Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. mars 2013

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Fylkesbaatane – På veg til fylkestinget 1857 med DS «Patriot»



Ein dag i juli 1857 kom kjøpmann D.B. Martens til Lærdalsøyri. Han hadde vore på turistreise i Indre Sogn og skulle no heimatt til Bergen, med hjulbåten «Patriot». På strekninga utover mot Vadheim fekk han reisefølgje av fylkesmann Aubert , futen Landmark, andre embetsmenn og nesten alle ordførarane i Indre Sogn. Dei var på veg til fylkesting i Førde. Ei av sakene var skiping av fylkeskommunalt dampskipsselskap.

To passasjerar ved middagsbordet om bord i DS «Patriot» i rute Lærdal – Bergen ein julidag 1857: handelsmann D.B. Martens (tv) og amtmann Aubert. Illustrasjon til artikkel i Bergens Tidende 1958. Teiknaren har tydeleg hatt for hand eit kjent portrett av Aubert.

To passasjerar ved middagsbordet om bord i DS «Patriot» i rute Lærdal – Bergen ein julidag 1857: handelsmann D.B. Martens (tv) og amtmann Aubert. Illustrasjon til artikkel i Bergens Tidende 1958. Teiknaren har tydeleg hatt for hand eit kjent portrett av Aubert.

Eigar: Bergens Tidende

Datering: 1958

Fotograf: Ukjend

Artikkel i Bergens Tidende

Martens fortel om denne spesielle hendinga i ei reiseskildring i Bergen Turistforenings årbok 1901. Reiseskildringa er interessant både som kjelde til soga om gryande reiseliv og den tidlegaste dampskipsferdsla i Sogn og Fjordane. Og då Fylkesbaatane runda 100 år i 1958, presenterte signaturen «blu.» reiseskildringa i ein artikkel Bergens Tidende sitt jubileumsnummer. Ein teiknar framstilte kjøpmann Martens og fylkesmann Aubert ved «middagsbordet».

Artikkelen er her attgjeven slik den stod i avisa Bergens Tidende november 1958, med tillegg av innsette mellomtitlar, nokre forklarande innskot i hakeparantesar og tre utfyllande merknader til slutt.

Fleire båtar i rute Bergen Lærdal før 1858

«Alt i 1839 gjorde Finans- og Tolldepartementet framlegg for Stortinget um å kjøpa ein ny dampbåt som skulde setjast inn i ruta Bergen – Lærdal for på det viset å knyta Austland og Vestland meir saman ikkje minst med tanke på postføringi. Men dette vart det ikkje noko av, for i mellomtidi hadde eit privat selskap i Bergen kjøpt ein liten dampbåt i England. Båten var på 180 tonn med 30 HK maskin og var kalla «Bjørgvin». Han vart sett i rute Bergen – Lærdal i 1842.

Dette tiltaket gjekk ikkje so bra og alt året etter sette Staten «Constitutionen» - den fyrste dampbåten i landet - inn i Lærdalsruta med ein tur for vika i sumartidi. «Constitutionen» gjekk i denne ruta til 1847, då kom «Bjørgvin» att og gjekk til 1854, men det var mykje misnøgje med denne båten.

Den siste - DS "Patriot"

So skipa nokre kjøpmenn i Bergen eit nytt reidarlag som kjøpte ein båt på 130 tonn i Tyskland [kom til Bergen 1854]. Han fekk namnet «Patriot» og var hjulbåt som dei andre dampbåtane på den tid. «Patriot» gjekk på Sognefjoren i 3 år, etter at «Bjørgvin» havarerte [1855 ved Skjergjehamn], og til dei fyrste fylkesbåtane kom [sjå merknad under].

Reise Bergen – Sogn – Bergen 1857

I Bergens Turistforenings årbok for 1901 finn ein ei reiseskildring frå Sogn, frå den tidi «Patriot» gjekk i Lærdalsruta, skrivi av Didr. B. Martens. Han fortel at det «paa Sognefjorden var indført fast Dampskibsfart, og herberger for reisende fandtes nesten overalt i Indre Sogn i Aaret 1857 - .» Og vidare: « i juli i 1857 befandt jeg og min gamle reisefælle C.N. os om bord paa «Patriot» med hensigt at følge samme til Sogndal, hvorfra vi agtede os videre til Aardal, en den gang næsten ukjændt egn af vort Land.» Umbord i båten møtte han vegingeniør Krag, den seinare vegdirektør. Likeeins ein prestehuslyd som var på flyttefot frå eit prestekall i Lofoten til Sogn. Truleg var dette Arnt Uchermann som var prest i Vik frå 1857 til 1867.

«paa reise til amtstinget»

So fortel Martens vidare um turen til Nystova og nedatt til Lærdal, der han held fram: «Paa tilbageturen var dampskibet endnu stærkere optaget end paa indturen. Om bord fantes amtmanden i Nordre Bergenhus, Aubert, hvem jeg flygtig kjendte frå hans mangeaarige ophold i Bergen som prokurator, desuden foged Landmark og andre embedsmænd, samt omtrent alle ordførere fra Indre-Sogn. De var paa reise til amtstinget –.»

Ordskifte ved middagsbordet

Ved middagsbordet kom forteljaren og den gode amtmann i ordskifte um bergenske tilhøve. Amtmannen meinte at kjøpmannsstanden hadde en «mangel paa fremsyn og at de heller rugede paa sine pengesække, end at støtte fremadstrebende mænd i landdistrikterne. Heri mente amtmanden at tilfulde beviste at den ikke længer var dygtig til at være et ledende handelssentrum, for de viktige distrikter, som omgav byen paa begge sider – og de tilstedeværende bønder lod til at godte sig inderlig.»

«dampskibe paa samtlige fjorde»

Reiseskildringi sluttar soleis: «Resultatet af det ovenfor antydede amtsmøde, blev senere hen bekjendt, det var i første rekke stiftelsen af et selskab, omfattende det hele amt,til anskaffelse af dampskibe paa samtlige fjorde inden amtet. Desuten ble, kan man sige, Florø kjøbstad stiftet, af det samme ting. Det synes at saavæl amtmand som ordførere var mødt frem under en stærk elektrisk spændning, og jeg har altsaa maattet udholde en tilfældig udladning af det opsamlede stof.»

Ordførarane i Indre-Sogn reiste soleis med «dampen» til det kjende fylkestingsmøte i Balestrand [tingseta var i Førde] sumaren 1857 då dei vedtok å skipa eige reidarlag. Alt i 15 år hadde det då fare dampbåtar i Sognefjorden i meir og mindre regelviss rute. Dei hadde fenge kjennskap til desse nye båtane, men mange av ordførarane og av folket elles i bygdene sat vel likevel att med ikkje so lite mistru til dette nye – som vann det aaret.

Det var ikkje so rart at dei gjorde denne «damp-turen» i dubbel meining, «under en stærke elektrisk spænding.
Blu.»

D.B. Martens

Bergensturisten artikkelforfattaren «blu.» viser til, Didr. B. Martens, er registrert i Folketeljing 1900. Namnet i FT er Dedrik N. Martens, fødd 1820 og busett i Øvregate 15, Bergen. Han er enkjemann, rentenist og tidlegare kjøpmann.

«befandt» seg om bord på «Patriot»

Michael Krohn, Bergen, kjøpte i 1854 ein hjulbåt i Tyskland. Båten kom til Bergen 23 mai 1854, og fekk namnet «Patriot». Båten gjekk i fart både Bergen – Hardanger og Bergen – Sogn, - det første året i konkurranse med DS «Bjørgvin». I følgje Mike Bent: Steamer of the fjords (1989) var det slutt for «Patriot» i 1856. D.B. Martens si skildring av ei ferd til Sogn sommaren 1857, om bord på «Patriot», først Bergen – Sogndal og deretter Lærdal – Bergen, tyder på at «Patriot» også heldt det gåande med rutefart i 1857.

«Amtsmødet» 1857

Til fylkestinget 1857 (opna 24. juli) la fylkesmannen fram ein plan for organisert dampskipsferdsle i fylket. Tanken var at Sogn og Fjordane og Hordaland skulle gå saman om å skipa dampskipsselskap. Planen vart samrøystes vedteken «efter opfordring frå Amtmanden.» Då Hordaland takka nei, vedtok eit ekstraordinært fylkesting 27. november 1857 at Sogn og Fjordane skulle gå i gang med dampskipsselskap åleine, og 2. desember 1858 gjekk DS «Framnæs» første turen Bergen – Sogn.

 

 

 

kjelder:

Bergens Tidende, 00.00.1958
Bent, Mike: Steamers of the fjords. 1989
Digitalarkivet