Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 02. februar 2001

Sist oppdatert 01. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Syttandemaihaugen i Eitorn



Syttandemaihaugen på Eitorn er eit interessant kulturminne. Stadnamnet vitnar om ein bygdesamlingsstad på nasjonaldagen, svære grantre i ein sirkel ber bod om alder, og enkle benker og ein krossmerkt "talarstol" tyder på at staden framleis er samlingsplass.

Ein krans av nær 100 år gamle graner omkransar samlingstaden på Syttandemaihaugen i Eitorn. Plassen ligg på kring 150 m o.h.

Ein krans av nær 100 år gamle graner omkransar samlingstaden på Syttandemaihaugen i Eitorn. Plassen ligg på kring 150 m o.h.

Eigar: Fylkesarkivet.

Datering: 2000.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Syttandemaihaugen anno 2001

Syttandemaihaugen ligg rett opp frå riksvegen i austre kanten av Eitorngrenda. Ein tek av på fyrste avkøyrsla frå vegen og fylgjer ein gamal køyreveg oppover nesten til grinda ved øvste gardstunet. Her tek ein av på ein sti austover, fylgjer denne eit stykke til skilt som viser veg ned på haugen. Utsynet er ope og vidt, - mot Eitorngrenda, utover mot Balestrand og Vik og endå vidare. Eit titals storvaksne graner omkransar samlingsstaden, - der det er ein krossmerkt "talarstol", eit steinbord, benker og sitjeplassar oppover mot ei ufs. Ein gong i året er det friluftsgudsteneste her, med fjelltur etterpå.

Bilete av skogssti.

Årviss syttandemaifeiring

Ingen veit kva tid Syttandemaihaugen vart teken i bruk, men Oskar Hagen (1906-1999) hugsa at granene stod i mannshøgd då han var gutunge. Bygdefolket samlast årvisst til syttandemaifeiring så sant veret tillet. Det var program med song, tale for dagen, matøkt og leikar for born og vaksne. Mikkel Sjur Eithun, f. 1941, minnest dei hadde sekkeløp og sprang med egg i skei. I 1956 vart vegen til Leikanger opna og då skulle alt til Leikanger. Det blei slutt med skyttarlaget i Eitorn, ungdomslaget og, syttandemaifeiringa. Med åra vaks det til i vegen fram til haugen og fleire av granene rotvelta.

Bilete av utsikta frå Syttandemaihaugen.

Freden 1945

Ola Vestrheim, f. 1926, hugsar svært godt at bygdefolket var samla på Syttandemaihaugen for å feira freden våren 1945. "Det vart med ein gong organisert folkefest", fortel han i ei minneoppgåve i 1997. "Det vart skrapa saman ein del rømme, gryn og sukker slik at me fekk kokt ei diger gryte med rømmegraut. Det vart så planta eit norsk flagg i kvart øyre på gryta og så tok to sterke karar den mellom seg på ein staur over herane. Nokre andre bar eit gamalt trøorgel og ein provisorisk talarstol pynta med flagg. Og det vart fest denne fine maidagen med sang og tale og fryd og gaman som ein seint eller aldri gløymer."

Bilete av ei omnsplate.

Friluftsgudsteneste frå 1994

Frå midt på 1950-talet til fyrst på 1990-talet samlast ikkje folk på Syttandemaihaugen, men i 1994 la 4 mann i veg med økser og motorsag. Soknepresten i Leikanger var ein av dei. Trygve Mundal og Mikkel Sjur Eithun hadde kome på at staden ville eigna seg framifrå til friluftsgudsteneste. Presten vart oppglødd frå fyrste stund.
Dei saga og rydda og frakta brukande tømmer ned til saga til Bjarne Rud. Han skar høveleg material som så vart frakta oppatt og snikra saman til sete i ein halvkrins mot altarbord av 3 steinar og talarstol av to bjørkestabbar. Dermed var det gjort i stand til den fyrste av dei seinare årvisse friluftsgudstenestene i Eitorngrenda.

Bilete av ei friluftsgudsteneste.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sogn Avis. Leikanger. 16.08.2000.
Opplysningar frå:
Mikkel Sjur Eithun, Leikanger.
Vestrheim, Ola: Minneoppgåve. 1997.

PERMANENT IDENTIFIKATOR