Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 06. august 2019

Sist oppdatert 09. august 2019

Kategori

Rå-data

Gjuratinden, Huldredøra, Jutelen og Bokkjesteinen : tussar og troll i stadnamna



I kor stor grad folk i våre dagar trur på tussar, troll, huldrer og andre underjordiske, veit eg lite om. Men det som er sikkert, er at det har vore allmenn folketru i tusenvis av år. Folkediktinga vår; segner, eventyr og folkeviser er fulle av slikt. Dette speglar seg og av i stadnamna. I namna her i fylket er det mest trollet, huldra, gygra, tussen, bokken og jøtulen som er med, men vi møter også gassen, draugen, jetten, nissen, draken, nøkken og julegeita – jamvel fanden sjølv.

Trollehog på Steinsåker i Stryn.

Trollehog på Steinsåker i Stryn.

Datering: 2019

Fotograf: Kristian Solvang

Trollet

Troll i stadnamn finst det rikeleg av. Berre i Stryn finn vi Trollgjølet (Glomnes), Trollhola (Avlein), Trollhammaren (Bolstad), Trollsteinen (Valsnos), Trollehog (Steinsåker), Trollebakken (Roset), Trolleskorane (Kyrkjeeide),Trollebotnen, Trollegytten og Trollheia. Trollura finn vi både på Tenden og Øvreeide. Trollkjettestolen i Sølvbergsberget er namn på nokre steinar som ligg opplødde som ein stol.

Av ein eller annan grunn er det spesielt mange troll-namn i Selje og Vågsøy. Kommentarane viser og at terrenget på slike stader var stygt og bratt, trongt og svart/mørkt. Skummelt og trolsk landskap. Trolla er store og dumme og toler ikkje lys! Stadnamn med «troll» er ofte namn på mindre haugar, skorar, steinar og gjøl i utmark, sjeldan på høgare fjell.

Huldra

går det mange segner og fortal om heilt fram til vår tid. Ho vart også kalla «hulda». Namnet kjem frå det norrøne verbet «hylja» = skjule, og «huldra» betyr altså «den skjulte, den ein ikkje ser.» Ho er både farleg, svært vakker og sexy, men hadde hale. Huldrefolket held til i berg og haugar. Sjølv veit eg om to personar som påstår dei har sett henne.

Huldrehogen finn vi både i Nesdal og Bødal i Lodalen. På Huldrehogen i Jølster skulle dei helst ikkje slå gras eller hogge ved, det ville straffe seg. Men av og til møter vi på fortal om hendingar der huldra ikkje var så farleg – om Trollehaugen i Luster kan Torleiv Kvame fortelje at han var inn til huldra og fekk seg kaffi! På Frøholm i Stryn ligg ei helle mot ein hammar, som ein kan gå under. Namnet er Huldrekoven (kove = kammers). Huldakyrkja finn vi både i Lærdal, Årdal og Vik. Det er namn på ein bergnabb, ein stor stein og eit fjell. I Vik i Sogn heiter ei open slette Huldraskulen, der heldt huldra skule!


Tilbake til Stryn kommune: Huldreheim kallar dei eit område med store steinar i Bubergskaret. Ei firkanta hole i ein hammar høgt oppe i fjellet mellom Roset og Ulvedal heiter Huldredøra. Den er nemnd i gamle dokument (utskifting frå 1903) som grensemerke. Hola er lett å legge merke til, vi ser den langt nedanfrå Ulvedal, når vi berre veit kvar den er. På Dokset ligg Uldrebakken i den gamle vegen frå gamletunet ned til sjøen.

Uldre- er kanskje halvemål for Huldre-. Også på garden Indrebø i Førde brukte dei før å seie Uldrehogane. Står ein på ein spesiell plass, høyrer ein lydar. Ludvik i Holene fortalde om kor nydeleg han høyrde det spela, og ein spelemann på Indrebø lærde ein slått av det han høyrde i Uldrehogane.

Gygra

er «Jættekvinde, Berg-Risens Kone» (Aasen). På norrønt «gygr f» = trollkvinne. På Sunnmøre sa dei gjura eller gjugra. Nordvest for Storesetra i Hornindal ligg fjellet Gjugra (1296 m). I Sogndal finn vi Gygrarøvi, ein formasjon i fjellet etter bakenden hennar. Ein stor steinformasjon i Luster vert kalla Gygri. Den liknar på ei trollkjerring. Eit tredje namn er Gygrekjeften. Det er nesten berre i Sogn vi finn slike namn, i Nordfjord nesten ingen. Fleire stader der sør finn dei merke i berget etter gygreføter. Gjuvra heiter eit langt fjell i Naustdal, i Jølster finn vi både Gjøvra, Gjøvrakjerringa og fjelltoppen Storegjyvra. Gygra i Gaular liknar ei kjegle, og har same form som Huldakyrkja i Kyrkjebø. Øystein Frøysadal skriv i ein artikkel i boka «Namn i fjellet»: «Oppi fjellveggen i Hornelen stikk Gjuratinden opp, det er gygra med ein unge på armen, som Heilag-Olav mante til stein da ho hota til han, men kongen kløyvde fjellet med båten, så det som no er Marøyna, ramla ut.»

Jutelen

kan heite jutel, jutul eller jøtel. Det er same nemninga som norrønt «jotun» = «grov og indskrænket kjæmpe, rise.» På svensk heiter han «jätte». Når vi på norsk seier «kjempefint», seier svenskane «jättebra». To steinar i Stryn har dette namnet, Jutelen på Grov og Jutulen på Flo. Jutelen på Grov er truleg ein bautastein. Jutulura finn vi i Selje, og Jøtlebørane i Jølster skal ha namnet av di ein jutel bar to steinar hit i eit gjel. Jotlesteinen i Bø er borte no, men der meinte dei ein jotle/jøtul skulle ha site og forma steinen etter bakenden. Steinen var god å sitje på.

Bokkjen, tussen, haugmannen og julegeita

Ved Bokkjesteinen på Gjørven budde bokkjen. Bokkjesteinen på Valsnos var også tilhaldsstad for bokkjen, som dei skremde ungane med. «Helde du ikkje fred, så kjeme bokkjen og teke deg!» Dei seier og at bokkjen bur i Kolura på Folven. Haugmannstuene i Lid er 2-3 små haugar som kalla på fantasien. Julegeitsteinen finn vi i Loen. Kanskje har nokon møtt tussen ved Tusserabbane på Berge eller Tussehammaren på Flo? Storetussen i Flora er eit skjer der skarven sit, Storetussen i Bremanger er namnet på ein stor stein med 5 ansiktsprofilar på. I Hennebygda skremde ei ungane med Høgebergtussen.

Draken og Gamle-Erik

I Underjordskehogen i Innvik bur det visst haugfolk. I Hildaneset ved Innvik ligg Drakehola. Her skulle draken bu. Det er ei hole inn i fjellet, ein ser ho berre ved fjære sjø. Dei skal ha prøvd å tette holet med vedaskider, men dei blir borte. Elles finst Helvetet og Vilkjehelvetet i Stryn som i mange andre kommunar. Men det har eg skrive om i ein annan artikkel. Det var nok eit nedsetjande namn. Dei trudde nok ikkje at fanden sjølv budde der, men slike plassar har alltid vanskeleg terreng å ta seg fram i eller arbeide i, bratt og trongt. Men fanden heitte også Gamle-Erik, og i Askvoll budde han i Erikura. Langt oppe i Maragjølet ved Hornindalsvatnet finn vi namnet Gammel-Erikaugo, eg har ikkje funne ut kva det er for slag naturfenomen.

Satan, Draugen, Gassen og Tykjen

Balestrand har Satanstova og Draugagjelet. Gassegjølet (gasse = gardvor) ligg i Jølster, Dvergarvollen i Vik. Eit nes vest for Vågsvåg ved Måløy har namnet Tykjeneset.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.Webarkiv for stadnamn


Aasen, Ivar (1873/1977): Norsk Ordbog, femte Udg. Oslo, Fonna forlag


Frøysadal, Øystein (1968): Fjellnamn i Hordaland og Sogn og Fjordane (artikkel i Sandnes, Jørn og Tylden, Per (1968): Namn i fjellet. Oslo, Det norske Samlaget


Torp, Alf (1919): Nynorsk etymologisk ordbok. Kristiania, Aschehoug


Caprona, Yann de (2013): Norsk etymologisk ordbok. Oslo, Kagge forlag


Wikipedia : Underjordiske

PERMANENT IDENTIFIKATOR