Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 10. desember 2019

Sist oppdatert 10. desember 2019

Kategori

Rå-data

Gulen og andre stadnamn med Gul-



Stadnamnet Gulen, som også er namn på kommunen på sørsida av Sognefjorden, kjem av det gamle fjordnamnet Guli, no Gulafjorden. Etter Gulen har Gulatinget namn. Fjorden deler seg etter kvart i 3 fjordar: Nordgulfjorden, Austgulfjorden og Eidsfjorden. Det same gjer Gulefjorden i Bremanger, som deler seg i Nordgulen, Midtgulen og Sørgulen. Lenger nord i Bremanger ligg den tronge fjorden Leirgulen. Alle desse er fjordnamn, men føreleddet «Gul(e)-» finst og i hundrevis av andre stadnamn, i namn på skjer og holmar, teigar, haugar og fjell. Fjellet Gulkoppen ligg på grensa mellom Stryn og Hornindal. Det viser seg at føreleddet «Gul-» har fleire tydingar.

Gulekoppen, sett frå Maurhaug i Markane, Stryn kommune.

Gulekoppen, sett frå Maurhaug i Markane, Stryn kommune.

Datering: 2018

Fotograf: Arne Myklebust

I mange stadnamn viser gul til fargen

Den enklaste forklaringa er at «gul-» viser til fargen. Det finst bl.a. 25 skjer langs kysten i fylket vårt med namnet Guleskjeret, ca. 20 nakkar heiter Gulenakken. Dei har fått namnet av di dei er kledde med gul mose eller gult lav. Guleklanten i Solund er eit slikt berg med gul mose. Det same gjeld Guleklubben i Askvoll, og Guleberget på øya Begla i Solund. Gullbergane i Høyanger er namn på eit bratt, brunleg fjellparti. Gullberget i Luster heiter ein hammar med mykje svovelkis, som glinsar i sollyset. I Gulehelleren i Luster finst det gulaktig stein. Gullknappane i Luster har fått namn etter ein plante, gullknapp. I Gullvegen i Balestrand skal der visst vere mykje gul sand. Derimot i Selje er Guleknausen gul av måseskit. Det er altså mykje som kan vere gult.

Gul- og Gull-

Adjektivet «gul» kan lett bli forveksla med edelmetallet «gull». Difor vekslar mange stadnamn i både skrift og uttale mellom Gul- og Gull-, slik som fjellnamnet Gulkoppen i Stryn/Hornindal. Det vert uttala både Gullkoppen og Gul(e)koppen. Tydinga av dette namnet er usikkert. Kan det vere fargen, at fjellet lyser gult i solnedgangen? Kva med vindtilhøva - «gul/gol f» = solgangsvind? Det er heller ikkje typisk med gjøl og kløfter der. (Sjå tolking av Gulen nedanfor.) Det finst nok ikkje gull der heller. Etterleddet «-koppen» er nok ei samanlikning, i naturen brukt som nemning for både konkave og konvekse lokalitetar. Gulkoppen er ein runda topp. Same namnet finn vi på ei fjellkupe i Fosdalen i Stryn.

I Sogndal ligg Gullberget ved garden Orrestad. Her er det nok det edle metallet som er opphavet til namnet. Kring år 1900 vart det her teke ut prøver, der dei søkte etter gull. Funn er ikkje stadfesta. Kråkegull finst det derimot rikeleg av i mange bygder, ikkje så ofte i stadnamn, men i Hornindal finn vi Kråkegullskreda.

Gull- som rosande namn

Ein husmannsplass i Bremanger, Gullhola, er sagt å ha vore ein god plass. Nokre slåtteteigar i Vik heiter Gullteigane, og i Jølster er Gullstova ein 1 mål stor åker. I Balestrand heiter ein nedlagd fjellstøl Gulleplet, den er kanskje oppkalla etter ein fjellknaus i nærleiken, som ser ut som eit eple. I Stryn har ein tidlegare åker namnet Gullveven, (ukjent bakgrunn), og ein sti frå Gamlesetra til Kvanngytta i Bødalen i Loen heiter Gullbrauta. Utan at namngjevinga er forklart på desse namna, ser det ut til at «Gull-» har rosande innhald. Men føreleddet i Gullbrauta kan kome av eit svært gammalt ord, «*geul-», for «gjel». Øvste toppen på fjellet Hovden i Luster har fått namnet Gullhatt.

Gull- knytta til gammal segn

Det er ei segn knytta til Gullkista/Gullkistehilleren på garden Ulvedal i Stryn. Det er namnet på ei smal, utilgjengeleg skor i ein hengebratt fjellvegg. Segna vil ha det til at det står ein skatt her, ei gullkiste eller ein pengekjele. Den skal vere sett opp i skora frå masta på eit seglskip. Ingen har greidd å klatre opp eller ned i skora, så Gullkista får halde på løyndomen sin. Eg kjenner ikkje til at det knyter seg ei segn til Gullkistene i Luster. Det er namn på 2 steinar.

Gulen - namn for tronge fjordar, eller kanskje for «havgula»

Som nemnt i innleiinga til denne artikkelen, er det fleire små og tronge fjordar i kommunane Gulen og Bremanger som heiter -gulen. Namna har vore tolka på ulike vis. Oluf Rygh og fleire andre har tolka namnet Gulen som avleidd av norrønt «gul n» eller «gula f», nynorsk «gul/gol» = sterk vind. Ivar Aasen skriv: «Havgula/Havgul f» = Vind fra havet; især om den jævne Vind som blæser ind ad Fjordene om Eftermiddagen i varmt Veir. Brugl. Vest og nord i Landet. (Paa Sdm. Utrøna)».

Olav Nes er samd i at denne tydinga frå eit språkleg synspunkt kan vere rett, men «realt er ikkje vind-etymologien så opplagd, for alle desse fjordane er dekte av øyar utanfor.» Han meiner altså at saklege tilhøve ikkje tyder på at desse fjordane er spesielt utsette for vind. Ein kan undre seg over at «Gul-» ikkje finst i namn på vindfulle stader andre plassar i landet. Hans alternative tolkingsframlegg er at det er det germanske rotordet «*geul-» vi finn her. Det kan truleg gå tilbake på eit indoeur. verb med tydinga «gape, gjespe». I nyare norsk er dette blitt til «gil, gyl, gjel, gjøl n» = kløft, klove, trong dal. På norrønt heitte det «gil n». Også «geil f» = trong veg, har same opphav. Desse Gulen-fjordane er alle tronge, fleire stader berre ned til 1-2 km breie. Nordgulen i Bremanger er gjennomsnittleg 1,2 km brei, Midtgulen er på ein stad berre 0,5 km brei, og Sørgulen 3-400 m brei i gjennomsnitt. Olav Nes meiner å bevise at Gul-fjordane har fått namnet fordi dei er smale og tronge. På norrønt mål har nok fjordnamnet vore *Guli (nominativ = nemneform), til liks med fleire fjordar i Sogn og Fjordane: *Aldi (Olden), *Hyi (Hyen), *Gloppi (Gloppen) og *Lodi (Loen).

Elvenamna Eikgjola og Gaula

Ut frå det germanske rotordet «*geul-» har det utvikla seg mange variantar (avleiingar). Ein meinar at eitt av dei er «*gjola f» = djupt innhogg i terrenget, gjøl. Magnus Olsen såg at terrengtilhøva måtte ligge til grunn for namngjevinga, og han trudde at elvar med «-gjola» tyder «Elv, som gaar gjennem Kløfter eller Gil». I Stryn renn elva Eikgjola, der etterleddet utan tvil betyr at ho renn gjennom eit trongt gjøl. Namnet er ikkje eineståande, andre elvar i landet vårt heiter Langejolo, Tessjolo, Lauvjolo, Horjolo.

Elvenamnet Gaula i Sunnfjord, som er opphavet til kommunenamnet Gaular (som no går inn i storkommunen Sunnfjord), har til vanleg blitt sett i samband med verbet «gaule» = tute, hyle, men ein må visst langt oppetter dalen for å finne grunnlag for eit slikt innhald. Oddvar Nes har derimot tolka «gaul-» som ei avleiing av «*geul-», med ei norrøn form *Gaul < *gaulo f». Elvefaret går lange stykke gjennom djupe gjøl med bratte elvekantar. Det same gjeld for elva Gaula i Trøndelag.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Webarkiv for stadnamn


Sandnes, Jørn og Stemshaug, Ola (1976): Norsk stadnamnleksikon. Oslo. Det norske Samlaget


Tveitane, Mattias (red.) (1983): Fra ord til navn. En artikkelsamling


Nes, Oddvar (1983): Den germanske rota *geul- i ein del stadnamn. Artikkel i Tveitane, Mattias (red.) (1983): Fra ord til namn. En artikkelsamling. Bergen. Universitetsforlaget.


Hovda, Per (1966): Norske elvenamn. Oslo – Bergen. Universitetsforlaget


Aasen, Ivar (1873-1877): Norsk Ordbog, femte Udg. Oslo. Fonna forlag


Rygh, Oluf (1919): Norske Gaardnavne, bind XII. Kristiania. Fabritius & Sønner A/S


Heggstad, Leiv (1963): Gamalnorsk ordbok. Oslo. Det norske Samlaget


Veka, Olav (2016): Norsk etternamnleksikon, 2.utg. Oslo. Det norske Samlaget


Torp, Alf (1919): Nynorsk etymologisk ordbok. Kristiania. Aschehoug


Solvang, Kristian (2018): Frå Sumobrytaren til Bokkjesteinen. Stadnamn frå Stryn og heile fylket. Stryn. Eige forlag

PERMANENT IDENTIFIKATOR