Kulturhistorisk leksikon

Rederi (28)

  • Dampprammen «Viken» - rutefart Bergen-Sogn 1869

    2. desember 1858 byrja reiarlaget Nordre Bergenhus Amts Dampskibe (frå 1919 Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane) rutefart Bergen – Sogn. Etter kvart prøvde andre seg og. Hausten 1869 sette Bergens Dampprammelag inn dampprammen «Viken». Men det ser ut til at rutefarten var kortvarig, berre to turar, og elles ei rein lasterute.

  • Jerndampskipet «Vøringen» i rutefart Bergen - Sogn hausten 1873

    År 1873 fanst det to dampskip i Bergen med namnet «Vøringen». Det eine var eit jerndampskip, bygd 1861 i Hull. Det andre var eit tredampskip, bygd 1872 i Bergen. For å skilja dei, vart det av og til i annonser og omtale brukt høvesvis jerndampskipet «Vøringen» og tredampskipet «Vøringen». Det var jerndampskipet «Vøringen» som hausten 1873 gjekk i rutefart Bergen – Sogn.

  • Fylkesbaatane – fødsel på DS «Sogn» år 1934

    «Pressen i Bergen slo stort opp om hendelsen og titulerte «Sogn» med et nytt navn, nemlig «Det flytende fødehjem». Det er los Bendiksen som fortel dette, i boka si Minner fra Sjømannslivet (1962). Artikkelen her fortel om hendinga bergensavisene «slo stort opp»: Fødsel om bord på DS «Sogn» i snøggrute Nordfjord – Bergen våren 1934. Men ikkje berre ein fødsel.

  • Fylkesbaatane – Stoppestaden Hundvik

    Boka Dampen og kaia (1998) handlar om rutebåt-stoppestadene i Sogn og Fjordane i perioden 1858-1998. Finn B. Førsund fortel om 234 stoppestader. Men Fylkesbaatane hadde fleire stoppestader. Ein av dei var Hundvik i Nordfjord.

  • Om Fylkesbaatane i tida 9. april – 16. mai 1940

    Måndag 8. april 1940 hadde avisa Sogn og Fjordane (Leikanger) ei notis om Fylkesbaatane sine avgangar frå Bergen til Sogn i tida 8. til 14. april. «Kommandøren» skulle gå frå byen måndag, klokka 21.30, og tysdag 9. april var det «Alden» sin tur. Slik vart det ikkje. «Kommandøren» gjekk frå Bergen etter ruta; derimot ikkje «Alden» og dei andre oppsette rutebåtane. Tysdag 9. april var Bergen ein okkupert by. Og det skulle gå fem veker til neste avgang Bergen – Sogn og Fjordane.

  • Fylkesbaatane – Angrepet på ds Gula 14. november 1944

    Fylkesbaatane sytte for heilt nødvendig transport under krigen 1940-1945. «Det gjekk stort sett bra, men det var ofte påkjenningar», sa FSF-veteran Olav Bøthun i eit portrettintervju då han runda 75 år. Ein av dei verste «påkjenningane» for mannskap og reisande på Fylkesbaatane i krigsåra 1940-1945 var angrepet på «Gula» hausten 1944. I rute frå Bergen til Dalsfjorden blei båten angripen av ein alliert flystyrke. To menneske miste livet og fem vart såra.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gulen
  • Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane – Skorsteinsmerket

    «Det sterkaste skipsfartssymbolet vi har her i landet, heilt tilbake til 1858. Glinsande svart med knallraudt magebelte. Den gjev eit visuelt uttrykk som er heilt eineståande uslåeleg». Det var Jan Ormberg sin karakteristikk av FSF-skorsteinen i eit engasjert avisinnlegg i 2009. Forfattaren av boka "101 Fjordabåtar. Fartøya til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-2008" skildrar den same skorseinen i litt snauare ordelag: «Fylkesbaatane har svarte skorsteinar med eit raudt felt på midten.»

  • Fylkesbaatane – "Fanaraaken" berga militærflygarar 1. september 1939

    «Eg spør meg, var krigen i Noreg byrja?» Det var Brynjulv Østertbø, fødd 1928, oppvaksen i Høyanger og busett i Bergen, som kring år 2000 stilte spørsmålet i avisa Ytre Sogn. Han fortalde om ei «krigshending» ved Kyrkjebø fredag 1. september 1939, same dagen som tyske styrkar rykte inn i Polen. Østerbø refererte frå nyhendeoppslag i Høyanger Avis. Dessutan kunne han fortelja meir enn det som stod i avisa. Avisa Sogningen hadde stort oppslag om hendinga onsdag 5. september.

  • Fylkesbaatane – Med Gamle Dampen frå Flåm til Ornes 1938

    «I ferien reiste me alltid til Ornes og bestefar på ferie.» Magne Bjørnestad (1928-2001) budde i Flåm. På slutten av livet skreiv han artikkelserien På historisk vandring. Artiklane stod i Sogn Avis og kom også ut i bok. Ein artikkel som ikkje kom med i boka, handlar om reiser frå Flåm til Ornes. Det var spennande turar for ein gutunge. Her er artikkelen attgjeven med innsette mellomtitlar.

  • Fylkesbaatane – Kupassar rundt Novene på 50-talet

    I mange år frakta rutebåtane levande dyr; livdyr og slaktedyr, både på kortare og lengre strekningar. Det finst mange historier om dyretransport. Dyra vart ofte heiste om bord i segl eller kassar og plasserte under dekk. Men ikkje alltid. Rolf Orheim fortel om ei nokså spesiell dyretransport-historie i Firdaposten 25. april 2002.

  • Fylkesbaatane si andre ferje med namnet Gudvangen

    Hausten 2000 kjøpte Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane ferja «Rinna» frå Møre og Romsdal Fylkesbåtar. Reiarlaget endra namnet til «Gudvangen» og bygde ho om til å berre frakta passasjerar. Turistferja «Gudvangen» gjekk på Aurlandsfjorden/Nærøyfjorden i 12 år. Tysdag 2. september 2014 sette ho kurs sørover frå Bergen på veg til Australia. No med dronningnamnet «Queen of Melbourne».

  • Fylkesbaatane – Stoppestaden Midtfjords

    «I don't believe it! People are just stepping from one boat to the other on the open sea!» (Spontant utbrot frå ei engelsk dame som sommaren 2010 fekk oppleva å vera vitne til at Fylkesbaatane sin snøggbåt i rute Bergen – Flåm gjekk opp på sida av ei ventande ferje i rute Kaupanger – Gudvangen). Korrespondanse mellom fartøy i Aurlandsfjorden/Sognefjorden tok slutt 2012. Denne korrespondansen hadde då vore praktisert i minst eitt hundre år.

  • Fylkesbaatane – Om saluttkanoner

    Dei første skipa til Fylkesbaatane var utstyrte med kanon for å fyra av lausskot. Båtane salutterte som helsing eller heidersuttrykk. I 1909 salutterte ein av amtsbåtane då båten la frå kai i Vik. Den salutten blei det avisskriverier om. Skipskanona kunne også nyttast til anna enn saluttering.

  • Fylkesbaatane – Gamle minne dukkar fram

    «Me lærde oss å kjenna eimbåtane på fløyta. Sjølv om det var mørkt so visste me kva for ein det var. Når det var lyst og båten kom til Nessane eller Sylvarnes so såg me eimen då båten fløytte, me tok då den tidi som gjekk til me høyrde lyden, og kunde soleis rekna ut avstanden.» Dette fortel Bjarne Geithus i Fylkesbaatane sitt meldingsblad Amtet 3/1982. Han budde på den veglause garden Geithus i Vik kommune.

  • Fylkesbaatane – John Hærum, mannskap på same båt i førti år

    «..en sammenhengende tjenestetid av 40 år om bord i ett skip, (…) er vel det eneste som kan oppvises i Norges sjøfartshistorie ..» Det skreiv los Bendiksen i ei helsing til båtsmann John Hærum då Hærum fylte 75 år i 1955. «I hvert fall har ikke jeg hørt om noen», la han til.

  • Fylkesbaatane – Om skipsfløyter

    «Vi på Berstad såg ikkje sjøen eller båtane derifrå, men vi kjende dei på «målet» som vi høyrde heilt opp til oss.» Kjølsdalen i Nordfjord var stoppestaden til folket på garden Berstad. I åra 1858 – 2000 hadde Fylkesbaatane over 200 stoppestader. Regelen var at båtane varsla anløp med eit langt støyt i fløyta. Artikkelen her presenterer nokre smaksprøver frå Fylkesbaatane si fløytehistorie.

  • Fylkesbaatane – Stoppestaden Barlindbotn

    Barlindbotn i Flora kommune var ein av nær 250 båtstoppestader i Sogn og Fjordane. Fylkesbaatane sitt blad Amtet, har i nr 1/2 1976 eit stykke om Barlindbotn. Det er skrive av ein ikkje namngjeven person frå staden. Her er stykket attgjeve slik det står i bladet, bortsett frå mellomtitlar og innskotne ord i hakeparantes til utfylling.

  • Fylkesbaatane - Eg døyper deg...

    Onsdag, 26. april, år 2000, var det skipsdåp i Høyanger. Fylkesbaatane fekk overlevert sin nye katamaran «Sylvarnes», det første fartøyet i ein ny generasjon hurtiggåande lokalbåtar. Gudmor var Grete Sandal, gift med fylkesordførar Nils R. Sandal. Boka «101 Fjordabåtar. Fartøya til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858 – 2000» har noko om dåp i omtalen av 50 fartøy, for det meste avgrensa til når det skjedde og kven som utførte dåpshandlinga.

  • Fylkesbaatane – Gallionsfiguren til ds Hornelen

    Gallionsfiguren på DS «Hornelen» (1866-1951) har plass i Fjord1 sitt administrasjonsbygg i Florø. Det er ein kvinnefigur, truleg laga av ein ukjend kunsthandverkar i Newcastle. Då «Hornelen» vart skrota i 1951, gav Fylkesbaatane figuren til museet på Kaupanger. Sigrunn Lundestad, første kvinne i Fylkesbaatane sitt styre, reiste spørsmålet om å få gallionsfiguren tilbake, og i 1986 vart ein restaurert gallionsfigur høgtidleg avduka.

  • Fylkesbaatane – Ruter og rutehefte

    Eldre ruter og rutehefte er ei kjelde til historisk kunnskap, - om fylkesreiarlaget Nordre Bergenhus Amts Dampskibe (1919 namneendring til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane) og om samferdsle-historie vidare i tyding. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane held på å byggja opp ei rutesamling. Pr. august 2020 omfattar samlinga nær 80 ruter/rutehefte. Det føreligg register (sjå lenger nede).

  • Fylkesbaatane – Frå dampen til katamaranen.

    «For ein landkrabbe var det litt av eit eventyr å reise med desse stolte skutene. Eg tenkjer då særleg på båtar som «Nordfjord I», «Kommandøren» og den nyaste av alle, «Fanaråken». Det er Einar Berstad frå Kjølsdalen i Nordfjord, fødd 1924 som skriv dette i boka Med koffert og kalosjar. Kapitlet «Frå dampen til katamaranen» er Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane-historie; eit stykke minnemateriale.

  • Fylkesbaatane – På veg til fylkestinget 1857 med DS «Patriot»

    Ein dag i juli 1857 kom kjøpmann D.B. Martens til Lærdalsøyri. Han hadde vore på turistreise i Indre Sogn og skulle no heimatt til Bergen, med hjulbåten «Patriot». På strekninga utover mot Vadheim fekk han reisefølgje av fylkesmann Aubert , futen Landmark, andre embetsmenn og nesten alle ordførarane i Indre Sogn. Dei var på veg til fylkesting i Førde. Ei av sakene var skiping av fylkeskommunalt dampskipsselskap.

  • Det Stavangerske Dampskibsselskab (DSD) i Sogn og Fjordane

    1.mai 2012 tok NORDLED over ekspressbåtrutene mellom Sogn og Fjordane og Bergen. Fjord1 tapte anbodskonkurransen i 2010. DSD eig 100% i NORLED og alle NORLED-fartøya fører DSD sitt rederiflagg. På ein måte var det DSD som kom til Sogn og Fjordane 1. mai 2012, men Sogn og Fjordane er på ingen måte nytt farvatn for DSD/Stavangerske.

  • Kommandøren i Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane

    ”Den Udvikling vor Dampskibsfart har havt her i Amtet, skyldes for en ikke uvæsentlig Del Kommandør Lous.” Desse orda stod i florøavisa Nordre Bergenhus Amtstidende då Hugo Fredrik Baldvin Lous døydde 16. mars 1899. Kommandør Lous var administrerande direktør i Nordre Bergenhus Amts Dampskibe frå starten i 1858 til 1896. Lous gjekk under namnet Kommandøren. I 1891 vart Kommandøren heidra med namnet på eit nytt skip.

  • Fylkesbaatane - frå 25-årsjubileet 1883

    År 1883 hadde Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (Nordre Bergenhus Amts Dampskibe (1858-1919) fire store skip og to små. Den 2. desember var dei fire store samla i Bergen. Dei låg ved sida av kvarandre, var ”dekorerede med Flag” og om kvelden ”oplyst med Lamper”. Anledningen var ”Dampskibenes 25 Aars Jubilæum.”

  • Fylkesbaatane - Nytt dekkshus på ds "Fjalir" 1883

    DS ”Fjalir” gjekk i rute for Fylkesbaatane frå 1858 til 1940. Båten si soge er interessant. Det finst skriftlege kjelder mange stader, mellom anna i Hornindal. Der går det fram at ”snedkermester Ole Holmøe” bygde dekkshus på ”Fjalir” vinteren 1883.

  • Fylkesbaatane - Firda eller Kveldulf?

    ”I Pressen saavel som ude i Almenheden har man begyndt aa diskutere Navnet på det nye Amts-Dampskip, og de fleste er herunder blevet staaende ved ”Kveldulf”. Dette stod å lesa i Fjordenes Blad (Fjordabladet), 12. desember 1898. Det blei korkje Firda eller Kveldulf.

  • Fylkesbaatane - Frå krigsskip til fjordabåtar

    Tett innunder jul 1947 og på nyåret 1948 kom dei to tidlegare ubåtjagarane HMS «Kildwick» og HMS «Kilham» til Noreg. Dei skulle ombyggjast og bli til passasjerbåtane «Sunnfjord» og «Sognefjord».