Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. april 2015

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Om Fylkesbaatane i tida 9. april – 16. mai 1940



Måndag 8. april 1940 hadde avisa Sogn og Fjordane (Leikanger) ei notis om Fylkesbaatane sine avgangar frå Bergen til Sogn i tida 8. til 14. april. «Kommandøren» skulle gå frå byen måndag, klokka 21.30, - tysdag 9. april var det «Alden» sin tur. Slik vart det ikkje. «Kommandøren» gjekk frå Bergen etter ruta; derimot ikkje «Alden» og dei andre oppsette rutebåtane. Tysdag 9. april var Bergen ein okkupert by. Og det skulle gå fem veker til neste avgang Bergen – Sogn og Fjordane.

<p>Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 9. april &ndash; 16. mai 1940. &laquo;Kommand&oslash;ren&raquo; i mobiliseringsrute til kai i Vik, april 1940.</p>

Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 9. april – 16. mai 1940. «Kommandøren» i mobiliseringsrute til kai i Vik, april 1940.

Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv

Datering: April 1940

Fotograf: Ukjent

Bergen - «avskoren frå omlandet»

I boka Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (FSF) 1958, oppsummerer Asbjørn Stensaker tida 9. april – 16. mai 1940 på denne måten:

«all trafikk på Bergen stogga etter den 9. april. Bergen vart med ein gong avskoren frå alle bygdene og vart ein isolert by. General Steffens sende frå Voss ei oppmoding til folket vestpå om ikkje å senda varer til byen. Han meinte at desse ville verta tekne og nytta av tyskarane. (…) Alt telefon- og telegrafsamband med fjordane vart brote. Fylkesbaatane sitt administrasjonskontor var i Bergen, men hadde ikkje samband med dei båtane som ikkje var i Bergen.

Fylkesmann Seip konstituerte direktør [styremedlem] Lorentzen til å setja i gang ruter i Sogn; direktør Tefre i Sunnfjord og direktør Grønfur i Nordfjord. Den 25. april vart det skipa avdelingskontor i Førde med skipsinspektør Mannseth som styrar. Her hadde heile administrasjonen av båtstellet hovudsæte inntil sambandet mellom Bergen og fjordane vart opna att (…) den 16. mai»

Denne artikkelen fortel meir om Fylkesbaatane i tida 9. april – 16. mai, - med reduserte aviser i fylket som kjelde, Fylkesbaatane si trykte årsmelding 1940 og bøkene «5-årsnatta. Leikanger i krigsåra 1940-1945» av Einar Svartefoss og «101 Fjordabåtar. Fartøya til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane» av Magnus Helge Torvanger, og dessutan ei «krigsdagbok» førd av lensmannen i Borgund.

Militærtranport var viktigaste oppgåva

Stensaker nemner ikkje Fylkesbaatane si rolle i mobiliseringa. Transport av militære mannskap og utstyr på veg til og frå mobiliseringsstader var den viktigaste og først-prioriterte oppgåva i dagane etter 9. april. Rutetrafikk elles kom i andre rekkje.

Avisene hadde naturleg nok ingen ting om militærtransport, derimot litt om mellombels oppsette ruter, først og fremst kunngjeringar om ruter, fleire gonger nemnde som kriseruter.

Frå mobilisering til kapitulasjon - summarisk

Natt til 9. april var den militære leiinga for Vestlandet samla på Bergenhus festning. Mobiliseringsordre kom tidleg om morgonen, og vart sendt vidare for kunngjering lokalt. Dei fleste vernepliktige frå Sogn og Fjordane skulle møta på Voss. I samsvar med mobiliseringsplan tok general W. Steffens over som øverstkommanderande sjef.

Straks etter reiste forsvarsleiinga til Voss og oppretta hovudkvarter der. I tida 16. – 19. april vart hovudstyrken på Voss forflytta til Valdres. 25. april tok tyskarane Voss. Oppgåva vart no å forsvara Sogn og Fjordane. Marinestyrkar var stasjonerte i Balestrand. 30. april kapitulerte dei norske styrkane i Valdres. Onsdag 1. mai, kl. 05.00, var ordren at forsvar av Sogn og Fjordane var nyttelaust. Same dagen kom tyske styrkar kom til Lærdalsøyri. Om kvelden presenterte generalmajor Engelbrecht tyske krav for politimeister Dahlin på Lindstrøm Hotell. Eitt krav var å stilla «Kommandøren» og «Lærdal» («Sandøy»?) til disposisjon. Dagen etter, 2. mai, la begge båtane til kai i Lærdal, først «Kommandøren», så «Lærdal» («Sandøy»?).

Sogn og Fjordane - Leikanger

Mobiliseringsordren kom til Sogn og Fjordane tidleg om morgonen 9. april. Einar Svartefoss fortel i boka si at det var politimeister Finn Dahlin, med kontor på Leikanger, som fekk oppgåva med å setja ordren i verk. (Fylkesmann Hans Seip kom til seinare. Han var i Oslo på Stortinget). Mobiliseringsordren vart straks ekspedert til lensmennene i fylket. Elles var det om å gjera snøggast råd å få ordna med døgnope telefonsamband ved telefonstasjonane i fylket, og at lensmannskontora var tilgjengelege døgnet rundt. Deretter var det ei sentral oppgåve - i samarbeid med «militære myndigheter» - å organisera transport, landverts og sjøverts mot Gudvangen og vidare til Voss. I andre rekkje kom organisering av «normaltransport» i fylket.

«mobiliseringa (…) gjekk greitt (…) takka vere Fylkesbaatane»

Morgonen 9. april gjekk dei fleste av Fylkesbaatane sine fartøy i ordinær rutefart (åtte (?) låg i Bergen). Fleire av dei vart straks stoppa og omdisponerte frå normal rutefart til militærtransport. «Kommandøren» i rute frå Bergen vart stoppa for nærare ordre i Høyanger. «Gudvangen» i rute til Bergen, vart stoppa på Leikanger, «Fanaraaken» i rute ut Nordfjord på Bryggja. Desse tre båtane gjekk tidleg om morgonen 10. april i oppsette mobiliseringsruter: «Kommandøren» frå Dingja i Gulen innover fjorden, «Gudvangen» frå Slinde med mobiliserte frå Luster, Sogndal og Leikanger, «Stavenes» hadde rute frå Årdal og Lærdal, og «Fanaraaken» gjekk frå Kalvåg med mobiliserte frå Bremanger.

Fleire andre FSF-båtar kom og med i særskilt oppsette mobiliseringsruter, både ved den første mobiliseringa og ved ei seinare mobilisering, 19. april. Lensmannen i Borgund fekk til dømes 9. april, kl. 16.30 melding om at «Stavenes» den 10. april skulle gå mobiliseringsrute Årdal (06.00) – Lærdal (07.00) – Gudvangen, om nødvendig to turar.

Båtane fekk heile tida stort sett gå uhindra, bortsett frå torsdag 25. april. Då gjekk tyske fly til åtak på tre båtar med bomber og maskingevær. «Kommandøren» og «Gudvangen» vart påtekne ved Leikanger, «Nesøy» i Gudvangen. To menneske miste livet og fleire vart såra. «Gudvangen» fekk hard medfart, men kunne slepast til kai. (meir lenger nede).

Fylkesbaatane var svært viktig for militærtransporten i aprildagene 1940. Det kjem fram i ein rapport politimeister Finn Dahlin skreiv etterpå:

«I det heile må ein seia mobiliseringa i Sogn og Fjordane gjekk greitt, takka vere Fylkesbaatane og at ein fekk arbeida i fred. I det store og heile må ein også seia at det var ei lyst å sjå kor ivrige dei mobiliseringspliktige var etter å koma til Voss.»

«mykje stogg i trafikken no»

Den vanlege rutefarten vart sterkt skipla etter 9. april. Fleire båtar låg innesperra i Bergen, mobiliserings-transporten hadde første-prioritet, kontakten med FSF-leiinga i Bergen var broten, det skorta på drivstoff, og, etter kapitulasjonen vart båtar rekvirerte av okkupasjonsmakta.

12. april skreiv Firda Folkeblad (Florø): «Det er sjølvsagt mykje stogg i trafikken no. Direktørane Grønfur og Tefre og kaptein Sortevik held møte i dag for å prøva å få til nokre rutor». 23. april melde Sogns Avis at direksjonen (styret) i Fylkesbaatane (medlemmer heimehøyrande i fylket) hadde halde møte i Vadheim fredag 19. april for å «dryfta rutone ute i distriktet». Som administrerande direktør vart tilsett ingeniør Lorentzen. Seinare vart det oppretta eit mellombels FSF-kontor i Førde med skipsinspektør i FSF, Alf Mannseth, som leiar.

Etter kapitulasjonen 1. mai kunne den mellombelse administrasjonen samla seg om «å tråkla saman» ruter i fylket. Den 10. mai melde avisa Sogningen (Balestrand) at Fylkesbaatane sine ruter etter kvart ville koma i gang «i så stor utstrekning som mulig», og kunngjorde samstundes ei rute inn fjorden frå Balestrand og ei «utgående» rute.

Ruter på Bergen

Folk venta på at sambandet med Bergen skulle koma i stand. Firda Folkeblad hadde oppslag om dette 15. mai: «… me har vendt oss til Fylkesbåtane sitt kontor i Førde for å få greie på om det er noko nytt med omsyn til rutone. I dag [15.05] går første båt til Bergen (til Salhus) frå Vadheim og tilbake». Dagen etter, 16. mai, gjekk «Hornelen» for første gong frå Bergen, i krigstid. Båten måtte no navigera gjennom minefelt på Byfjorden og ved innløpet av Sognefjorden.

FSF-båtar i Bergen og «ute i distriktet»

Avisnotisen i Firda Folkeblad 12. april (sjå ovanfor) opplyser at «så vidt» avisa kjenner til, var «storparten av selskapet sine båtar i fart ute i distriktet». Det var dei. I følgje 101 Fjordabåtar låg åtte båtar innesperra i Bergen. Dei andre båtane var i rutedistriktet, i Sogn og Fjordane.

Lista under har informasjon om dei einskilde fartøya i perioden 9. april – 16. mai, så langt det finst opplysningar i dei oppgjevne kjeldene. Det førekjem usikre opplysningar og eit par motstridande. Det er her ikkje teke med noko om båtane etter 16. mai.

I Bergen

«HORNELEN» - 9. april: låg til kai i Bergen, - 16. mai: den første i rute frå Bergen hamn til Sogn og Fjordane, måtte navigera gjennom minefelt i Byfjorden og ved innløpet av Sognefjorden.

«SOGN» - 9. april: låg på verkstad, Mjellem & Karlsen, og vart liggjande i Bergen «til midten av mai».

«ALDEN» - 9. april: låg til kai i Bergen, - 29. april: kverrsett av tyskarane, namnebyte til «Germania».

«FRAMNÆS» - 9. april: låg på verkstad i Bergen.

«FJALIR» - 9. april: låg i opplag i Damsgårdsundet.

«GULA» - 9. april: låg til kai til Bergen.

«NORDFJORD I» - 9. april: i Bergen ?

«VERØY» - 9. april: i Bergen ?

I Sogn og Fjordane

«KOMMANDØREN» - 9. april: i rute frå Bergen, vart stoppa i Høyanger, - 10. april, tidleg om morgonen, gjekk i rute frå Dingja i Gulen innover til Nordeide «for å samla opp mobiliserte som skulle møta på Voss», - 25. april: påteken av tyske fly på fjorden mellom Vik og Balestrand og ved kai på Leikanger (meir lenger nede), gjekk til Lærdal, - seinare til Kvamsøy-sundet (?), - 1. mai: på Amlabukta (5-årsnatta) med «bakka fyr» (stimen nede ?), - 2. mai: om morgonen, la til kai i Lærdal etter krav frå okkupasjonsmakta som då hadde kommando på Lindstrøm Hotell, - eit par dagar før (…) 8. mai: «kom dei [tyskarane] med ein av Fylkesbaatane [kan henda «Kommandøren»] og sette i land varer på Leikanger. Framme på båten stod det to kanoner (…), - rekvirert av okkupasjonsmakta «3. mai – 11. juni» (årsmelding).

«GUDVANGEN» – 9. april: om morgonen, i rute utover frå Kaupanger, vart stoppa på Leikanger, - 10. april: om morgonen, til Slinde for å henta mobiliserte frå Luster, Sogndal og Leikanger, gjekk til Gudvangen, første båt som kom dit, - ein dag til Vadheim for å henta ni tyske krigsfangar, mannskapet på eit fly som var skote ned [?] ved Florø. - 25. april: påteken av tyske fly ved Hermansverk og Fatla (sjå lenger nede), slept til Lånefjorden, deretter Kvamsøy-sundet og derifrå til Rutledal.

Ferja «LÆRDAL» – 21 april: - på veg inn Nordfjord, eit tysk fly sleppte ei bombe, fall ned 400 meter unna, - «i Florø då kampane var over».

«FIRDA» – 9. april: i rute i Nordfjord.

«SVANØY» – 9. april: i Gulen, «Alt same kvelden gjekk båten i troppetransport frå Gulen og Solund til Nordeide og vidare til Gudvangen».

«ATLØY» – 9. april: i rute på Fjærland, vart liggjande i ro i Fjærland, «litt seinare dirigert til Nordfjord», - seinare, på Sandane: «No fekk dei båten full av norske soldatar som kom frå Voss, somme med våpen, gjekk utover til Nordfjordeid, Stårheim og Måløy. I Måløy kom det om bord nokre britiske offiserar som ville ha mannskapet til å gå til England.» Det vart det ikkje noko av, dei fekk plass på ein kvalbåt.

«NESØY» – 9. april: ved Solund i rute i kystrute frå Selje til Bergen gjekk til Eivindvik, los Hovland var mannskap, «Nesøy» fekk ordre «om å gå innover Sognefjorden og ta om bord soldatar som skulle settast i land i Gudvangen» (meir lenger nede).

«FANARAAKEN» – 9. april: i rute ut Nordfjord til Bergen, stoppa på Bryggja, - 10. april: frå Kalvåg med mobiliserte frå Bremanger (meir lenger nede).

«STAVENES» - 9. april: melding frå politimeisteren til lensmannen i Borgund om at «Stavenes» dagen etter, den 10. april, skulle gå mobiliseringsrute frå Årdal (kl. 06.00) og Lærdal kl. (07.00) til Gudvangen. Skulle om nødvendig gå to turar, - «henta folk frå Feios og Fresvik», - slepte den krigsskadde «Gudvangen» frå Fatlaberget.

«SANDØY» – «då krigen braut ut, var «Sandøy» i Sogn, og båten låg i Lærdal då kampane var over i Sør-Noreg». - rekvirert av okkupasjonsmakta «3. mai – 15. mai» (årsmelding).

«SANDØY» eller «LÆRDAL» - 2. mai: la til kai i Lærdal etter krav frå okkupasjonsmakta som då hadde kommando-sentral på Lindstrøm Hotell, - 3. mai: påmontert 4 luftskyts til Slinde, med ein tysk styrke som skulle på inspeksjon til Leikanger, fire tyske offiserar og 40 soldatar, 4 pansra køyretøy, tilbake same dag.

Merknad: Svartefoss oppgir «Lærdal» etter politimeister Dahlin sin rapport. Etter Fylkesbaatane si årsmelding 1940 var «Sandøy» rekvirert i tida 3. april – 15. mai, samstundes med «Kommandøren». «Lærdal» står oppført rekvirert frå 5. juni.

«VESLE ØYVIND» (leigebåt) – 11. april: melding til lensmannen i Borgund om «ferjetider», Kaupanger – Lærdal. – 14. april: på tale å ta militærtransport (person med bil og «last») frå Lærdal 15. april, kl. 11.00 til Gudvangen, vart ikkje noko av.

Dessutan lokalbåtane «KVAMSØY», «VAAGSØY», «FLORØY» og «MAALØY».

Angrep på «Gudvangen» 25. april – (frå 101 Fjordabåtar)

«Den 25. april var «Gudvangen» på veg inn fjorden frå Vadheim. Båten hadde vore innom Hermansverk og gått ut derfrå att, då han vart angripen av tyske fly. Eg vakna av lyden av maskingevær, såg ut, og såg to bomber falle i sjøen, fortel Erling Sande [dekksgut]. Bombene traff ikkje skipet men bommen vart nedskoten og datt ned på styrehustaket. Skipsførar Greiner Simonsen styrte «Gudvangen» heilt innunder bratte Fatlaberget innanfor Hermansverk, slik at flya måtte opp og over fjellet.

(…) styrmann Olav Vårdal sprang fram i baugen på skipet og hoppa i sjøen med med ei line som han skulle setje båten fast med. Dei tyske flya sleppte fleire bomber, som trefte fjellsida og løyste ut steinras. Styrmann Vårdal vart liggjande såra og medvitslaus i fjøra. Mannskapet fekk ut to båtar medan flya framleis krinsa over dei, og los Lars Tangnes vart såra av ei kule i armen.

Då flyåtaket var over, drog Erling Sande og faren Ludvig – som var båtsmann om bord – innover vegen til Sogndal (?) for å få tak i dokter. Vegen i Fatlaberget var delvis utsprengt av bombene. Ein granatsplint hadde treft Ludvig Sande, men stod fast i livbeltet hans slik at han var uskada.

«Gudvangen» vart liggjande i Fatlabukti til kampane var over i Sør-Noreg [1. mai]. Då slepte «Stavenes» båten ut til Lånefjorden, der han vart fortøygd ved kaia. «Gudvangen» hadde fått mykje stein over seg, som til dels hadde gått gjennom dekk. Han hadde også kulehol i sida, og den nedskotne bommen hadde slått ned taket på brua. Så vart «Gudvangen» taua innover fjorden att til Kvamøsy, der «Kommandøren» låg. Seinare vart «Gudvangen» på ny slept utover Sognefjorden, denne gongen til Rutledal.»

Angrep på «Kommandøren» 25. april

«Kommandøren» var om føremiddagen på veg inn fjorden med om lag 100 mobiliserte om bord og nokre passasjerar. Mellom Vik og Balestrand vart båten påteken av tyske fly. Bombene trefte ikkje og ingen vart skada av maskingeværsalvene. Båten heldt fram til Balestrand og vidare til Leikanger der dei mobiliserte og passajerane gjekk på land. Mannskapet òg fann det tryggast å gå frå borde då tyske fly på nytt kom til syne, først på rekognosering, deretter med bomber og automatvåpen.

Ein av passasjerane miste livet og fleire vart såra, mellom dei to av mannskapet på «Kommandøren»; restauratør Isak Roksvåg og kaptein Thorvald Johannessen. Dei vart køyrde til dokter som straks såg at begge måtte til sjukehus. «Kommandøren», som berre hadde fått utvendige skader, gjekk med «all den farten båten hadde», mot Lærdal og sjukehuset der. Men Johannessen døydde før dei nådde fram. Kaptein Thorvald Johannessen vart gravlagd på Leikanger 29. april, og han var den første av fem i Fylkesbaatane som miste livet under krigen som følgje av krigshandlingar.

Angrep på «Nesøy» 25. april – (frå 101 Fjordabåtar)

(…) «Medan båten låg i Gudvangen [24. april] fekk dei ordre om å gå inn i ei rute mellom Flåm, Gudvangen og Hermansverk. Trafikken over Gudvangen var svært stor av folk som rømde frå Bergen og skulle vidare til ulike stader i Sogn. «Nesøy» låg i Flåm om natta. Om føremiddagen 25. april var båten komen til Gudvangen og låg og tok om bord folk, då eit fly brått kom seglande lågt over hovuda på dei.

Flyet forsvann ut fjorden utan å gå til åtak. Passasjerane som var komne om bord, kom seg i land for å finne dekning. Alle var klar over at flyet ville komme att, men det måtte ut av den trange Nærøyfjorden for å kunne snu. Skipsførar Slåttelid bestemte seg for å gå frå kaia i Gudvangen og setje båten på land på andre sida av fjorden. Men før dei kom så langt, kom flyet attende og sleppte bomber som fall ganske nær, men som ikkje trefte «Nesøy» direkte. Båten vart heilt innhylla i svart, tjukk røyk. Men mannskapet fekk sett baugen i land og fann seg dekning i ei stor steinurd like ved.

Dei gjekk først om bord att då det tok til å skyme. Heile babord side på «Nesøy» var gjennomhola av bombesplintar over vasslina. Båtsmann Håkon Leirnes og maskinsjef Halvard Våge var lettare såra. Dei vart sende med motorbåt til lege.» (..) Då det var mørkt, gjekk «Nesøy» til Frønningen og la seg der med natta.»

Fanaraaken bortgøymd og kamuflert – (frå 101 Fjordabåtar)

«Då båten kom til Haus i Nordfjord i 7-tida om morgonen, kom ekspeditøren springande og fortalde kva som hadde hendt. Båten gjekk vidare i rute til Davik og Bryggja, der mannskapet fekk beskjed om ikkje å gå lenger, «Fanaraaken» fekk selskap av hurtigruteskipet DS «Finmarken» som vart sendt innover frå Måløy, og som seinare på dagen vart sendt vidare til Hyen.

Då det tok til å mørkne att, vart «Fanaraaken» send til Kalvåg for å hente mobiliserte soldatar frå Bremanger. Båten gjekk så til Florø og kom til Førde neste dagen. Frå 16. april og fram til 1. mai gjekk «Fanaraaken i rute på Førdefjorden ut til Flokenes i korrespondanse med lokalbåt frå Florø. På grunn av faren for tyske fly skulle ikkje «Fanaraaken» gå lengre utover fjorden.

Då kampane var over på Vestlandet, fekk mannskapet ordre om å gå med «Fanaraaken» til den avsides Mulebukta lengre ute, ankre opp og kamuflere båten. Dei strekte presenning over brua og andre stader, og måla over skorsteinsmerket, kaptein, maskinsjef, los, kokk og tenar vart att på båten, medan resten av mannskapet fekk reise heim, fortalde Olav Bøthun.»

kjelder:

Svartefoss, Einar: 5-årsnatta. Leikanger i krigsåra 1940-45. 1994.

 

Stensaker, Asbjørn: Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane gjennom 100 år. 1958.

Torvanger, Magnus Helge: 101 Fjordabåtar. Fartøya til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-2000. 2000.

To dagbøker frå april 1940. Skrifter frå Lærdal og Borgund 7. Ved Knut Nesse. 2000.

Berge, Kjell-Ragnar o.fl. Krigsår. Liv og lagnader i Sogn og Fjordane 1940-1945. Selja forlag 2005.

Aviser: Sogn og Fjordane, Sogn Folkeblad, Sogningen, Sogns Avis, Firda Folkeblad, Firda, Fylkestidende, Nordfjord.