Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 07. august 2019

Sist oppdatert 30. januar 2020

Kategori

Rå-data

Likstoda, Likledet og Liksteinen – gamle gravferdstradisjonar



Gamle tradisjonar som knyter seg til gravferder, får vi kunnskap om gjennom stadnamna. Det var gammal tru at den døde kunne kome tilbake til huset, gå igjen, som vi seier. Kanskje ville den døde av ulike grunnar ikkje få fred i grava. Det var derfor viktig å sikre huset og garden mot den uhyggen som følgde med gjengangarar. Ved gravferder var det difor viktig å følgje bestemte ritual, og dei gjekk ofte ut på at den døde ikkje skulle finne vegen tilbake.

Likstoda på Blaksæter.

Likstoda på Blaksæter.

Datering: 2014

Fotograf: Kristian Solvang

Eigne båtstoder og vegar for å frakte likkister

I strandkanten på Blakset ligg det eit svaberg som heiter Likstadberget (sjå kartfesting nedst i artikkelen). Ut frå tydinga av namnet er vel den rette skrivemåten Likstodberget. Likstadberget stikk fram i sjøen, er ganske flatt og avrunda, og ligg i flomålet. Like ved ligg ei lita vik, som må ha heitt Likstoda. Det er ofte bratt og hamrete ved sjøen på Blakset, men terrenget ned til vika er lagleg for hesteskyss, og det er lett å lande ein båt. Truleg var dette ei likstod. Kyrkja låg før på andre sida av fjorden, i Innvik, og skikken var då at lik skulle førast til kyrkja frå ei anna båtstod enn den vanlege. Ifølgje gammal tru skulle ein då unngå at den døde fann vegen tilbake. Ivar Aasen skriv at denne skikken var vanleg over store delar av landet.

I vårt fylke finn vi i Balestrand to plassar med namnet Likstoi - med same forklaring. Den eine ligg på Kvamsøya, den andre på Linde, ikkje langt i frå. Elles finn vi både Likvadet og Likvegen i Utvik, Likledet på 2 stader i Innvik. Der ligg og Likledhogen. Dette er forklart å vere vegar dei gjekk og led dei gjekk gjennom på veg til gravferd. Frå Likneset på Indre Skarstein i Olden rodde dei likkistene til Oldekyrkja før brua over elva kom. Her var det og ein gammal gravplass. Om Likberget i Gulen vert det skrive at lik som skulle til kyrkja, ikkje vart tekne på land på den vanlege landingsplassen, men frå ei eiga likstø.

Dei bar den døde ut gjennom ei ekstra dør

Fram til slutten av 1700-talet vart mange hus bygde slik at dei laga ei ekstra dør, som dei brukte berre når eit lik skulle berast ut av huset. Kristofer Visted skriv i «Vår gamle bondekultur» at når liket vart bore ut, gjekk dei 3 gongar rundt åren med det. I seinare tid vart nok dette oppfatta som ein siste avskjed med hus og heim, men også for å forvirre den døde. I eit eldre hus i Vevring i Sunnfjord ser vi tydeleg at det er skore ut ein firkant i tømmerveggen, som seinare vart sett inn att. Dette var «likdøra». Denne skikken skal ha vore svært vanleg i Telemark, der mange gamle stover ber spor av den. I den same bygda Vevring ligg Likhella like ved sjøkanten, det var der dei tok likkistene opp frå båtane før i tida.


I ei gammal stove i Lida i Hornindal, frå år 1689, er tømmerveggen teken ut på den eine sida, og fjøler sett inn. Vi reknar med at dette var den alternative utgangen, fjølene var lette å ta ut og sette inn igjen. Tanken bak var at når den som hadde levd i huset og alltid hadde brukt hovuddøra, vart boren ut gjennom ei anna dør, ville ikkje sjela finne vegen tilbake, og dermed ville huset bli spart for gjenferd.

Dei måtte unngå at den døde skulle finne vegen tilbake

Vegen til kyrkja var ofte avvikande frå den dei til vanleg køyrde. Namna Likvegen og Likvadet i Utvik er døme på det. Og i grannebygda Innvik finn vi Likledet på 2 stader, på Drageset og Reme. Likledet hadde dei og i Naustedalen og på Bolset i Jølster. Dette ledet låg ved sida av den vanlege grinda. Leda er av naturlege grunnar borte for lenge sidan, men namna lever enno. På Bolset i Jølster låg Liksteinen. Det var ein stor, rund stein, som no dessverre er sprengd bort. Segna seier at når stardølingane køyrde likkister til Helgheimskyrkja, køyrde dei 3 gonger rundt denne steinen, for at den døde ikkje skulle finne vegen tilbake. Liksteinen finn vi og i Vik. Men om denne er historia annleis: På denne lange og flate steinen la dei liket av ein som datt utfor Helvetet og slo seg i hel.

Likhellene i Lærdal og Likbjørki i Aurland

Det finst 12-15 stader som heiter Likhella. Det var flate steinheller, faste plassar der dei sette frå seg likkista, og tok ein pause på veg til kyrkja. Ved Likhellene i Lærdal venta dei på at kyrkjeklokkene skulle ringe før dei gjekk vidare. I Fortunsdalen i Luster sette dei likkistene frå seg i Likkistehilleren. Men det hende visst og at liktransporten vart forhindra av veret. Om Likbjørki i Aurland vert det sagt at eit lik vart hengt opp i denne bjørka på grunn av dårleg ver. Dette skjedde langt nede i Aurlandsdalen

Gamle ritual på kyrkjegarden

I Kristofer Visted sin artikkel skriv han også at når dei kom til kyrkja, måtte dei ikkje bere liket den vanlege vegen gjennom kyrkjegardsgrinda, men dei løfta kista over kyrkjegardsmuren. Og til slutt vart kista boren tre gonger rundt kyrkja før den døde vart lagt i grava. Sleden som kista hadde stått på, måtte dei ikkje ta med heim att. Den måtte helst bli ståande og rotne, eller fattigfolk kunne bruke den til ved. Visted skriv: «Og når jorden så hadde gjemt kisten, og spadene som måtte lates igjen på graven, var lagt i kors oppå denne, kunne følget vende hjem i trygg forvissning om at den døde ikke mer kunne skade de gjenlevende». Om dette også var tradisjon her i fylket, er uvisst.

Brenning av likhalm – ingenting skulle vere att

Det skulle ikkje vere noko att etter den døde, verken hår, sveitte eller blod. Det var nok dette som var årsaka til den merkelege skikken med å brenne likhalmen frå senga til den døde. Ved Skatestraumen i Bremanger ligg Likhola, også kalla Røytehola. Her brende dei likhalmen og kasta rusk nedi. Det same skjedde truleg på Likvollen i Balestrand, som skulle ha vore ein «likbrenneplass».

Nokre namn har si årsak i ulukker og forlis.

I Likvika på Svanøya i Flora skola det i land eit lik etter eit båtforlis. Det finst fleire Likvika på øyane ute ved kysten, særleg i Flora og Bremanger. På Verøya vart det attfunne 2 døde menn som kom bort etter tareskjering. Ved Likberget i Solund kom barkskipet Christiania på veg frå Riga ut for sterk storm. To menn, som var fastsurra i riggen, var døde og vart lagde på land her. Kona til skipperen og ein baby vart skola over bord. Likkorsen er innhoggen i ein stein i Fjaler etter at 2 jenter drukna her.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.Webarkiv for stadnamn


Visted, Kristofer: Artikkel «Død og likferd» i verket: Visted, Kristofer og Stigum, Hilmar (1971): Vår gamle bondekultur 1. Oslo, Cappelen Forlag


Aasen, Ivar (1873/1977): Norsk Ordbog, femte Udg. Oslo, Fonna forlag

PERMANENT IDENTIFIKATOR