Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 17. september 2014

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Fylkesbaatane si andre ferje med namnet Gudvangen



Hausten 2000 kjøpte Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane ferja «Rinna» frå Møre og Romsdal Fylkesbåtar. Reiarlaget endra namnet til «Gudvangen» og bygde ho om til å berre frakta passasjerar. Turistferja «Gudvangen» gjekk på Aurlandsfjorden/Nærøyfjorden i 12 år. Tysdag 2. september 2014 sette ho kurs sørover frå Bergen på veg til Australia. No med dronningnamnet «Queen of Melbourne».

<p>Turistferja &laquo;Gudvangen&raquo; p&aring; fjorden, ved Aurlandsvangen 14. mai 2010.</p>

Turistferja «Gudvangen» på fjorden, ved Aurlandsvangen 14. mai 2010.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2010

Fotograf: Hermund Kleppa

Utviding Flåm - Gudvangen

Sommaren 1991 starta Fylkesbaatane ei turistbåtrute mellom Flåm og Gudvangen, og frå 1994 var den ombygde ferja «Skagastøl» flaggskipet i denne ruta. Turistfarten i Aurlandsfjorden/Nærøyfjorden auka år for år, og difor kjøpte Fylkesbaatane ferja «Rinna» for å utvida kapasiteten. Den nye ferja vart ombygd ved Blaalid Verkstad, Raudeberg, på same måten som søsterfartøyet «Skagastøl». Ferja fekk salong med panorama-vindauge på bildekket og glastak over båtdekket, alle endringane med sikte på å gje god utsikt på fleire dekk.

To tidlegare «Gudvangen»

Nye «Gudvangen», med plass til 334 passasjerar, gjekk første turen 8. juni 2001. Fartøyet var Fylkesbaatane sitt tredje fartøy med namnet «Gudvangen». Første «Gudvangen» var ein av dei klassiske fjordabåtane for passasjerar og last som ofte heldt det gåande i mannsaldrar. DS «Gudvangen» vart bygd ved Bergens Mekaniske Værksted i 1903, og gjekk i rutefart i nøyaktig femti år. I 1953 selde Fylkesbaatane fartøyet til eit føretak i Måløy. Andre «Gudvangen» var ei bilferje, bygd 1954, og i fart for Fylkesbaatane til 1980. «Ei av dei mest spesielle ferjene som er bygd her i landet», står det i boka 101 Fjordabåtar. Fartøya til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-2000. »Ho tente som turistferje om sommaren og som lokalbåt og isbrytar om vinteren i mange år.»

Først «Masfjord», deretter «Rinna»

Fylkesbaatane sitt siste fartøy med namnet «Gudvangen» vart bygd ved Løland Motorverkstad, Leirvik i Sogn og Fjordane, for Bergen Nordhordland Rutelag. BNR overtok den nye ferja «Masfjord» våren 1969. Ho gjekk dei første åra i sambandet Duesund – Sævråsvåg, og seinare i Leirvåg – Sløvåg – Skipavik-sambandet. I 1986 kjøpte Møre og Romsdal fylkesbåtar «Masfjord» og gav ho namnet «Rinna». Rinna er namnet på ei sideelv til Surna på Nordmøre. «Rinna» gjekk i fleire samband, mellom anna også turiststrekninga Hellesylt – Geiranger.

Flåm – Gudvangen i 12 år

«Gudvangen» trafikkerte Aurlandsfjorden – Nærøyfjorden i 12 år. Rune Soltveit var fast tilsett førar med Arne Vinnes som avløysar. Seinare tok Torolf Rosseland over som administrerande førar med Ottar Øksnes som maskinsjef. "Gudvangen" var den einaste av fjord-ferjene som hadde backer/ror (ledda ror) og såleis særs grei å manøvrera. Frå hausten 2012 til våren 2014 låg «Gudvangen» i opplag i Florvåg, Askøy, Hordaland, med FSF-veteranen Sigvart Røyrvik som tilsynsmann.

Til Australia

Hausten 2013 vart «Gudvangen» lagt ut for sal, og ny eigar i Australia overtok fartøyet våren 2014. Tysdag 2. september kl 1015 passerte «Queen of Melbourne», eks. «Gudvangen» - Askøybrua på veg til fjerne farvatn. Turen til Australia gjekk via Rubbestadneset for dokking. Fylkesbaatane sine gamle veteranar Roald Fauskanger og Sigvart Røyrvik losa dei nye eigarane trygt sørover leia mot Rubbestadneset. «Nok ei æra var over», skreiv F.S.F. Pensjonistlag på nett-staden sin.

kjelder:

Fjord og Kyst, nr. 2. 2001
Førsund, Finn B: Skipsverftet ved Sognefjorden. 1993.
 

PERMANENT IDENTIFIKATOR