Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 03. april 2019

Sist oppdatert 31. mai 2021

Kategori

Rå-data

Tundra, Tundrestigane og Tundradalskyrkja



Desse namna finn vi i Indre Nordfjord og Indre Sogn. Tundra er namnet på ei elv i Erdalen i Oppstryn. Ein gammal gangstig i eit stupbratt fjell på garden Ulvedal heiter Tundrestigane, og i Luster finn vi fjellet Tundradalskyrkja. Felles for alle namna er ordet «tundre/tundra», som vert uttala med trang /o/, /tondra/ med tonem 2. Kva tyding har dette ordet?

Sulkja.

Sulkja.

Datering: 2018

Fotograf: Arne Myklebust


Tundra i Oppstryn er eit sjeldant elvenamn og den einaste elva med dette namnet i fylket vårt (sjå kartfesting nedst i artikkelen). Oppe i fjellsida ligg Tundraskaret, og Tundraskorane, lenger oppe Tundraskarsbreen. Elva deler seg like før ho renn inn i hovudelva Erdalselva, området mellom elvane kallar dei Tundramyllå. Men «Tundre-» finn vi og som føreledd i namnet Tundrestigane på garden Ulvedal på Blakset. Her renn det inga elv. 

Kva er Tundre /tondre/?

Ordet /tondre/ har nok dei fleste gløymt i dag. Og det er forvirrande at det er brukt som føreledd i tre heilt ulike naturfenomen – ei elv, ein stig og eit fjell.. Av alle eg har spurt, var det berre ein eldre mann i Jølster som kjende ordet. På norrønt heitte det ”tundr n”. Verbet var ”tundre” = fate, begynne å brenne. Tydinga og bruken finn du i Arbo Høeg: Planter og tradisjon. «Tondre» fekk dei av den knøsken (eldkjuka) som veks som ei skive på tørre stammar av lauvtre, helst bjørk, også kalla «tondrekjuke». Denne samla dei inn, og tørka. Dei skava av det underste laget med kniv, til eit fint mjøl. Dette brukte dei til å tenne opp med ved å slå gneistar med eldjarn mot flintstein. Gneistane fall i «tondra», og så bles dei til det loga opp. Den tids fyrstikker!  Jmfr. uttrykket «tørr som knusk». På dansk skriv dei «tønder». Jfr. «å tendre, tenne» = sette fyr på. På svensk heiter det «tända». Både i engelsk og skotsk finn vi: «tinder», «tender» og «tunder». I Nederland «tonder», og i tysk språk «Zünder». Flintstein heitte på norrønt «tinna». Dette er altså eit gammalt fellesgermansk ord.

Kan Tundre, eit tennstoff, verkeleg gi namn på elver og fjell?

Men kan det vere dette ordet som er føreledd i elvenamnet? Det er uvanleg at ei elv har namn etter eit tennstoff, oftast hadde dei namn etter lyden dei lagar, fargen eller elvafaret. Men flora og fauna har og gjeve enkelte elvar namn (t.d. Fura, Lauva). Per Hovda nemner ikkje namnet i «Norske Elvenamn», men i ein annan artikkel i boka «Frå hav til hei». Han meinar det kan kome frå «tundr», av eit verb «tenda» = tindre, lyse opp. «Desse elvane har blankt og klårt vatn.» (s.180) Men elva Tundri finst også i Skjåk, i Nore og i Rollag. O.Rygh tolkar dette namnet i Skjåk som «tundr» = opptenningsemne. Det er denne elva som har gitt namn til fjellet Tundradalskyrkja i Luster, like ved grensa til Skjåk. Frå fylkesgrensa renn denne elva gjennom den lange Tundradalen austover til Dønfoss bru.. Asbjørn Dagsgard drøftar  namnet i «Målet i Lom og Skjåk». Han skriv:

«Det er vanskeleg å sjå noko samband mellom ei elv og desse to orda. Når ein kjenner denne elva, og veit at ho stuper seg nedover den eine høge fossen etter den andre mellom djupe og tronge gjel, og med meir dunder og larm enn kanskje nokor anna elv vidt ikring, så må ein undrast på om ikkje dette elvanamnet kan ha samband med verbet «dondre». I eldre dialekt sa dei kanskje også «tondre». Det er ikkje urimeleg å tenkje seg at elvenamnet Tondra tyder «elva som dundrar»

Men denne siste tolkinga kan ein vel finne språkleg urimeleg.

Ulike forklaringar

Det er nok sannsynleg at desse to namna, Tundrestigane og Tundra, har ulik forklaring. At elvenamnet kjem av at der er blankt og klårt vatn, er ei mogleg forklaring. Asbjørn Dagsgard og Per Hovda sine namneforklaringar av elva i Skjåk høver iallfall ikkje på Tundrestigane på Ulvedal, for der er det ikkje noko som dundrar eller tindrar, der renn heller ikkje vatn. Desse stigane går langs kanten av eit bratt fjell med mykje gammal skog. Her er det rimeleg å tru at dei samla den knusken dei kalla «tundre». Denne brukte dei vel sjølve til å tenne opp med, men vi har ei skriftleg som fortel oss at knusk vart teke med på jektene og selt til Bergen. Arbo Høeg fortel i boka «Planter og tradisjon» at ein av informantane hans frå Vågsøy sa: «I gamle dagar var det ein heil heimeindustri inne i fjorden å reinska og turka knøsk og føra til Bergen». «Tondre» var kjent både i Nordfjord og Sunnfjord.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Webarkiv for stadnamn


Aasen, Ivar (1873-1977): Norsk Ordbog, Femte Udgave. Oslo, Fonna forlag


Arbo Høeg, Ove (1974): Planter og tradisjon. Floraen i levende tale og tradisjon i Norge (1925-1973). Oslo, U-forlaget

 


Hovda, Per (1966): Norske elvenamn. Oslo-Bergen, U-forlaget


Hoff, Ingeborg; Oftedal, Magne og Ekre, Lars (Red.) (1978): Frå hav til hei. Heidersskrift til Per Hovda på 70-årsdagen 17.okt. 1978. Oslo-Bergen-Tromsø, U-forlaget


Dagsgard, Asbjørn (2006): Målet i Lom og Skjåk. Lom: kommunane Lom og Skjåk.

PERMANENT IDENTIFIKATOR