Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 19. desember 2019

Sist oppdatert 05. februar 2020

Kategori

Rå-data

«Burmavegane» : Dei næraste Burmavegane ligg på Nordfjordeid og i Førde



Vegen frå Mogrenda på Nordfjordeid til Leivdalen heiter offisielt Leivdalsvegen. Men på folkemunne brukar dei og eit anna namn: Burmavegen. Det er spennande å finne ut kva som ligg bak dette namnet. Kva i all verda har Burma, no Myanmar, med Leivdal å gjere? Eg har spurt fleire som bur langs denne vegen, også ein som var med og bygde han, men ingen veit sikkert opphavet til namnet. Det er nok sett på av ein som kjende historia om Burmavegen i Asia.

Burmavegen eller Leivdalsvegen på Eid.

Burmavegen eller Leivdalsvegen på Eid.

Datering: 2019

Fotograf: Kristian Solvang

Det viser seg at Burmavegen/-veien finst over heile landet, frå Skudesneshavn til Svalbard. Vegnamnet finst i Bergen og Frei, i Åsnes og Hemnesberget, i Skudesneshavn, Egersund og Vingrom, i Tønsberg, Holmestrand og Larvik, på Dovre og i Lillehammer, i Skien og på Karmøy, på Svalbard, i vårt nærområde i Førde, i Ulsteinvik og på Giske, og endå fleire – og altså på Eid (sjå kartfesting nedst i artikkelen).

Den historiske Burmavegen

Opphavet til namnet er den eigentlege Burmavegen, som vart bygt i 1937-1938 mellom Burma og Kina. Opptil 200 000 mann bygde ein 1 150 km lang veg. Den hadde stor strategisk betydning for frakt av våpen og utstyr til dei kinesiske styrkane. Den følgde ein gammal karavaneveg og gjekk gjennom vanskeleg terreng. Høgste punkt låg på 4 700 moh. Ca. 10 000 krigsfangar miste livet her, dei fleste var engelske. Denne vegen vart mykje omtala i media, også i norske aviser, så blant dei fleste vaksne nordmenn var nok Burmavegen og dei dramatiske tilhøva kring denne godt kjende. No er vel denne vegen og historiene derifrå meir eller mindre gått i gløymeboka. I 1942-43 vart det også bygd ein jernbane med fangar som arbeidskraft.

Russiske krigsfangar bygde Burmavegen i Førde

I Norge vart mange av desse Burmavegane bygde under 2.verdskrig. Som kjent gjorde den tyske okkupasjonsmakta eit stort arbeid med bygging av vegar, jernbaner og fort langs kysten. Mange vegar var transportvegar mellom tyske forlegningar, og dei brukte ofte russiske krigsfangar. Ein av dei største tyske leirane i fylket vårt låg i Førde, der det på slutten av krigen budde 500-600 soldatar. Russiske krigsfangar i tillegg til tyske pionersoldatar bygde veg frå Kronborg til Hafstadbakken. Der vart det bygt eit fjellanlegg i 1943, med kommandosentralen «Bertha», som var eitt av to støttepunkt i Førde. Denne vegen vart seinare kalla Burmavegen. I Fylkesleksikonet frå NRK Sogn og Fjordane (no i Allkunne) finn vi jamvel to foto.

Burmavegar på Karmøy, i Bergen, Larvik og Egersund

Burmavegen på Karmøy som er 7-8 km vart og bygd under krigen. Den var transportveg mellom tyske forlegningar og delvis bygd av krigsfangar. Burmaveien i Fyllingsdalen i Bergen heiter i dag Bjørgeveien. Den var og strategisk viktig, og arbeidet vart sett i gang av tyskarane. Pga. stor trafikk kallar mange den i dag Kø-veien. Burmaveien i Larvik vart også bygt av russiske krigsfangar. Det offisielle namnet er Hoffs gate. I Egersund er Burmavegen den vegen som vart bygd til den berykta tyske leiren Slettebøleiren, der mange vart avretta under krigen.

Burmavegen som nedsetjande namn

Dei Burmavegane som vart bygde i 10-åra etter krigen, har nok fått namnet sitt av andre grunnar. Det ser ut til at namnet vart brukt som skjellsord, eit nedsetjande namn på ein elendig veg eller eit mislukka vegprosjekt. I Lenvik i Troms var det store protestar mot namnet Burmaveien, nokre meinte kommunen mobba folk i bygda: «Politikerne i bygda driter seg ut». Vegen vart bygd på 1940-talet, med hest og vogn og spade. Det var mykje myr og sump å forsere. Dessutan var det svært varmt, og karane sveitta og sleit. Då sa ein av karane: «Dette er pinadø verre enn å vere i Burma». Slik oppstod namnet. Men mange ergrar seg over «stygge» namn eller namn dei ikkje likar. I avisa Nordlys skreiv ein «kokforbanna» lesar i 2014: «Dette må vel være Norges verste veinavn. På den virkelige Burmaveien i Asia ble både kvinner og barn brukt til blodslitet, og mange ble drept eller slått i hel. Politikere, skam dere!»

«Den helvetes Burmavegen!»

Burmavegen i Frei har følgjande forklaring: Den vart bygd i 1960-åra, delvis på myr og med trestokkar i botnen. Om våren var det telehiv og gjørme, som bilane køyrde seg fast i. Vegvaktaren fekk sjølvsagt kritikk, og svarte: «Den helvetes Burmavegen». I Re i Vestfold har dei også sin Burmavei. Den vart bygd tidleg på 1950-talet. Ordføraren i Re skreiv at det var tenkt den skulle gå lenger enn den gjer, men det var altfor bratt der, og dei støytte på så mange nye problem, at dei gav opp heile bygginga før den var ferdig.

Burmaveien på Nesodden ved Oslo heiter offisielt Fundingrudveien, men går på folkemunne som Burmaveien. Det var postmannen Sverre Arnesen som sette på namnet, i hans tid var vegen nesten uframkomeleg. Den er kanskje ikkje så mykje betre i dag, ein person på nettet skriv: «Jeg har kjørt på Burmavei, den var riktig blaut og lei, men jeg fattet mot og stønnet lavt: Gud hjelpe og trøste meg! Ja, vår egen Burmavei, den er lutefiskens vei – for vår Burmavei her ute, den er bløt som fet postei.»

På Svalbard har dei 2 Burmavegar, bygde i 1950 og 1963. Det er to parallelle grusvegar som går langs fjellsida på veg til flyplassen. Dei er viktige vegar med stor strategisk betydning. Turistkontoret i Longyearbyen arrangerer guida turar langs Burmavegen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet for Sogn og Fjordane. Webarkiv for stadnamn.


Allkunne: Andre verdskrig i Førde (lesedato 20.09.2019)


Wikipedia: Burma Road (lesedato 20.09.2019)


Kystfort - View topic - Fjellanlegget på Hafstadbakken i Førde (lesedato 20.09.2019)


Kystfort - View topic - Burmavegen, Karmøy (lesedato 20.09.2019)


GeoAtlas: Fjellanlegg frå den andre verdskrigen (lesedato 15.09.2019)


Store norske leksikon: Burmaveien (lesedato 14.09.2019)


Burmavegen- Røyningsbu- Skudeneshavn (lesedato 20.09.2019)


Tidens Krav - Burmaveien (lesedato 20.09.2019)


Turmål i Nesoddmarka (lesedato 20.09.2019)


Nordlys - Dette må vel være Norges verste veinavn (lesedato 15.09.2019)


- Den er hvert fall ikke så veldig bratt eller svingete, den derre veistubben deres! - ReAvisa (lesedato 15.09.2019)


Lokale stedsnavn i Longyearbyen | Longyearbyen | SVALBARD 

(lesedato 20.09.2019)

PERMANENT IDENTIFIKATOR