Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 04. mars 2015

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Fylkesbaatane – Angrepet på ds Gula 14. november 1944



Fylkesbaatane sytte for heilt nødvendig transport under krigen 1940-1945. «Det gjekk stort sett bra, men det var ofte påkjenningar», sa FSF-veteran Olav Bøthun i eit portrettintervju då han runda 75 år. Ein av dei verste «påkjenningane» for mannskap og reisande på Fylkesbaatane i krigsåra 1940-1945 var angrepet på «Gula» hausten 1944. I rute frå Bergen til Dalsfjorden blei båten angripen av ein alliert flystyrke. To menneske miste livet og fem vart såra.

<p>Angrepet p&aring; &laquo;Gula&raquo; 14.11.1944. DS &laquo;Gula&raquo;, bygd 1910 for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, var i rute fr&aring; Bergen til Dalsfjorden d&aring; skipet vart angripe av allierte fly ved Dingeneset i Gulen.&nbsp;Det braut ut brann framme, men b&aring;ten greidde  &aring; koma seg til lands i n&aelig;rleiken av det tyske kystfortet p&aring; Riseneset. To menneske omkom og fem vart s&aring;ra.</p>

Angrepet på «Gula» 14.11.1944. DS «Gula», bygd 1910 for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, var i rute frå Bergen til Dalsfjorden då skipet vart angripe av allierte fly ved Dingeneset i Gulen. Det braut ut brann framme, men båten greidde å koma seg til lands i nærleiken av det tyske kystfortet på Riseneset. To menneske omkom og fem vart såra.

Eigar: I boka Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane gjennom 100 år/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: Ukjent

Fotograf: Ukjent

Fleire augnevitne

«Gula» var i leia ved Dingeneset i Gulen då 16-18 fly kom inn i formasjon og gjekk til åtak. Den vesle lastebåten «Sardinen» med ein lekter lasta med treknott var i same farvatnet. På land vart fleire vitne til det som skjedde. Leif Nyhammer, fødd 1934, var ein av dei. Mange år seinare skreiv Nyhammer ein artikkel i Sogn Dagblad om hendinga, «eit dystert krigsminne frå Gulen». Her er heile artikkelen attgjeven slik han stod i avisa, bortsett frå mellomtitlane.

«Verkar meiningslaust»

Den trauste og trufaste slitaren gjennom mange år, fylkesbåten “Gula”, vart offer for allierte fly ein tysdag ettermiddag kl 14.20, 14. november 1944. Ettersom “Gula” berre var ein fredeleg rutebåt som førde passasjerar og gods, verkar det allierte angrepet meiningslaust. Var det ikkje andre og viktigare krigsmål? For å svekke tyskarane i den andre verdskrigen, var mange brikker med i krigsmønsteret. Kanskje var “Gula” her ei av brikkene. Me veit ikkje, det blir berre gissingar.

Fylkesbåten “Gula”

var ein båt som Fylkesbaatane overtok i 1910. Den var då nybygd ved Aker Mek. Verkstad i Oslo. Båten var på 123 br.reg.tonn, 130 tonn netto, dampskip og det var plass til 123 passasjerar. “Gula” var ikkje blant dei finaste båtane til Fylkesbaatane, men vart rekna for ein god sjøbåt [bygd for rutefart i Solund/Gulen-området].

1944 - eit ulukkesår for Fylkesbaatane

For Fylkesbaatane var 1944 eit ulukkesår. 20. april dette året eksploderte ein hollandsk lastebåt, “Verboode”, lasta med 120 tonn dynamitt ved Festningskaien i Bergen. Eksplosjonen var voldsom og gjorde stor skade rundt heile Vågen i Bergen. Mange personar vart drepne, blant dei ein tømmermann og ein kaiarbeidar hos Fylkesbaatane, som i dei dagar heldt til på Nykirkekaien rett ovanfor Festningskaien. Kontoret og lagerhuset til Fylkesbaatane strauk med under eksplosjonen, og kaia vart skada. Eksplosjonen kom tidleg om morgonen kl. 08.40. “Firda” fekk store skader.

8. november same året vart “Framnæs”, som var på veg til Nordfjord med full last og 50-60 passasjerar, angripen av 30 allierte fly på Frøysjøen og skoten i brann. Fire passasjerar og ein av mannskapet miste livet, medan fire passasjerar og fem av mannskapet vart såra.

Angrepet på “Gula”

14. november og seks dagar etter angrepet på “Framnæs” var “Gula” på veg frå Bergen til Dalsfjorden og Førdefjorden. Båten hadde mykje last og post, 30 passasjerar, av dei 10 barn. Av passasjerane var det to tyskarar.

Ved Mjåneset i Gulen var det vakstskifte. Skipper og 2. styrmann gjekk til salongen midtskips og fekk seg mat, avløyst på brua av 1. styrmann, los og dertil rormann.

Ved Dingeneset passerte “Gula” “Sardinen”, som hadde lekter på slep, lasta med knott, og var på veg sørover. Tre minutt seinare vart losen og 1. styrmannen på “Gula” merksam på ein del fly som kom nordfrå, i formasjon. Eit av flya gav eit lyssignal, og dermed starta angrepet på “Gula”. 1. styrmannen greip eit kvitt laken og vifta med det, men til ingen nytte. Det vart så slått stopp i maskina. Skipperen, som sat i salongen og åt, sprang på brua og overtok styringa. “Gula” vart sett i fart att med kurs for Risnes festning.

17-18 fly deltok i åtaket. Dei brukte sporlys i mitraljøsene, og ei forferdeleg ildmørje spruta mot “Gula” frå flya som stupte mot båten frå ymse kantar. Som ventande kan vere, vart det tillaup til panikk blant passasjerane om bord. Av den grunn stilte losen seg på vakt i enden av gangen og hindra passasjerane i å kome på dekk, for det ville vere det reine sjølvmord under den intense skytinga.

Bomber vart også sleppte mot “Gula”. Nokon meiner tre bomber, andre fire, men det var i allfall ingen bomber som trefte. Det braut ut brann om bord i forskipet. Det brann i post og last, m.a. i to bensinfat som låg på bakken.

Augnevitne

For oss som var på land og som denne ettermiddagen var vitne til denne hendinga, var det eit trist syn. Me forsto straks at det var fylkesbåten “Gula” som vart angripen og tenkte på passasjerar og mannskap. Me såg at det brann om bord og tenkte det verste, at fly etter fly stupte mot båten, og at den sprutande kulestripa gjekk mot “Gula”, som var forsvarslaus og tok imot. Kort sagt – det var forferdeleg.

Frå Risnes festning var det heftig skyting mot flya med luftverngranatar, men me såg ingen fly som vart skada. “Gula” nådde land ved Risnes festning, der tyskarane deltok i sløkking av brannen om bord og berging av passasjerar og såra.

Angrepet på “Sardinen”

Dei allierte flya gav opp “Gula” og gjekk laus på “Sardinen” og lektaren, som no var utanfor Dingja. Same intense skytinga, fly etter fly stupte mot båtane, mitraljøsene knitra, og kuleregnet spruta eld og øydelegging. Me tenkte stille: Ingen kan overleve dette kuleregnet.

Flya vart til slutt vekke frå horisonten, ferdig med raidet sitt. “Gula” låg att brennande ved Riseneset. To av passasjerane miste livet og to vart såra. Av mannskapet vart tre såra, 2. styrmann, båtsmann og matros. På “Sardinen” vart ein drepen og tre såra. “Gula” hadde fått lekkasje, men greidde å halde seg flytande med pumper. Brannen om bord vart sløkt. Dei såra vart sende med båt til Høyanger sjukehus, medan “Gula” returnerte med eiga hjelp til Bergen om natta.

God jobb

Utan tvil utførde offiserar og mannskap på “Gula” ein kjempejobb trass kuleregnet. At båten vart førd inn til Risnes festning, var sikkert bra. Til nærmare båten kom festningen, til verre var det sikkert for flya. Dertil at mannskapet hindra at det braut ut panikk om bord, var sikkert grunn til at det ikkje var fleire drepne og såra av passasjerane.

Nytt angrep på “Gula”

“Gula” skulle visst senkast, for 21. februar 1945 gjekk allierte fly på nytt til åtak på “Gula”. No låg båten på Leirvik, Stord, og repararerte skadane etter flyåtaket ved Dingeneset. Denne gongen brukte flya også torpedoar, og “Gula” sokk av skadane den no fekk, men ikkje djupare enn at noko av båten var oppe av sjøen. (…)

Fylkesbaatane reparerte “Gula” etter krigen, og den kom i vanleg rutefart på nytt. Mange gonger passerte den Dingeneset med post, passasjerar og last. Fylkesbaatane hadde båten til 1952, då den vart seld.

“Sardinen”, som var eigd av Chr. Bjelland-rederiet i Stavanger, heva visstnok båten på Dingevågen og fekk den i fart att.

Om angrepet i boka Krigsår

Krigsår Liv og lagnader i Sogn og Fjordane 1940-1945 (2005) inneheld mellom anna «krigsdagbok», kronologisk ordna omtale av krigshendingane i kvar kommune. Om angrepet på «Gula» står dette:

«14.11. (…) Alliert flyangrep på den aleinegåande FSF-rutebåten «Gula». Brennande går båten til land ved det tyske kystfortet på Risenes, og soldatar ved fortet gjer ein god innsats under bergingsarbeidet. Av om lag 30 passasjerar misser to kvinner livet og to vart såra. Mannskapet har tre såra. Same flystyrke angrip også den norske fraktebåten «Sardinen» som forliser ved Dingja, ein mann misser livet og tre vart såra.»

 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sogn Dagblad, 19.10.1992 (Leif Nyhammer)


Eithun, Grethe, o.fl.: krigsår. Liv og lagnader i Sogn og Fjordane 1940-1945. 2005.


Stensaker, Asbjørn: Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane gjennom 100 år. 1958

PERMANENT IDENTIFIKATOR