Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 07. juni 2019

Sist oppdatert 07. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Gravrøysene i Sølvbergstranda



Den som tek turen vestover langs Nordfjorden ved Sølvbergsnausta, vil nær sjøen kunne finne restar av 3 gravrøyser. Det er visst litt usikkert kor gamle desse gravene er, sannsynlegvis frå bronsealderen, men kanskje litt seinare, frå yngre jernalder. Gravene har fått namn og ligg i rekke og rad vestover: Rolvsura, Flatura og Oppkasteura. Dessutan ser det ut til å finnast restar av ei grav i ei skor 20 m over Skrapekista lenger inne i Ulvedalsneset.

Flatura

Flatura

Datering: 2015

Fotograf: Kristian Solvang

Jacob Aaland skriv i «Bygdesoga Innvik-Stryn, bind 1» at dei høyrer til

«den eldste klassen av monumentale gravminne paa Vestlandet. De ble bygget overveiende under bronsealderen, men fremdeles ogsaa i de nærmeste hundre aar efter, under tidlig jernalder.» Vidare skriv han: «Selve gravkisten blev bygget av stein, og over denne blev det lagt op en betydelig steinrøis. Det er røiser av tør stein uten dekke av jord, og plassen er alltid valgt meget karakteristisk, gjerne paa bratte berg ut mot fjorden, ofte langt fra gaard og bygd.».

Det siste stemmer svært godt for gravrøysene i Sølvbergsstranda. Men om vi går inn på nettstaden www.kulturminnesok.no, skriv dei at desse røysene er frå jernalderen.

Frå bronsealderen eller frå jernalderen?

Det er lenge sidan bronsealderen. I Norge starta den ca. 1500 år før vår tidsrekning, fram til år 500 f.Kr., så alle dei tre gravene er ikkje lett synlege i dag, dertil overgrodde med mose. Jernalderen kom etterpå, dvs. frå år 500 f.Kr., og varte fram til og med vikingtida,rundt år 1000 e.Kr. I Flatura, som er den minste av urene, (med diameter 6 m), finn vi ei tydeleg steinkiste, nesten 2 m lang med steinheller under og på sidene.(Sjå foto). Kvar steinkista ligg, er og lett å sjå i Rolvsura. Oppkasteura, lengst vest, har vore svært stor, men mange av steinane har etter kvart blitt kasta på sjøen. Ho har vel namnet sitt frå det. Søkk i midten av gravrøysene viser at gravene har vore opna og røva fleire gonger, for det var vanleg å legge verdisaker som våpen, reiskapar og smykke saman med den døde i grava.Våpen eller smykke av bronse og jern var verdifulle luksusvarer og spela ei viktig rolle i den tida. Dei som bygde desse gravene - og dei døde som låg i dei - var nok ikkje kven som helst, dei markerte med dette både rikdom og makt.

Oppkasteura

Oppkastura har vore svært stor, minst 15 m i diameter og 3 m høg, men mykje av steinen er kasta på sjøen. Det er knytt ei spesiell forteljing til denne ura. (Andre meinar det har skjedd i Flatura):

«Det kom ein gong karar frå Tistam, som hadde etla seg til aa grava og røkja etter skattar i urdi. Men daa dei vel var teke iferd med gravingi, tykte dei heimegarden Tistam stod i raud loge. Dei skunda seg daa heimatt for aa berga; men daa dei naadde heim, saag dei ingenting til varme. Dei gjorde nytt aatak på Uppkasturdi, men det gjekk paa same maaten. Tridje venda let ikkje skattegravarane seg narra av elden, men heldt fram med gravingi. Daa kom det ut av urdi ein ovstor ukse med koparslegne horn burande imot dei. Dei fælte, men ein av dei var so hjarta, at han greip uksen i horni, og daa vart han til ein stor koparkjel full av sylvpengar.» Dette skriv Jacob Aaland.

Segna om Rolv – første mannen på Sølvberg?

Segna seier at Rolvsura har namn etter Rolv, den første mannen som busette seg på Sølvberg. Folk seier Rolsura, uttala /'rålsu:ra/, men mannen heitte nok ikkje Rols (Rolvs > Rols) – s-en er nok binde-s. Han skal vere gravlagd her. Den tidlegare kyrkjebåten på Sølvberg har fått namnet Rols. Han er framleis i god stand. Jacob Aaaland skriv i 1932 at Rolvsura skal ha vore gjennomsøkt forholdsvis nyleg, men utan gravfunn. Segna seier vidare at han hadde to brør; Blodseige busette seg på Lote, og Orm på garden Steinsåker i Blaksetbygda. Rolv skulle ha vore ei kjempe. Kor mykje sant det er i denne segna, veit vi ikkje. Kor rimeleg er det å tru at han er gravlagd nede ved fjorden viss han budde og sette opp hus på Sølvberg?

Rolvshilleren

I Rolvshilleren like ovafor husa i Sølvbergstunet, skal Rolv ha funne tak over hovudet medan han bygde det første huset. Om dette er riktig, kan ingen seie sikkert, hilleren slik han ser ut i dag, er for liten til å kunne fungere som husly for folk, men skal ha vore større tidlegare. Truleg har det blitt teke ut stein her til husmurar.

Mange gravrøyser ved fjorden i Indre Nordfjord

Langs heile kysten heilt nord til Helgeland finst det tusenvis av gravrøyser, dei ligg ofte ved fjorden. Dei ligg også tett i Indre Nordfjord, både i Utvik, Innvik, på Rake og langs stranda ved Marså. Jacob Aaland trur at gravrøysa Ormeura på Kårstad i Utvik, på andre sida av fjorden, kan ha ein samanheng med helleristningane og runene på Kårstadsteinen. Ura ligg på ein avsats opp frå Kleivasanden, der runesteinen vart funnen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Webarkiv for stadnamn


Kulturminnesøk


Aaland, Jacob (1932): Bygdesoga Innvik-Stryn, Bind 1. Utgjeven av ei nemnd.

PERMANENT IDENTIFIKATOR