Meiningar om båtnamn
Det har frå tid til anna vore strid om namn på Fylkesbaatane sine skip. Til dømes vart det meiningsutveksling i høve reiarlaget sitt nye skip år 1888. Skulle namnet vera ”Alden eller ”Firda”? Det vart ”Alden”.
Ti år seinare, sommaren 1898, kom det opp eit tilsvarande ordskifte. Då skreiv Nordre Bergenhus Amts Dampskibe (frå 1919 Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane) kontrakt med Fevig Skipsbyggeri i Arendal om levering av nytt dampskip. Kostnadsråma vart sett til 255 000 kroner. Spørsmålet kring namn på den nye båten kom ikkje lenge etter at byggjekontrakten vart signert.
Journalist
Det gjekk føre seg ordskifte i lokalblada, til dømes i Fjordenes Blad. Journalisten Hans Kristoffer Nagell lanserte sin namnekandidat under overskrifta ”Kveldulf?”:
”Det har under haanden været antydet forskjellige navn passende for det nye Amtsskib. ”Firda” har været omtalt som det mest treffende. Men hvad med ”Kveldulf”? Det navn kan passe udmerket, syns vi, ja det er det bedste av de hittil nævnte. Og saa har man da kaldt opp igjen en af sagatidens mer berømte helteskikkelser.”
Historieprofessor
Seinare synte det seg at framlegget til Nagell fekk støtte av sjølvaste professor Ernst Sars. I brev til Nagell skriv professoren mellom anna:
”Hvad De af Dem nævnte Navne paa det nye Amt-Dampskib angaar, skulde jeg være mest tilbøielig at holde paa ”Kveldulf”, den store Høvding fra Fjordene, Stamfaderen for ”Myrmændenes” berømte Æt, hvortil Egil Skallagrimssøn og saa mange andre av Islands Første Skalder hørte.
Men den vidgjetne historieprofessoren og venstremannen Ernst Sars hadde og sans for namnet ”Fimreite” som forresten [er] et godt Navn, fordi det minder om en stor Bedrift af en av vor Histories største Mænd [dvs. kong Sverre]”.
Ernst Sars (1835-1917) var på denne tida ein av si tids mest særprega intellektuelle. Han var ein mykje lesen historikar, hadde vore ein sentral inspirator for kampen for parlamentarismen på 1870- og 80-talet, og engasjerte seg no sterkt for oppløysing av unionen med Sverige. Nagell må ha erkjent Ernst Sars sin posisjon som ”riks-kjendis”, med meiningar som kunne kallast autoritative, i alle fall innanfor området historie. Nagell refererte brevet frå Sars i avisa, og la til for eiga rekning at ”Denne meningsudtalelse fra en Mand som professor Sars turde forhaabentlig blive af nogen Betydning i omhandlende tilfelle…”
Nådde ikkje opp
Nå blei ikkje ”denne meningsudtalelse” ”af nogen betydning”. Dampskipsdireksjonen vedtok i april året etter, 1899, at båten anten skulle heite ”Firda” eller ”Firdir”. Det låg vel i korta at det var dette namnet som stod for tur denne gongen; namnet som tapte i kampen 10 år tidlegare. Ein annan grunn kan vere at Fylkesbaatane ønskte å sikra seg retten til å nytte dette tradisjonsrike namnet på sine fartøy, noko som vart særleg aktualisert etter at eit konkurrerande selskap fekk eineretten på namnet ”Nordfjord” i 1890.
Vedtaket vart endeleg stadfesta på Amtstinget i juni 1899. Då vart ”Firda” valt med 16, mot ”Fimreite” 11 og ”Firdir” 6 stemmer. Det var på førehand vedteke at dersom valet fall på ”Firda” eller ”Firdir”, skulle det voterast over desse to. Utfallet vart 18 for ”Firda” mot 14 for ”Firdir”.
Firdafylke
Norsk Allkunnebok har denne utgreiinga til oppslagsordet Firdafylke:
(...) av gamalnorsk firda, genitiv fleirtal til firdir, folk frå Firdir, fjordane Nordfjord og Sunnfjord, lengst nord i Bjørgvin bispedøme var dei bygder som no vert kalla Sunnfjord og Nordfjord. Her var to sysler, Nordfirdir og Sunnfirdir.
Kveldulv frå Fjordane
Det står om Kveldulv el Kveldulf i den islandske ættesoga Eglssoga. Kveldulv var frå ”Fjordane”, men nærare geografisk stadfesting går ikkje fram av Egilssoga. Det rette namnet var Ulv, men han fekk namnet Kveldulv, fordi han var fælt kveldsgretten. Kveldulv var gift med Salbjørg, dotter til Berdla-Kåre (Berle i Bremanger). Ein son heitte Grim, ein annan Torolv. Grim vart kalla Skallagrim fordi han var skalla. Begge vart kjende menn. Torolv Kveldulvsson vart velståande hovding på Helgeland. Grim vart landnamsmann på Island og vart far til skalden Egil Skallagrimsson.