Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 27. juni 2019

Sist oppdatert 30. januar 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

Då Hengesteingjølet vart til Henrikgjølet



Mange av stadnamna våre har fått namnet sitt frå hendingar, at noko skjedde akkurat her. Det kunne vere ei hending frå det daglege arbeidet, men som oftast fortel det om ei dramatisk hending eller ei ulukke. Staden hadde ofte eit namn frå før, men no fekk den gjerne eit nytt namn. Ved å knytte det som skjedde til eit stadnamn, vart hendinga lettare hugsa i ettertid, og historia fortalt vidare. Slike namn inneheld ofte eit personnamn, men dessverre veit vi ofte ingenting om samanhengen mellom personen og namnet, slik som t.d. Kristofferhammaren eller Jordmor-Akslonskora på Nordsida i Stryn. Når det gjeld Henrikgjølet, veit vi det.

Ulvedalsfjellet

Ulvedalsfjellet

Datering: 2019

Fotograf: Arne Myklebust

Ulvedalsfjellet

På nordsida av Nordfjorden, rett over fjorden for bygda Utvik, reiser det seg ein stupbratt fjellvegg
loddrett opp frå sjøen – Ulvedalsfjellet. Oppå her ligg garden Ulvedal i ca. 350-400 meters høgde. Litt lenger vest ligg bygda Fjelli og garden Bergset. I denne fjellveggen, som knapt nok er farande for geiter, finst det fleire smale skorar og ville gjøl. Eitt av gjøla heiter Hengesteingjølet, som har namnet sitt frå Hengesteinen, ein stor stein som sat fast ca.150 m oppe i det tronge gjølet.

Hengesteinen

Steinen var godt synleg frå sjøen, og i bygda vart det sagt at kvar gong denne steinen høyrde gauken gol, snudde han seg. Det var no sant som det var sagt, meinte somme, for Hengesteinen kunne ikkje høyre! Og det rare er at no er han vekke, han fall truleg på sjøen ein gong i 1970-åra. Men der heng framleis fleire steinar i det tronge gjølet.

Konfirmanten Henrik

Grunnen til at gjølet i dag også har namnet Henrikgjølet, er ei hending sommaren 1899, der ein 16 år gammal konfirmant, Henrik Sølvberg (Kolset), klatra opp dette gjølet (sjå kartfesting nedst i artikkelen). På den tid måtte lesarungane (konfirmantane) frå Fjelli ro med båt til kyrkja i Innvik, på den andre sida av fjorden. Var veret fint, rodde dei åleine utan vaksne i båten. Roturen gjekk alltid forbi Ulvedalsfjellet. Denne dagen hoppa to av gutane, Benjamin og Henrik, i land for å plukke markjordbær. Henrik kleiv høgast oppover. Dei andre i båten vart utolmodige, fordi han vart så lenge, så for å setje ein støkk i han, rodde dei ut forbi næraste neset. Der la dei seg til ro og venta.

Henrik trudde kameratane var reiste heim og klatra litt høgare opp. Då han skjøna at han måtte klatre ned igjen, gjekk det ikkje, endå han prøvde fleire gonger. Då var det berre ein veg, og det var opp, opp det ville Hengesteingjølet, der ingen hadde gått før. Då båten som venta bak neset, kom tilbake, var det allereie for seint. Dei ropa på han, men fekk ikkje noko svar. Henrik var komen for høgt opp, og dei såg berre guten som klamra seg fast til fjellveggen.

Liten og lett gut

Henrik var liten og lett, berre 35 kg, vert det fortalt. Han greidde å klore seg fast i fjellet med hender og føter, og då han smatt bak den store Hengesteinen, miste kameratane han av syne. Ein stad måtte han hoppe frå den eine kanten av gjølet og klamre seg fast i den andre sida. Ein annan stad måtte han stikke tollekniven inn i ein sprekk og stå på den. Kniven måtte han gå ifrå. Det var på liv og død. Dei som sat i båten på fjorden, trudde sikkert han kom til å dette ned og slå seg i hel rett framfor augo deira.

Måtte ro heim

Lesarborna rodde mot heimestoda ved Sølvbergsnausta, drog båten opp, men torde ikkje gå heim att. Kva for dom kunne dei vente frå foreldra når dei hadde rodd frå kameraten midt i ville fjellet? Dei sat under ein hammar ved Midtkvilet i sjøavegen i fleire timar då Henrik brått stod der livs levande. Han hadde greidd det ingen av dei trudde. Dei vart samde om å ikkje seie eit ord heime, men hendinga kom sjølvsagt ut likevel. Men etterpå låg Henrik sjuk i fleire dagar. Han reiste sidan til Amerika, der han døydde i 1955.

Tollekniven i fjellet enno?

Det vert påstått at tollekniven hans står fast i bergsprekka enno, om han ikkje er opprusta. Nokre bergensarar ville ein gong seinare klive Hengesteingjølet. Dei kom tilbake til Utvik og fortalde at dei hadde greidd det. Men det var Ulvegjølet dei hadde gått, der elva Ulva renn. «Der ja,» sa utvikarane, «der går fjelljarane med kristnaborna» (dåpsborna). Ei segn fortel at dette skal ha skjedd ein gong i sterk storm.

Denne historia om Henrik vart lenge munnleg overlevert, men vart nedskriven i 1960-åra av Ola A Bergset i boka «Ei fjellbygdætt». Vi finn den og i Styrkår Almenning si bok frå 2003. Historia er med i musikalen «Årringar» av Torstein Tvinnereim og Jon Are Steen, som har blitt spela på naturscena i Sagedammen på Ulvedal.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Webarkiv for stadnamn


Bergset, Ola A (1969): Ei fjellbygdætt frå Nordfjord: Mattisætta og Mattisgarden på Bergset; frå kvardag og helg i fjellbygda. Sandane.


Almenning, Styrkår (2003): Noveller, forteljingar og dikt 1959 til 2003. Vereide, Eige forlag

PERMANENT IDENTIFIKATOR