Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 06. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Landingsplassar på Kråkenes



Folk på Kråkenes har til alle tider slite med dårlege landingsplassar. Det var fem kjende plassar: Storehola, Keila, Stiksvika, Bleke og Synstestøa. I 1933-38 vart det bygt veg til Kråkenes frå garden Kvalheim.

Det Kråkenes er mest kjent for er utan tvil Kråkenes Fyr. Fyret er ein populær utfartsstad og vert årleg besøkt av mange turistar og fastbuande.

Det Kråkenes er mest kjent for er utan tvil Kråkenes Fyr. Fyret er ein populær utfartsstad og vert årleg besøkt av mange turistar og fastbuande.

Eigar: Chell Hill/Wikimedia Commons.

Datering: 2007.

Fotograf: Chell Hill/Wikimedia Commons.

Fem dårlege landingsplassar

Folka på Kråkenes har alltid hatt vanskelege landingsplassar. Ikkje nokon stad langs Kråkeneslandet er det sund eller vikar som kunne gje livd mot sjøen. Farvatnet utanfor er langgrunt og ureint. Det har vore fem ulike landingsplassar ved Kråkeneslandet og alle har vore vanskelege. Dei har vore nytta ettersom vêret høvde best for den eine eller den andre. Storehola var mykje nytta om sommaren når det var nordavind. Då var det som oftast mindre bølgjer. Her var det naust og her stod femkeipingane om sommaren. Det var lettast å dra dei i land her.

Keila

Keila var ein annan landingsplass. Dette var hovudstøa og herifrå var det stuttaste vegen til gards. I roleg vêr om somrane kunne båtane liggja ute her berre bundne framme og bak. Ulempa med Keila var at det var 60 meter fram til nausta og det var òg eit stykke motbakke på 12-13 meter. Likevel kunne sjøane gå like fram til nausta når det var flod sjø og det rette vêret. Innløpet til Keila var grunt og trongt, og midt i låg det eit skjer. Det vart sprengd bort i 1905 då dei bygde fyret. Då vart det òg sett opp kran til å heisa opp færingar med. Seinare har bygdefolket på Kråkenes på eigen kostnad planert og sementert køyreveg frå krana og bort til naustet.

Bilete av eit naust.

Tyskarane bygde molo

Tyskarane freista å byggja molo i Keila på ein stad som heiter Solveggen. Dei brukte mykje pengar på det, men storbølgjene sopte det heile på fjorden. Det finst ikkje spor att etter dette byggverket.
Stiksvika med jektenaust vart berre nytta til Kråkenes-jekta så lenge ho var i bruk. Ho vart nytta på turar til Bergen. I Bleke har dei bygt kran og naust, og her kunne dei som oftast komma i land. Dersom dei ikkje kom i land her, måtte dei ta vegen til Refviklandet eller Televika. Synstestøa er den femte av landingsplassane på Kråkeneset. Den ligg på vestsida og vart mykje nytta i godvêr om somrane til småfiske. Her kunne småbåtane liggja ute i fleire døgn om vêret var stilt.

Pengehjelp til veg

Frå 1907 vart det ved fleire høve søkt om midlar frå Statens Hamnevesen til utbetring av landingsplassane på Kråkeneslandet. Hamnevesenet fann at kostnaden vart for stor i høve til nytten. Resultatet vart at ein i staden søkte om midlar til køyreveg mellom Kråkenes og Kvalheim. Fylkesvegstyret rekna kostnaden til 160 000 kroner. Folk på Kråkeneset tok 1/10 av kostnaden, fylket tok 6/10 og planen var at kommunen skulle ta resten. Nord-Vågsøy kommune hadde dårleg råd, og enden på visa vart at Hamnevesenet gav eit tilskot på 31 800 kr. Dei fann at dette var til betre nytte enn å gjera noko med landingsplassane. Vegen vart bygd ferdig mellom 1933 og 1938.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Os, Edvard: Selje og Vågsøy. Oslo 1957.
Vågsøy kommune: Verneplan for bygningar.

PERMANENT IDENTIFIKATOR