Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 19. august 2013

Sist oppdatert 04. april 2019

Kategori

Fylkesbaatane – Ruter og rutehefte



Eldre ruter og rutehefte er ei kjelde til historisk kunnskap, - om fylkesreiarlaget Nordre Bergenhus Amts Dampskibe (1919 namneendring til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane) og om samferdsle-historie vidare i tyding. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane held på å byggja opp ei rutesamling. Pr. august 2013 omfattar samlinga om lag 60 ruter/rutehefte. Det føreligg register (sjå lenger nede).

<p>Utsnitt av Nordre Bergenhus Amts Dampskibe sitt sommar-rutehefte 1913. </p>

Utsnitt av Nordre Bergenhus Amts Dampskibe sitt sommar-rutehefte 1913.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 1913

Fotograf: Faksimile

Trykte ruteopplysningar

I Sogn og Fjordane byrja regelmessig rutegåande trafikk i 1858/1859 med Fylkesbaatane sine to dampskip «Framnæs» og «Fjalir». Dei gjekk strekningane Bergen – Sogn, og Bergen – Sunnfjord/Nordfjord. Etter kvart auka trafikken. Det kom lokalruter og fleire langruter, andre trafikkselskap, båtruter på dei største vatna i fylket, og frå byrjinga av 1900-talet bil- og bussruter. Fylkesbaatane kunngjorde rutene i trykksaker, dei første åra på eitt ark, seinare i hefte, vanlegvis eit for sommarrutene og eit for haust- og vinterrutene. I tillegg kunngjorde Fylkesbaatane ruteopplysningar ved oppslag og rundskriv, og i aviser.

Viktig samferdsle-historisk kjelde

Rutehefta vart viktig folkelesnad både ved at alle som skulle reisa, eller senda varer, måtte ha kjennskap til når det gjekk båt eller bil. «Å bli kjend med ruteheftet var som ein studie i seg sjølv, med merknader for korrespondansar og rutetider,» skriv emissæren Einar Berstad i eit minnestykke. I ettertid er rutehefta ei viktig kjelde til kunnskap om den rutegåande samferdsla, enten ein no er interessert i ein einskild stoppestad, ei einskild rute, samferdsla i eit avgrensa område, eller om ein har vidare perspektiv for auga. (Sjå nærare omtale lenger nede av Fylkesbaatane sitt rutehefte for sommaren 1932 som døme på rutehefte.)

Hjå Fjord1 og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Rutehefte vert vanlegvis kasta etter kvart som det kjem nye. Såleis er det berre ein liten brøkdel av eldre rutehefte blitt tekne vare på, og det finst knapt noko samla oversyn over kva som finst og kvar. Einskilde spreidde eksemplar finst hos samlarar. Trafikkselskapet Fjord1, skipa 2001 som fusjon av Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal fylkesbåtar, har ei omfattande rutesamling. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har ei mindre samling; pr. august 2013 om lag 60 rutehefte (sjå register).

Døme på rutehefte - 1932

«Sumar-Rutor», gjeldande «frå 17de juni 1932», har namnet på reiarlaget og bilete av flaggskipet som «overskrift»: - Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, adresse Bergen. Dessutan har framsida innhaldsliste: stoppestadoversyn, rutene Bergen – Sogn og Fjordane (Sogn, Sunnfjord, Nordfjord), lokalruter, båruter på vatn, bilruter, passasjertakstar, merknader, avstandstabell, restaurasjonsprisar og bryggjepengar. Heftet er på 36 sider og inneheld også eit ruteoversyn i storformat, samanbretta bak i heftet.

Mange stoppestader

Stoppestadoversynet med sidetilvising viser at Fylkesbaatane sommaren 1932 hadde 216 stoppestader i det samla rutenettet sitt. Skatestraumen står til dømes oppførd med tre sidetilvisingar. Vi finn Skatestraumen i rute A2 Nordfjord. Her går det fram at denne langruta åleine hadde 41 stoppestader mellom Bergen og Olden. Båten gjekk frå Bergen onsdag kveld klokka 22 og var framme ved Skarsteinkaia i Olden etter nokså nøyaktig to døgn, fredag kveld klokka 21. Båten returnerte same kvelden klokka 23 og var attende i Bergen søndag kveld, klokka 18.

Båtruter på vatn

Ruteheftet har med båtruter på sju vatn: 1) Hornindalsvatnet (DS «Dølen»), 2) Strynevatnet (dampbåten «Frithjof Nansen»), 3) Loenvatnet (dampbåten «Lodølen» og motorbåten «Kjendal»), 4) Oldevatnet (dampbåten «Brixdal» og motorbåten «Alda»), 5) Breimsvatnet (motorbåten «Breim»), 6) Veitastrondvatnet (motorbåten «Veitestrand») og 7) Årdalsvatnet (motorbåten «Aardalsfjord»).

Bilruter

Elles har ruteheftet med hovudrutene til seks rutebilselskap: 1) Firda Billag (Sandane – Førde Vadheim). Torsdag gjekk til dømes bussen frå Vadheim om morgonen klokka 8.30 og var framme på Sandane klokka 15.30. Ved «Skjei» står det merknad 5): «Middag på Skjei», 2) Ottadalen-Geiranger-Stryn. Interkommunalt selskap, 3) AS/Nordfjord & Søndmøre Automobilselskap, 4) A/S Jotunheimen og Valdresrutens Bilselskap og 5) A/S Gol – Lærdal – Maristubilene og Indre Sogn Automobillag A/S (seinare Sogn Billag LL).

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Sumar-Rutor. Rutesamling.
Førsund, Finn B: Dampen og kaia. Selja forlag 1998.