Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 22. oktober 2018

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Rå-data

Jerndampskipet «Vøringen» i rutefart Bergen - Sogn hausten 1873



År 1873 fanst det to dampskip i Bergen med namnet «Vøringen». Det eine var eit jerndampskip, bygd 1861 i Hull. Det andre var eit tredampskip, bygd 1872 i Bergen. For å skilja dei, vart det av og til i annonser og omtale brukt høvesvis jerndampskipet «Vøringen» og tredampskipet «Vøringen». Det var jerndampskipet «Vøringen» som hausten 1873 gjekk i rutefart Bergen – Sogn.

DS «Vøringen» (1861-1928), «utstyret med megen Eleganse» (lesarbrev i Bergens Adressecontoirs Efterretninger, 24.09.1873). Opplysningar om storleik m.m. i salsannonse 12.01.1874: ««Vøringen» er overmaade solid og stærkbygget, forsynet med ny Kjædel, nyt Maskineri paa 30 H.K. samt surface condensor. Den er 102 Fod lang, 15 ¾ Fod bred, og 8 Fod Dybgaaende. Farten 9 Mil med et Kulforbrug af 1 ¼ Td. Pr. Time. Den laster ca 400 Tdr. og har smukke Passagerbekvemmeligheder. Inventariet er rigt udstyret.»

DS «Vøringen» (1861-1928), «utstyret med megen Eleganse» (lesarbrev i Bergens Adressecontoirs Efterretninger, 24.09.1873). Opplysningar om storleik m.m. i salsannonse 12.01.1874: ««Vøringen» er overmaade solid og stærkbygget, forsynet med ny Kjædel, nyt Maskineri paa 30 H.K. samt surface condensor. Den er 102 Fod lang, 15 ¾ Fod bred, og 8 Fod Dybgaaende. Farten 9 Mil med et Kulforbrug af 1 ¼ Td. Pr. Time. Den laster ca 400 Tdr. og har smukke Passagerbekvemmeligheder. Inventariet er rigt udstyret.»

Eigar: Bergens Sjøfartsmuseum

Datering: 1868

Fotograf: Måleri av Fredrik Martin Sørvig

Bygd i Hull – ferdigstilt i Bergen

Jerndampskipet «Vøringen» blei bygd år 1861 i Hull, England, for britisk kunde. Av ein eller annan grunn vart kontrakten avbroten, og skipsverftet Brunchorst & Dekke (pr. 1861 var Ananias Dekke eigar), Bergen, overtok skipet før det var fullt ferdig. Skipet fekk namnet «Vøringen», etter den vidgjetne fossen i Hardanger.

Bergen – Hardanger dei første åra

«Vøringen» gjekk i åra 1861-1871 i rutefart Bergen – Hardanger/Sunnhordland. Hausten 1871 selde A. Dekke skipet til eit interessentskap i Arendal. «Vøringen» blei ikkje verande lenge på Austlandet. Etter berre to år, i 1873, kjøpte «J. Hansen m.fl.» «Vøringen» tilbake til Bergen. Den nye eigaren sette «Vøringen» i regelmessig rutefart Bergen – Sogn.

«Vøringen» begynder sine Route ..»

Fredag 18. september 1873 hadde Bergens Adressecontoirs Efterretninger (BAE) annonse om at DS «Vøringen» skulle byrja rutefarten sin Bergen – Sogn, tysdag, 22. september, og vidare gjera to turar i veka, med avgang frå Bergen måndag og torsdag, kl. 12.00. Ekspedisjonen si adresse var «C. Haavaldsen, Petanebryggen».

«der [blev] salutert og flagget»


Den same avisa hadde 30. september eit innsendt stykke, datert 24. september, om «Vøringen» sin første tur Bergen - Sogn. Innsendaren er begeistra og full av lovord.

«Dampskibet «Vøringen» gjorde i gaar sin første Tour til Indresogn. Fra alle Anløbssteder blev der saluteret og flagget, og en Mængde Mennesker strømmede sammen overalt ved Anløbsstederne for at tage Skibet i Øiesyn. «Vøringen» der udpaa Høsten skal antage Navnet «Sogningen», er et lidet net Skib, utstyret med meget Eleganse, og særdeles vel indrettet. For 3die Plads’s Passagerer er der under Dækket indredet et meget lyst og venligt Rum med Kakkelovn, og forsaavidt altsaa bedre indrettet enn Amtets Dampskibe [pr. 1873 «Framnæs», «Fjalir» og «Hornelen»] hvor Dækspassagererne maa holde til i Lasterummet sammen med Heste og Kjør, naar de i stygt Veir og Kulde ikke kunne holde ud paa Dækket. Skibet passer i det heletaget godt for den Route den skal indtage.

I det vi altsaa ønske «Vøringen» velkommen, skulle vi til Slutning oplyse, at selv de Mænd, der med en vis Mistro imødesaa Skibets Ankomst, Alle som En vare enige i at erkjende, at vi nu i «Vøringen» har faaet et Skib, der saaledes tilfredstiller alle rimelige Fordringer, saaat Projektet om Anskaffelse af et nyt Dampskib paa Sogn [sjå siste avsnitt] maa betegnes som aldeles ubetimeligt og uheldigt al den Stund Amtets Dampskibe i Forbindelse med «Vøringen» fuldstændigt tilfredstiller Behovet.»

Regelmessig fart heile hausten – brått slutt

Føretaket «Vøringen», annonserte avgangane frå Bergen i fleire bergensaviser. Som alt nemnt var ruteopplegget to turar kvar veke, med avgang Bergen kvar måndag til Sogn - «Lyster», og kvar torsdag, til Sogn – Aurland. Avgangstidene var på føremiddagen, med litt varierande klokkeslett. Annonsene har ikkje med stoppestader på turane, men Lærdalsøyri var nok fast stoppestad på begge turane, etter som «Vøringen» var postførande og Lærdal var knutepunkt i postruta Bergen - Kristiania. Etter annonseringa å døma heldt «Vøringen» regelmessig rutefart heile hausten. Dei einaste unntaka var ei avlysing i oktober grunna dokksetjing (kan henda etter eit lite uhell) og to turar i slutten av desember. Annonse for begge turane 31.12. tyder på at ein tenkte seg å halda fram med rutefart i 1874, men så er det brått slutt på annonsene, (og på «Vøringen» sin regelfaste rutefart Bergen – Sogn). Den siste annonsen stod i BAE 3. januar, og 12. januar stod i same avisa annonse «Dampskib tilsalgs. Jerndampskibet «Vøringen» agtes solgt ..»

Konkurrent til Nordre Bergenhus Amts Dampskibe ?

«Vøringen» blei sett i fart mellom Bergen og Sogn; eit distrikt Nordre Bergenhus Amts Dampskibe NBAD (frå 1919 namneendring til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane) hadde trafikkert frå 1858, først med ein tur kvar veke, seinare med to. Dampskipsrutene Bergen – Sogn skaffa for si tid snøgt og regelmessig samband både mellom distriktet og byen, og mellom stoppestader lokalt, men det kom snart ønskje om fleire anløp. I 1866 skaffa utolmodige næringsdrivande eigen dampbåt, «Gudvangen», til lokal rutetrafikk i Indre Sogn, Lærdal-Aurland/Gudvangen og Lærdal-Luster. Båten gjekk jamt og trutt til sommaren 1873. Tiltaket ser ut til å ha kome som supplement til NBAD sine ruter, ikkje som konkurranse. Det same var truleg tilfelle med «Vøringen» sin rutefart hausten 1873, eit supplement, meir enn ein plagsom konkurrent. Dette kjem til syne i avisannonsene; dei to selskapa hadde avgang frå Bergen på ulike dagar.

«Med Dampskibet «Vøringen» sendes Postsager ..»

Statleg godtgjersle for postføring var ei viktig inntekstkjelde for dei første rutegåande dampskipa. NBAD hadde postføring, sameleis tidvis den privatdrivne dampbåten «Gudvangen» i Indre Sogn. Då «Gudvangen» slutta sommaren 1873, prøvde Postverket å finna erstatning for å halda oppe like god postgang. I ei annonse vart det oppmoda om å ta opp rutefart i Indre Sogn. Og «Vøringen» kom inn som erstattar for «Gudvangen». Annonsa i BT, 26.11.1873 viser t.d. at «Vøringen» frakta post i rutene sine frå Bergen til Sogn.

Etter «Vøringen» hausten 1873

Dei privateigde dampskipa «Gudvangen» og «Vøringen» supplerte i åra 1866-1874 det fylkeseigede Nordre Bergenhus Amts Dampskibe sitt rutetilbod i Indre Sogn. Då «Gudvangen» slutta sommaren 1873, var folk i Indre Sogn opptekne av at det lokale rutetilbodet vart halde ved lag. Handelsmann Hans Rue Døsen i Luster tok fatt på oppgåva å skaffa ein annan båt. Det blei skipa aksjeselskap. Så kom bergensbåten «Vøringen», som slutta etter berre fire månader. Døsen heldt fram med prosjekt Eigen båt på Indre Sogn. Han forhandla med Bergens mekaniske Værksted. Men då Staten våren 1875 på det næraste påla amtet/amtsbåtane å skaffa båt til lokal rutefart i Indre Sogn, trekte Døsen sitt initiativ. Og våren 1876 var nybygde DS «Lærdal» på plass, etter ein periode med innleigd transport

 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Bent, Mike: Steamers of the Fjords. 1989.


Stensaker, Asbjørn: Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane gjennom 100 år. (…) 1958.


Bergens Adressecontoirs Efterretninger 16.09.1863 


Bergens Adressecontoirs Efterretninger 18.09.1873


Bergens Adressecontoirs Efterretninger 24.09.1873 


Bergens Adressecontoirs Efterretninger 31.12.1873 


Bergens Adressecontoirs Efterretninger 12.01.1874


Bergens Tidende 26.11.1873


Bergens Tidende 31.07.1875


Knudsen, Kjell: Vøringen [1861] – et ukjent skip, Aust-Agder-Arkivet, Agderposten 19.01.1998

PERMANENT IDENTIFIKATOR