Munnleg informasjon frå Ellen Marie Lote, f. 1980


Aasen, Ivar (1873/1977): Norsk Ordbog, femte Udg. Oslo, Fonna forlag


Lothe, Anders A (1958): Soga um Lothe i Nordfjord. Oslo, Deichman forlag


Sandal, Per (1992): Soga om Gloppen og Breim, Band 4. Utgjevar: Sparebanken Sogn og Fjordane, Sandane. 


Munnleg informasjon frå Jan Ove Lotsberg, etter Johanne Lotsberg. 1985.

PERMANENT IDENTIFIKATOR