Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Rasteplassen på Vatnasete i Sogndalsdalen



I 1994 vart siste delen i tverrsambandet mellom Sogn og Sunnfjord via Fjærland opna. To år seinare var rasteplassen på Vatnasete i Sogndalsdalen ferdig. Denne rasteplassen fekk seinare status som verneverdig av di den representerer ein moderne rasteplass som gir bilistane meir enn berre ein stad å køyra tilsides og strekkja føtene.

Vatnasete er bygd med høg kvalitet i materialar og detaljutforming. Rasteplassen er bygd i naturstein medan området elles er grasdekt. Plassen er bygd opp med terrasser, faste bord og benker og toalettbygg.

Vatnasete er bygd med høg kvalitet i materialar og detaljutforming. Rasteplassen er bygd i naturstein medan området elles er grasdekt. Plassen er bygd opp med terrasser, faste bord og benker og toalettbygg.

Eigar: Statens vegvesen Region Vest.

Datering: 1996.

Fotograf: Astri Taklo.

Nye krav til rasteplassane

På 1970-talet auka ferieaktiviteten og stadig fleire køyrde bil. Dette fekk konsekvensar for korleis ein såg på raste- og servicetilboda langs vegane. Ein rapport frå 1990-talet viste at Sogn og Fjordane var mellom dei verste når det galdt rasteplassar. Dei første rasteplassane i landet var berre enkle bord og benker sett opp ved svingar eller andre meir eller mindre eigna stader. Etter kvart kom det strengare krav til sikkerheit, omgivnad og møblering. Rasteplassane skulle gje natur- og kulturhistorisk informasjon og gje høve til rikare "oppleving". I 1990 laga Vegvesenet ein plan for for raste- og serviceplassar i fylket. Planen omfattar 125 plassar, og av desse er 35 hovudrasteplassar.

Vatnasete rasteplass

25. juni 1996 opna rasteplassen på Vatnasete ved riksveg 5 i Sogndalsdalen. Plassen er eit resultat av samarbeid mellom Statens vegvesen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Norsk Bremuseum. Eit utgangspunkt var at rasteplassane skulle gje reisande kunnskapar, og slik auka utbyttet av turen. Langs vegen mellom Sogndal og Skei er det bygd fem rasteplassar med informasjon om historie, bre, fjord, kultur, terreng og fugleliv.

Eit geologisk landskap

Om vegen mellom Sogndal-Fjærland-Skei heiter det at at strekninga byr på ei kunnskapsreise gjennom "eit ungt landskap på gammal fjellgrunn." Landskapet langs Fjærlandsvegen er i hovudsak forma under og etter siste istid (70 000 - 15 000 f. Kr.). Det var difor naturleg å knytta rasteplassen på Vatnasete opp mot denne tidsepoken.

Tidsaksen fortel historia

Plassen er bygd opp omkring ein 46 m lang tidsakse som symboliserer perioden frå siste istid i Sogndalsdalen. Tidsaksen er delt i felt som viser ulike tidsavsnitt. Felta har teikningar som viser når vi fekk plantevekst, når dei første dyra kom, når menneska kom, og den vidare utviklinga. Tidsaksen er supplert med ei informasjonstavle som gir meir utfyllande opplysningar.

Rasteplassen fekk vernestatus

I vegvesenet sin Verneplan frå 2002 kan ein lesa at Vatnasete rasteplass vart valt ut som ein moderne rasteplass med mange element for å vekkja merksemda til bilistane og gleda dei. Rasteplassen med tidsaksen er eit døme på kunst i veganlegg som er positivt motteke. At vegvesenet nyttar kunstuttrykk langs vegane, er eitt av fleire døme på korleis etaten freistar å gi folk høve til "oppleving" ved hjelp av utradisjonelle hjelpemiddel. Årsaka til at Vatnasete fekk plass på verneplanen var å sikra at rasteplassen skal verta teken vare på med hovudelement og detaljar, heiter det i verneutvalet sine kommentarar.

Miljø og service

Dei to omgrepa miljø og service vart frå 1990-talet og utover, viktige retningsliner for korleis både rasteplassar, tettstader og ferjekaier skulle framstå. Det skal medverka til å knyta vegen og reisa i fylket til næringsliv og turisme, og gje større utbytte av turen. Miljø og estetikk kom frå 1980-åra sterkt inn i vegbygginga. Skipinga av Vakre vegers pris er eit døme på ei annleis tenking når det gjeld vegen og miljøet rundt den.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

St. meld. nr. 61 (1991-1992).
Husum, Dagrunn: Opning av geo-rasteplass på Vatnasete. I Vegstubben, s. 4-6, nr. 4-1996.
Vegvalg. Nasjonal verneplan. Statens vegvesen 2002.
Plan for rasteplassar og serviceanlegg. Statens vegvesen Sogn og Fjordane 2002.

PERMANENT IDENTIFIKATOR