Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. februar 2011

Sist oppdatert 05. desember 2017

Kategori

Ferjestaden Hella



Sommaren 1956 gjekk Olav Hellen for presten. Han rodde frå Hella til Dragsvik og gjekk derifrå ut til kyrkja. I oktober same året gjekk det ferje for første gong på same strekninga. Tysdag 17. oktober 1956 er opningsdatoen for trekantsambandet Dragsvik-Hella-Vangsnes.

<p>Postkort fr&aring; 1957.  Det viser to ferjer. &rdquo;Leif 1&rdquo; ligg til kai p&aring; Dragsvik-plassen. &rdquo;Sogn&rdquo; er p&aring; veg inn til Vangsnes-plassen. Fylkesbaatane overtok &rdquo;Sogn&rdquo; i juli 1956. Ho gjekk i sambandet Balestrand-Vangsnes - Grinde (Leikanger) til utp&aring; hausten d&aring; ferjekaiane var ferdige. Sommaren 1957 fekk &rdquo;Sogn&rdquo; vanskar med den eine maskinen og m&aring;tte g&aring; med redusert fart. Fylkesbaatane sette inn leigeferja &rdquo;Leif 1&rdquo;. &nbsp;</p>

Postkort frå 1957. Det viser to ferjer. ”Leif 1” ligg til kai på Dragsvik-plassen. ”Sogn” er på veg inn til Vangsnes-plassen. Fylkesbaatane overtok ”Sogn” i juli 1956. Ho gjekk i sambandet Balestrand-Vangsnes - Grinde (Leikanger) til utpå hausten då ferjekaiane var ferdige. Sommaren 1957 fekk ”Sogn” vanskar med den eine maskinen og måtte gå med redusert fart. Fylkesbaatane sette inn leigeferja ”Leif 1”.  

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 1957

Fotograf: Postkort, Normann.

Sentralt ferjesamband over Sognefjorden

Hella ligg på nordsida av Sognefjorden heilt vest i Leikanger kommune. Den eine garden her fekk vegutløysing austover til Leikanger i 1956. Vegen kom som ein del av etableringa av ein kortare ferjestrekning i vegsambandet Sogn (Dragsvik, Balestrand) -Sunnfjord (over Gaularfjellet) og vegsambandet Sogn (Vangsnes, Vik) – Hordaland (over Vikafjellet). 
Rekna austfrå er Vangsnes-Hella-Dragsvik ferjesamband nummer to av fire ferje samband over Sognefjorden (2011). Og rekna sørfrå, frå Rogaland, er sambandet Vangsnes-Hella-Dragsvik nummer fire av like mange ferjesamband på riksveg 13 som går frå Sandnes, gjennom Hordaland til Moskog i Førde.

”Finaste ferjeplassen i Sogn”

Sommaren 1956 gjekk anleggsarbeidet på den nye ferjekaia for fullt på Hella. ”Eit svært anlegg”, skreiv avisa Sogn og Fjordane, ”det vert to kaiar, ein for trafikken over til Dragsvik og ein for trafikken til Vangsnes.” Og dei rekna med at her ville det vera ferjetrafikk til alle tider. Reint teknisk kunne det nok byggjast bru, men kostnaden ville bli for høg, ”så det vil i alle fall gå nokre år enno før ei slik bru kjem,” skreiv Sogn og Fjordane i 1956, under overskrifta ”Hella får finaste ferjeplassen i Sogn”.

Storhending

Ferjestrekninga Hella-Dragsvik opna tysdag 17. oktober 1956. Torsdag 19. oktober var det formell overlevering av vegparsellen Suphamar-Hella-Dragsvik. Med på avleveringa var fylkesmann Nikolai Schei, vegsjef Abrahamsen, overingeniør Helsing, oppsynsmennene Sandal og Teigen, lensmann Steine i Balestrand, ordførar Bøthun i Leikanger, ordførar Hovland i Balestrand og disponent Drægni i Sogn Billag.

Etter synfaring på vegparsellen Suphamar-Hella og ein stogg på ferjestaden, reiste følgjet med ferja ”Sogn” til Dragsvik der dei samlast til samkome på Dragsvik pensjonat. Fylkesmann Schei sa mellom anna:

”Dette er ein av dei størst dagane i vegsoga i fylket. Med vegen Leikanger-Hella og ferje over til Dragsvik vert døgret 5 pst.lenger for dei som reiser gjennom fylket. Reisetida gjennom fylket vert korta inn med minst 50 minuttar, og når ein tenkjer på kor mykje tida har å seia for alle i vår hastverks tidsalder, er det klårt for alle at denne vegoverleveringa representerer store ting. Denne gongen har me lagt ein stor provins til stamvegen gjennom fylket frå Oppland grense, over Lærdal-Kaupanger-Sogndal-Hella, Dragsvik-Moskog-Stryn.

Eg vonar me alle får høve til å sanna at me har fått valuta for dei pengane som er brukte her. Eg gratulerer Balestrand og Leikanger kommunar med denne moderne gjennomgangsåra, som også er utløysingsåre for delar av båe konmmunane.”

Mykje sprengingsarbeid

Hella ferjekai var dyr å opparbeida på grunn av mykje sprengingsarbeid. Nesten heile plassen vart sprengt ut. Ingvald Hellen hadde bustadhus tett attmed. Han fekk stadig vindauge knuste av salvane. Vegvesenet fann det billegare å erstatta rutene enn å sprengja med mindre salver, ”puff-sprenging”. 60 glasruter gjekk med. Rundt 1987 vart ferjeplassen mykje utvida med større oppstillingsfelt og utbetra kai-anlegg.

I 1992 vart området mot vest ved kiosken og sanitæranlegget opparbeidd etter arkitektkonkurranse. Målet var å gjera ventetida på Hella til ei positiv oppleving. Naturstein er dominerande i anlegget, saman med frodige buskar og tre, og ei ”kjempestor” leikeferje for dei små.

Ferjeekspeditør i 41 år

Olav Hellen, busett på Hella, vart tilsett som ferjeekspeditør i 1958. Etter 41 år gjekk han i 2001 av med pensjon. Ingen kjenner ferjestaden Hella som Olav Hellen. 

kjelder:

 Avisa Sogn og Fjordane, juni, oktober,1956.

Munnleg informasjon frå:
Olav Hellen, Leikanger.