Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 10. desember 2019

Sist oppdatert 17. januar 2020

Kategori

Rå-data

Elvane Marsåna, Eitråna, Svinåna, Kjeåna og Ljotåna



Mange av elvenamna våre høyrer til dei aller eldste stadnamna. Når folk busette seg, var tilgang til vatn heilt nødvendig, elva var på eit vis hovudnerven i landskapet. Forskarane meinar at elvane ofte var dei første som fekk namn. «Å» var i norrøn tid det mest brukte norske ordet for «elv». Det er opphavleg same ordet som latin «aqua» og med same grunntydinga «vatn». (akevitt = aqua vita = livets vatn). «Elfr f» vart på den tid svært lite brukt, og berre om store elvar.

Marsåna i Oppstryn.

Marsåna i Oppstryn.

Datering: 2019

Fotograf: Arne Myklebust

Då Island vart kolonisert ca. år 900, fekk nesten alle elvane der namn med «å» eller «løkr» (Hvitå, Krosså). I løpet av mellomalderen endra dette seg i Noreg, slik at dei fleste i dag kallar dei «elv», om dei er store eller små. Men framleis er «å» i levande bruk i Nordland, Hardanger og på Sørlandet. I Sogn og Fjordane vert det brukt berre i gamle elvenamn: Sandåna, Ulvåna, Brokåna, Hundsåna, Svadåna/Svåna, og gardsnamn: Åmot, Åbrekk, Åland, Årdal. I Hyen ligg det kjende Brødrene Aa båtbyggeri, med utgangspunkt i garden Aa. Merk at elvenamna har fastvaksen artikkel «-åna» = «elva», i sjeldnare tilfelle «-åda»: Østenåda og Holmåda i Stryn.

Det er registrert over 7200 namn på store og små elvar (bekkar, grøver) i fylket vårt, og 130 av desse har namn med -åna. I fylket vårt har vi elvenamn som Alsåna, Brokåna, Eitråna, Felåna, Geitåna, Hundsåna, Kaldåna, Kiåna/Kjiåna, Krokåna, Ljotåna, Preståna, Raplåna, Sandåna, Svinåna, Svåna/Svadåna og Tverråna. Ikkje alle namna er beintfram å tyde og forstå, men eg vågar meg frampå med nokre tydingar.

Marsåna

heiter ei elv i Flostranda ved Strynevatnet. Elva har vel gjeve namn til fjellet Marsåhyrna. Marsåna må ikkje forvekslast med gardsnamnet Marså i Loen, skrive «Marso» i 1350-åra. Men om det siste namnet skriv Oluf Rygh at det opphavleg må ha vore eit elvenamn. Elva her heiter i dag Marsåelva, eit «smør-på-flesk-namn». Han har elles inga sikker forklaring på føreleddet «Mars-». Det har heller ikkje eg, men det kan truleg kome av verbet «mara» = grave smått, skubbe, gnage. Kanskje har elva opphavleg heitt Mara = den som grev. Den renn gjennom eit trongt og djupt gjøl, som endar i ein høg og storslått foss lengst nede. I Jotunheimen finst fleire elvar «Muru(a)», som er dialektform av «grava». Køyrer vi langs Hornindalsvatnet, passerer vi Maragjølet mellom to tunnellar. Dette gjølet er også trongt og djupt, her har elva (kanskje Mara?) gravd djupt i titusenvis av år. Eller kan det bety «merragjølet»? Elva Mardøla med Mardalsfossen kjem frå Mardalen i Romsdal, og dette namnet tyder visst «hestedalen». «Marr m» kunne i norrønt bety både «hest/merr» og «sjø», men den tydinga passar ikkje så godt på Marsåna, verken i Stryn eller ved Hornindalsvatnet.

Eitråna

er namnet på elva som renn ned mellom Åsane og Ytre Hennebygda i Eid. Namnet vert uttala /etr'å:na/ med trykk på 2.staving. Per Hovda meiner at ho opphavleg har heitt Eitra. Dette elvenamnet finst fleire stader, bl.a. i Vik i Sogn, Sogndal, Aurland og Balestrand. I Ulvik i Hardanger heiter ei elv Eitro. Professor Jørn Sandnes skriv: «Elvenamn på «Eiter-» må hange i hop med gno. «eitr n» = eiter (gift), etter Oluf Rygh da helst med tydinga «den kalde», jfr. uttrykk som «eitrande kald». Men det kunne og vera laga til ei eldre grunntyding av germ. «*aitra» = noko som svell opp». Jfr. gno «eitill» = svulst, «den svulmande». Elvenamnet Eitra har på svensk parallellen Ättran eller Etteren, på tysk område Eiterach (som er ei sideelv til Donau) og Aiterbach (Østerrike). Per Hovda meiner at namnet kanskje er laga av gamalnorsk «eptri» = bakre, neste, dvs. den bakanforliggjande av to elvar. Litt utanfor Eitråna i Eid renn Småeitråna. Det er altså uklårt om Eitråna tyder «den kalde elva» eller «elva som svell opp, flaumelv» (det siste mest truleg) – eller kanskje «den bakre elva».

Svinåna

finst som elvenamn både i Eid, Stryn og Gulen. Svinåna i Stryn renn ned på Bruland i Utvik og ut i fjorden ved Svinaneset, og det blir sagt at namnet kjem av at det lenger oppe i lia var grisebeite. I Gulen er Svinåna truleg eit eldre namn på Lindegrova, som renn gjennom eit trongt og stygt gjøl. I Eid kommune er det ei elv i Ytre Hennebygda. Førsteleddet «Svin-» er tvetydig. I dei fleste namn viser det til husdyret svin/gris, at det her var beitemark for svin. Dei beita nemleg ute i marka og skogen i eldre tider. Men ordet har fleire tydingar: «svinn adj.» = smal, smækker, som spiser lidet» som Ivar Aasen skriv. Verbet «svina» har sideforma «svena», som begge tyder «minke inn, avta», i vår dialekt seier vi gjerne at svullen «svenar» = minkar inn. Vi finn det i verbet «forsvinne». På Austlandet er ordet brukt i gardsnamna Svene og Svennes.
Adjektivet «svinn» vart «brugt om en Elv eller Strøm, kunde maaskee betyde smal eller sammentrængt, men tillige rask og stærk». Dette skriv Ivar Aasen. Altså noko trongt eller raskt! På norrønt brukte dei adj. «svinn» = rask. «No må du svinte deg», seier vi. Ordet finn vi bl.a. stadnamn på Sølvberg: Svintene og Svintevegen (ein snarveg). Svinåna kan altså tolkast som «elva som svenar = minkar inn, vert trongare og renn raskt.»

Kiåna/Kjeåna/Kjeåda

finn vi i det same området som Eitråna og Svinåna – mellom Lote og Hennebygda. Her har nok nemninga «å» for elv vore det vanlege før. Kjeåna er ei grenseelv mellom Ytre Åsane og Lotsberg. På Statens kartverk er namnet skrive Kjeåna, og vatnet ho kjem frå Kjeavatnet. Den lokale uttalen er derimot /Ki:åna/=/kji:åna/ og vatnet /kji:avatne/. På vestre side av Ulvesundet i Vågsøy finn vi det same elvenamnet, men skrive Kjeåda /kji:åda/.

Uttalen kan vere uvant, men skrivemåten viser tydinga. Føreleddet er «kje n» = geitekje, geitekid eller killing. Norrønt «kid», som i Nordfjord-dialekten blir uttala /kje:d/. Det vert kalla «kid» både i dansk og svensk. Vi finn det same ordet i eng. «kid» = barn, og i svensk «kille» = gut, fyr. I eldre tysk språk «kizzi (n)». Kva for samanheng det er mellom kjea og elva, veit vi ikkje, faktisk meiner somme at namnet kan kome av korleis geiter og kje skrik, eller av lokkeropet. Kiti-kiti-kiti?
Kan det vere lyden av elva som har gitt henne namn?

Ljotåna

Det finst 2 elvar med dette namnet i fylket. I Balestrand renn Ljotåna ned ei svært bratt fjellside i Esedalen. På Kyrkjebø i Høyanger skriv dei Ljotåa, også kalla Ljotebøelvi. Ho renn ned ved garden Ljotebøen. Føreleddet er adj. «ljot» = stygg, skremmande, farleg. Norrønt: «ljotr». Vi finn det bl.a. i dei norrøne personnamna Arnljot, Bergljot og Ljotolv. I Ljøtaberg i Aurland er der farlege bergskoltar som kan sige ut, og Ljøtasva i Leikanger er eit farleg sva. Det same gjeld Ljøtestigen i Sogndalsdalen. Forma «ljot-» er mest brukt i Midtre Sogn, «ljøt-» i Indre. Kva som er farleg eller stygt ved Ljotåna, er ikkje kommentert, men alle desse stadene ligg i bratt, og ofte farleg terreng. Namn med «Ljot» er nok gamle namn, no er ordet gått ut av bruk, og blitt avløyst av «stygg». Det finst om lag 500 stadnamn med «stygg» i fylket vårt.

Svåna

finst som elvenamn på 3 stader i Indre Nordfjord: på Blakset, i Olden og i Hornindal. Namnet er ikkje vanskeleg å tyde, det er ei samandraging av «Svanåna» eller «Svodåna», dvs. elva som renn over svad. I dokument frå 1800-talet er namnet skrive «Svadaaen» og «Svaaaen». I Oldedalen heiter elva Svadåna, og at ho renn over fleire svad, er lett å sjå. Også i Lesja finn vi elvenamnet «Svaane».

Namnegranskaren Ola Stemshaug skriv: «På ein forunderleg måte spelar elvane ei sentral rolle i det gamle bondesamfunnet. Dei var levande i naturen, på same måten som dei batt saman, stengde dei. Flaum og leirfall kunne rasere store jordbruksområde, men samstundes gav fisken i elva eit kjærkome tilskott til hushaldet. Alt dette er truleg årsak til at så mange av elvenamna våre har fått ein individualiserande karakteristikk – dei fortel om farge, lyd, straum, fart, berggrunn, flora, fauna, fiske.»

Marsåna i Oppstryn på kartet

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

 

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Webarkiv for stadnamn


Sandnes, Jørn og Stemshaug, Ola (1976): Norsk stadnamnleksikon. Oslo. Det norske Samlaget


Hovda, Per (1966): Norske elvenamn. Oslo-Bergen. Universitetsforlaget


Petersson, Herbert (1981): «Ätran». Artikkel i Tveitane, Mattias, red. (1983): Fra ord til navn. En artikkelsamling. Bergen. Universitetsforlaget.


Rygh, Oluf (1919): Norske Gaardnavne, bind XII. Kristiania. Fabritius & Sønner A/S


Aasen, Ivar (1873/1977): Norsk Ordbog, Femte Udg. Oslo. Fonna forlag

PERMANENT IDENTIFIKATOR