Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 07. august 2019

Sist oppdatert 30. januar 2020

Kategori

Rå-data

Kyrajøkulen losnar - kyrne kan sleppast ut!



Det finst over 20 jøkular/joklar med namnet Kyrajøkulen i fylket vårt. Naturleg nok finn vi flest i indre strøk, der fjella er høgaste og brattaste. Joklar og husdyr har til vanleg lite med kvarandre å gjere. Når vinteren og frosten kom, fraus isjoklane fram på berg, sva og hamrar. Der vart dei hengande til mildveret og våren kom. Kva tid kan vi sleppe ut dyra? Utover våren og framover sommaren smelta bredane, og bøndene følgde nøye med. Når er det såtid, og når kan kornet skjerast?

Lange-Lars over Innvik i Stryn.

Lange-Lars over Innvik i Stryn.

Datering: 2018

Fotograf: Arne Myklebust

Kyrne, sauene og geitene hadde halde seg i fjøsen og venta på våren, men når joklane losna i hamrane, var det tid for bøndene å sleppe dei på beite. Våren kom til ulik tid, men lang tradisjon hadde lært bøndene samanhengen mellom joklar, bredar og beitedyr. Det var også ein samanheng mellom såtid, korndyrking, snøfonner og bredar. Namna vert skrivne i ulik form: Kyrajøkulen, Kyrjukelen, Kyrejukelen – i Aurland og Lærdal feilaktiv skrivne Tjør(e)jukelen (fleire). Der ligg og Kyrafonna og Kyrafossen. Kyrajøkulen i Førde vert og kalla Haugsgjota. 

Ulike krøtter hadde ulike joklar.

I Sogndal finn vi Kalvejøklane. I Sogn finn vi Sauajøkulen på 9 stader. Sauer og geiter var vel dei første som vart sleppte. I Fjærland sa dei at når Sauajøkulen rasa ned, var det trygt å la sauene gå der. Men mange krøtter vart tekne av ras. Ei stor issamling i Aurland, med namnet Stopulen, måtte dette ned før dei kunne «sleppa beisti.» Jøklaberget i Vik har ei liknande forklaring. Eg har merkeleg nok ikkje funne liknande namn i Stryn kommune.

Eg tek også med eit morosamt namn i Luster; Smalaparlane. Det var fleire isjoklar, og det er nok eit samanlikningsnamn. Når dei var borte, kunne sauene sleppast til skogs. Langt inne i Angedalen i Førde heiter ein figur i ei bratt fjellside Måkesleden, lokalt uttala /må:kesle:in/. Figuren, som liknar på ein slede, kjem fram når snøen i fjellsida tøyer. Den ligg ca. 600 moh i Stofjellet. Når snøen byrjar å tøye der, er det første teikn på at våren kjem. «Han er ikkje komen enno, Måkesléen!» seier dei. Når «sleden» viste seg, var det på tida å køyre møka ut på bøen med slede på snøføre, for å spreie den når snøen var smelta.

Kva gjorde dei når snøen tøya

Dei tok fleire teikn av at snøen tøya, og at grøvene, småelvane, kom frå fjellet. Når Geitemjelksgrova i Jølster rann frå toppen, skulle geiter og storfe greie seg i hamnen, og når snøen tøya i Geitaforfossen i Luster, var geitene fram-fora. Når Batnandegrovi (å batne = bli betre, betrast) i Aurland tok til å renne, var det vår, og då var beisti framfødde. Når snøen smelta på Heitesteinen i Solund, var det vår. Hylla i Jølster er ein stein med heller under. Når fonna var borte under den, kunne ein ta til med slåtten. Når Leimsskori i Aurland var grøn, var det mat for beisti på stølen. I Hennebygda i Eid sa dei at «når snøen vart borte i Andalen, var kyrne framfødde.» Det var nok ofte forknipe på gardane på slutten av vinteren, så alle ønskte våren velkomen.

Få kornet modent var eit sjansespel

Fleire stadnamn er knytt til korndyrking. Det å så korn og få det modent var eit sjansespel i det kalde og våte klimaet på Vestlandet, ikkje minst i fjellbygdene. Når var det tid å så? Det kunne vere når Såfonna losna i Jølster, eller når snøraset gjekk i Såsvora i same området. I Jølster ligg og Såmerket. Merket var eit langt, blankt svad under Knaultren, som kom fram når snøen hadde rasa av. Då kunne bøndene så. Det kunne dei og i Aurland når Såbjørki vart grøn.

Breden Lange-Lars og olsok

På Nordsida i Stryn ser dei kvar dag ein lang brede høgt over Heggdalsstøylen, Lange-Lars (sjå kartfesting nedst i artikkelen). Den ligg i ei forsenking under Middagsfjellet (på andre sida av fjorden kalla Heggdalshogen). Lange-Lars kjem tydeleg fram om sommaren, og smeltar av og til heilt bort. Sjølv om dei ikkje lenger dyrkar korn på Nordsida, heiter det: «Viss Lange-Lars smeltar av på 3 plassar til Olsok (29.juli), vert kornet modent på Ulvedal». Eg har høyrt at denne breden lengst inne i Markane også vert kalla Kornbreden, truleg av same grunn. Noko liknande vart sagt om Storebotnsfonna i Jølster: «Dersom fonna ikkje vert delt i 3 til barsok (24.aug.), vert det ikkje modna korn».

I dag kjenner ingen opphavet til namnet Lange-Lars. Men vi finn det og som namn på eit langt, smalt sva oppe i lida på Storesunde i Stryn. «Lange-Lars» har kanskje vore eit fast uttrykk, men kvifor det er Lars som er lang, veit vi ikkje. Derimot veit vi at Lars (frå latin Laurentius) har vore eitt av dei mest populære mannsnamna i Skandinavia heilt sidan 1600-taket.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.Webarkiv for stadnamn


Munnleg informasjon frå Johanna Nygård (1903-1986), frå garden Ulvedal i Stryn.


Aasen, Ivar (1873/1977): Norsk Ordbog, femte Udg. Oslo, Fonna forlag


Vågslid, Eivind (1930): Norsk navnebok, Oslo, Noregs Boklag


Stadnamn i Angedalen

PERMANENT IDENTIFIKATOR