Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 30. juni 2019

Sist oppdatert 30. januar 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

Korte gardsnamn som endar på -e



Mange gardsnamn vert i dag både skriftleg og munnleg brukte i ei «stivna» dativform, som er blitt namnet si hovudform i skrift. Dette viser at namna – og gardane – er svært gamle, frå 1000 – 2000 år. Det norrøne språket var eit kasusspråk med 4 kasus (som tysk og islandsk i dag), der sterke substantiv i hankjønn og inkjekjønn i dativ eintal fekk endinga -i. Denne lyden vart seinare svekka til -e. I stadnamn var det oftast preposisjonane «i» og «på» framfor substantivet som «styrte» dativ. Vi finn og restar av dativ «-e» i mange faste uttrykk: i live, av garde, i tide, i hende og i søvne.

Garden Berge i Utvik

Garden Berge i Utvik

Datering: 2019

Fotograf: Arne Myklebust

Korte gardsnamn i Nordfjord

I Stryn kommune finn vi gardsnamn som Berge (sjå kartfesting nedst i artikkelen), Hage, Reme, Rake, Eide, Sunde, Hjelle, Kvamme, Lunde, Rise, Sande og Sætre. I bygdene omkring finn vi fleire slike namn: Hauge, Hole, Hove, Hamre, Hope, Remme, Bakke, Holme, Hope, Straume, Lote, Straume, Åse, Aske, Alme, Kleppe, Våge, Drage, Egge, Førde.

Nemneforma på gardane var Berg, Ris, Setr/Sætr, Sund, Haugr, Kleppr. Då vart altså dativforma Bergi > Berge, Risi > Rise, Setri/Sætri > Sætre, Sundi > Sunde, Haugi > Hauge, Kleppi > Kleppe osv., som vart hovedforma, utan omsyn til kasus. Når desse gardsnamna blir samansette, blir –i nokre gonger bytta ut med genitivs –s: Kvamsdalen, Førdsnipa, Sundsdalen, Haugsbø.

Staden der du budde, måtte stå i dativ

Dette har si årsak i at gardsnamna i dagleg bruk ofte vart brukt med preposisjonar, mest «på» og «i». Skulle ein fortelje kvar ein mann budde, sa ein t.d. Jon å(=på) Bergi, Sigurd i Hagi, Steinar i Firdi (i fjorden). Når ein uttrykte at nokon budde på staden, måtte gardsnamnet stå i dativ. Desse formene vart også brukte i skrift. Etter kvart fall preposisjonen bort, og så fekk vi Jon Berge, Sigurd Hage og Steinar Førde.

Denne bruken av dativ i ubestemt form er for lengst død, men dativ i bestemt form har halde seg fram til vår tid. Uttrykksmåten med preposisjon brukar vi i daglegtalen den dag i dag, og når vi snakkar dialekt i Stryn, er det framleis vanleg med dativ: Martin Tvinnereim vart kalla «Martin i Askja» (Asken), Arne Sølvberg er «Arne på Bøna (Bønen) og sjølv kan eg presentere meg som «Kristian i Strandene» (Stranda = Solvang).

Fjordamåla har framleis dativ

Dialektane i Nordfjord og Sunnfjord høyrer framleis til dativmålføra, iallfall brukt av dei som er eldre og som bur utanfor sentrumsområda. Vi finn og restar av dativ i Ytre Sogn, men ikkje i Midtre og Indre Sogn. Men også dei hadde dativ i norrøn tid. Nordvestlandsk, nordaustlandsk, indre Trøndelag og dialektane nord til Sør-Helgeland brukar dativ i talemålet. Men den er på vikande front, og bymåla har den ikkje. Også på Island er denne uttrykksmåten vanleg i bruk, også i skrift.

Dette gjer at dei fleste stadnamn førekjem i 2 former. Fjordingane seier at «vi padla nord gjennom Ulvesundet», men at «det var sterk straum i Ulvesunda» (dativ), «Vi skal ned på /Jo:berje/, men «vi feirar jonsok nedpå /Jo:berja/». Dette er den same regelen som skilnaden mellom «til staden» og «på staden» på tysk og islandsk. Men gardsnamnet Sunde og dei fleste gardsnamn på -e, har berre ei «stivna» dativform.

Kor gamle er gardane?

Dette viser og at namna – og gardane – er svært gamle, frå 1000 til 2000 år. Nokre er kanskje endå eldre. Proffessor Jørn Sandnes skriv i Norsk Stadnamnleksikon:

«Kor gammal den norske garden er, kan vi ikkje seie visst. Vi må også hugse at garden som institusjon ikkje har stått fram i fullt ferdig form, men har vakse fram smått om senn til det vi kan kalle den historiske garden. Her vil vi bruke nemninga gard frå den tida av då folk budde heile eller iallfall stordelen av året på ein stad, dyrka jorda og heldt krøtter…. I dei gode jordbruksbygdene går nok gardsskipnaden minst eit par tusen år tilbake i tida.»

No er det ikkje slik at alle gardsnamn på –e er gamle dativformer. Namn som Fure, Skåre, Hjelle, Hilde og Nesje har utvikla seg frå andre former. Når det gjeld tolking av gardsnamn, må ein gå grundig inn på kvart enkelt namn, finne ut korleis namnet vart skrive i eldre kjelder, og korleis bygda-uttalen er i dag.

Gardsnamn med endinga -set vart og uttala /-sete/ tidlegare: Doksete og Navarsete

Frå og med Fjordane og nordover finn vi hundrevis av gardsnamn på –set. Kva med namn som Dokset, Blakset, Roset, Bergset, Drageset, Maurset, Helset og Svingeset? Lokalt blir desse namna uttala med etterleddet /-sete/, og kunne vore skrivne: Doksete, Blaksete, Bersete, Dragesete, Svingesete. Uttale med /-sete/ var vanleg på heile Vestlandet, men er no på vikande front. Skriftuttalen har overteke, og -e er blitt borte i skrift. På 1300-tallet var skrivemåten Dokkosætre, Blaksætre, Berosætre og Dregasætre.

I Sogn derimot har dei halde på -e i nokre gardsnamn som Navarsete og Holsete, og i støylsnamn som Blomsete, Brekkasete, Breisete og Breiesete. Den skriftforma kunne vi gjerne ha halde på.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Webarkiv for stadnamn


Rygh, Oluf (1919): Norske Gaardnavne, bind XII. Kristiania, Fabritius & Sønner A/S


Sandnes, Jørn og Stemshaug, Ola (1976): Norsk Stadnamnleksikon. Oslo, Det norske Samlaget


Søreide, Lars E (1930): Nordfjordmålet (Norske Maalføre XII), Oslo, Olaf Norlis Forlag


Ølmheim, Per Arvid (1983): «-sa sogningen til fjordingen». Målføre i Sogn og Fjordane. Sogn Mållag, Firda Mållag

PERMANENT IDENTIFIKATOR