Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 26. april 2019

Sist oppdatert 29. januar 2020

Kategori

Rå-data

Sundane, Sundene eller Åkresundet



Namnet Søndane - i denne artikkelen skriv eg Sundane - finst som teigenamn på innmark på ganske mange gardar, mest i Nordfjord og Sunnfjord. Uttalen er vanlegvis /eit sønd/ og i fleirtal /søndane/ eller /søndene/. Ein kunne utan vidare tru at eit slikt stadnamn er knytta til sjø og vatn, men desse namna blir berre brukt på innmark, dyrka mark. Det krev ei forklaring.

Teigen Sundane på garden Dokset i Stryn.

Teigen Sundane på garden Dokset i Stryn.

Datering: 2015

Fotograf: Kristian Solvang

Sund finst både på sjø og land

Dette er det same ordet som «sund n» = trongt farvatn. Det blir skrive på same måten på norrønt. Opphavleg skal visst ordet ha tydinga «stykke en svømmer over». Dette skriv Alf Torp. I Agder og Telemark er framleis brukt verbet «å sunda, å synda» om å symje. Men ordet «sund» vart og brukt på land. Oluf Rygh skriv: «Nogle af dette Ord kommende Navne synes at forutsætte Betydningen: trangt Pas paa Land, smal Strimmel mellem  Jordsmon af anden Art; denne Betydning kan med Sikkerhed paavises paa Island». Dette skriv han i Norske Gaardnavne XII. Men det er overraskande at vi ikkje finn «sund» med denne tydinga i Ivar Aasen si Norsk Ordbog frå 1873.

«Sundane» finn vi mellom åkrane

No treng vi altså ikkje dra til Island for å finne slike døme. Det finst rikeleg med slike namn i Nordfjord og Sunnfjord, men svært sjeldan i Sogn. På Vangsnes i Vik finn vi gardsnamnet Sundene og garden ligg ikkje ved vatn eller fjord. Berre i dei bygdene i Stryn som er nemnde nedanfor finn vi dette stadnamnet ca. 30 gonger. Teigane med dette namnet er relativt flate og jamne, har grøderik jord, og var tidlegare gammalt åkerland. Åkrane låg sjølvsagt på den beste jorda, så på Sundane hadde dei nok mange av åkrane sine. Påfallande ofte ligg teigen i dag inn til grensa mellom 2 bruk. Før dei store utskiftningane av innmarka for 100 – 130 år sidan, i teigedelinga si tid, var gode åkerteigar delt mellom fleire brukarar. Imellom dei små åkrane eller mellom åkeren og ei elv eller ein hammar, var det då smale jordstykke med eng. Der kunne folk gå, og der kunne hesten så vidt snu når dei pløgde. Dette var altså eit «sund», uttala /sønd/, på land, og fordi det var fleire åkrar og mellomrom: Sundane og Sunda, i Indre Nordfjord uttala /søndane/ og /sønda/.

«Sundene» i Sunnfjord og «Sundane» i Nordfjord

I Stadnamnarkivet for Sogn og Fjordane er namnet Sundet ført opp ca. 80 gonger, dei fleste av desse på innmark, dei fleste i Sunnfjord og Nordfjord. Berre i Jølster er det oppført 20 gonger. Då har eg ikkje teke med alle dei sunda som finst langs kysten og er knytta til sjøen. Det er interessant at i kystkommunane presiserer dei ofte «sund» på dyrka mark med namnet Åkresundet (sjå kartfesting på Åkresundet i Fjaler nedst i artikkelen), det er 25 slike namn i Fylkesarkivet si stadnamnsamling. Då var det ingen tvil kvar sundet låg! Forma Sundane førekjem sjeldnare, det ser ut til å vere eit Nordfjord-fenomen, her er det desto rikelegare av dei.

Svært mykje brukt teigenamn i Stryn

I namnematerialet frå Stryn eg har gått gjennom, finn vi Sundane eller Sundet i bygdene Innvik, Utvik, Tistam, Moldrheim, Randabygda, Fjella, Blakset, Robjørgane, Faleide, Olden og Oldedalen. Det er såleis eit svært vanleg stadnamn. Eg reknar med at Sundane eller Sundet finst på fleire andre gardar i Stryn kommune. I Utvik finn vi Sundane på Bruland og Myklebust, på Bruland også Mjåsundet, namn på ei smal åkerremse (mjå = smal). I Innvik på Skåden finn vi Sundane to gonger, på Hilde, Heggdal og Lyslo finn vi også Sundane. På Tistam finn vi Sundane, på Moldrheim Sunda. I Tom Schmidt: «Teigenamn frå Randabygda» har han skrive opp 8 slike namn. På Nordsida finn vi Fagresundet på Fjellkårstad, og Sundane på desse 8 gardane: Gald, Ulvedal, Roset, Øyestad, Blakset, Steinsåker, Dokset og Teigen. Sundane finn vi og på Robjørgane. Faleidssundet er namnet på ei smal stripe frå det gamle Faleidstunet og austover ned til Sjønå. Det var ein gong- og køyreveg til sjøs, med åkrar på begge sider. Seinare vart Den Trondhjemske Postvei lagt etter same linja (ca. 1786-90). På Bruvoll og Muri i Olden har dei Sundet.

«Sund» er grammatisk ustabilt

Det er merkeleg at ordet ”sund” i fleire bygder har skifta kjønn. Substantivet vert bruk både i maskulinum, femininum og nøytrum. Det er opphavleg eit nøytrumsord: «eit sund - sundet», b.form fleirtal «sunda». Men forma Sundane må vere hankjønn eller inkjekjønn fleirtal. Til alt overmål blir «sund(e)» også fleire stader brukt som hokjønnsord: Sundene (bl.a. i Randabygda). I Hennebygda brukar dei forma Syndane.

Ordspelet «Vi har sønda!»

På garden Steinsåker på Nordsida har dei jamvel laga eit ordspel av dette stadnamnet, fordi uttalen /sønd/ og kan også blir brukt om det religiøse ordet «synd»: «Vi ha sønda, og inni Teija ha dei sønda, men nedi Hagå ha’kje dei sønda». (Grannegardane Teigen og Hagane)

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Webarkiv for stadnamn


Aasen, Ivar (1873-1977): Norsk Ordbog, Femte Udgave. Oslo, Fonna forlag


Schmidt, Tom: (1976) Teigenamn frå Randabygda, utrykt hovudoppgåve, UiO


Rygh, Oluf: (1919) Norske Gaardsnavne, (NG) bind XII, Kristiania, W.C.Fabritius & Sønner A/S


Torp, Alf (1919): Nynorsk etymologisk ordbok. Kristiania, Aschehoug

PERMANENT IDENTIFIKATOR