Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 30. september 2013

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Fylkesbaatane - Eg døyper deg...



Onsdag, 26. april, år 2000, var det skipsdåp i Høyanger. Fylkesbaatane fekk overlevert sin nye katamaran «Sylvarnes», det første fartøyet i ein ny generasjon hurtiggåande lokalbåtar. Gudmor var Grete Sandal, gift med fylkesordførar Nils R. Sandal. Boka «101 Fjordabåtar. Fartøya til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858 – 2000» har noko om dåp i omtalen av 50 fartøy, for det meste avgrensa til når det skjedde og kven som utførte dåpshandlinga.

<p>&laquo;Alden&raquo;, bygd ved Laxevaag Maskin- og jernskibsbyggeri 1887/1888, sj&oslash;sett og d&oslash;ypt 15. februar 1888, sett i rute 14. mai 1888.</p>

«Alden», bygd ved Laxevaag Maskin- og jernskibsbyggeri 1887/1888, sjøsett og døypt 15. februar 1888, sett i rute 14. mai 1888.

Eigar: I boka «101 Fjordabåtar. Fartøya til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-2000.»

Datering: 1930-talet

Fotograf: K. Knudsen

Berre nye båtar blei døypte

Fylkesbaatane skaffa seg båtar på to måtar, ved å kontrahera nye fartøy og ved å kjøpa brukt. Berre nye båtar vart døypte. Brukte båtar endra som oftast namn, men utan at det blei halde dåpsseremoni. Det gjeld også dei ombygde krigsfartøya som vart til «Sunnfjord» og «Sognefjord». «101 Fjordabåtar» har ikkje opplysningar om dåp på alle dei nye fartøya sine. Bortsett frå nokre få ord om dåp i omtalen av fartøy nr. 1, «Framnæs», står det såleis ingen ting om dåp før fartøy nr. 29, «Balholm» i 1948. Det kan ikkje tolkast som dåp ikkje fann stad. Grunnen kan vera at bokprosjektet ikkje hadde «dåp» som fast innhaldsmoment, eller at ein ikkje hadde dåpsopplysningar for hand.

«Framnæs» døypt i Skottland

«101 Fjordabåtar ..» har dåpsopplysningar om fartøy nr. 1. Reiarlaget kontraherte sine to første skip hjå Mr. Alex Denny sitt skipsbyggjeri i byen Dumbarton i Skottland. Bygg nummer 57 vart sjøsett (gjekk av stabelen) torsdag 26. oktober 1858 og fekk namnet «Framnæs». Ei dame nemnt som «Miss Jowitt» utførte dåpshandlinga. Avisa Dumbarton Herald hadde ei smånotis om hendinga 4. november. Det står mellom anna:

"On Thursday last, there was launched from the building-yard of Mr. Alex Denny, an iron screw steamer (…) The vessel was named the Framnæs, the ceremony of christening being performed by Miss Jowitt (…)"

«Alden» døypt i Bergen

«101 Fjordabåtar ..» har ikkje dåpsopplysningar om fartøy nr. 7, dampskipet «Alden», levert til reiarlaget i mai 1888. Dåpsopplysningar finn me derimot i arkivet til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, oppbevart i Statsarkivet i Bergen. Hausten 1887 kontraherte Nordre Bergenhus Amts Dampskibe (frå 1919 Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane) eit nytt skip hjå Laxevaag Maskin & Jernskibsbyggeri. Etter framlegg av administrerande direktør H. Lous, hadde fylkestingtet fastsett at skipet skulle heita «Alden». I februar 1888 skreiv Lous eit langt brev til fylkesmann Oppen. Eitt av punkta punkt handlar om dåp:

«Alden løber paa Vandet paa Onsdag [15. februar]. – Det var lidt uheldigt at man ikke kunde vente til (…) 18. da Direktionen kommer ind, men man maa bruge Høivandet den (…) 15de. – Først var det jo bestemt at den skulde løbe af (…) 1ste [februar], og til den Tid kunde jeg ikke indkalde Direktørerne til Møde, da Aarsopgjøret og Budgettforslaget ikke kunde bli ferdigt til den Tid.

Da Værkstedet i gaar forlangte en Dame til at døbe skibet, tenkte jeg stærkt paa at indbyde Elise til at Udføre dette; men desværre fik jeg saa sent besked om Sagen at jeg frygtede at Varsel for Elise vilde findes for kort. Desuden syntes mig det vilde være vel meget forlangt at hun skulde reise herind kun for at slaa en Flaske itu paa Aldens Boug; thi deri bestaar hele Daabshandlingen. – Min Hustru vil nu paatage sig dette Hverv. - Egentlig skulde Kapteinens Frue have gjort det, men hun er for svag og nærvøs og turde derfor ikke indlade sig derpaa.»

Merknad: Det kan sjå ut som reiarlaget hadde kome i tidsnaud med å ha klar «en Dame» til å førestå dåpsseremonien. Direktøren har måtta finna alternativ til den påtenkte, «Kapteinens frue», som ikkje våga seg på det ærefulle vervet. Neste alternativ, «Elise», som kan ha vore ei dame i fylkesmann Oppen sin næraste familie, måtte og skrinleggjast på grunn av lang reiseavstand. Direktør Lous fekk kona si, Anna Juliane (1806-1857, til utføra dåpshandlinga.

Frå dåp ved sjøsetjing til dåp ved avlevering

Både «Framnæs» og «Alden» vart døypte då fartøya blei sjøsette, ikkje då dei fullt ferdige vart overleverte frå byggjeverkstad til reiarlag. Det same ser og ut til å ha vore regel i åra 1948 – 1962. Såleis vart «Kommandøren» (2) sjøsett ved Bodø Skibsverft og Mek. Verksted i Bodø 5. mai 1962, og døypt av Othilie Schei, gift med fylkesmann Nikolai Schei. Båten vart overlevert 7. november. Seinare vart det praksis å leggja dåpen til avleveringa, og etter kvart med omfattande program. Ferja «Innvik» vart såleis overlevert frå Aukra Bruk i Romsdal 3. juni 1967 og samstundes døypt av Anne Iversen, gift med styremedlem Leif Iversen i Vågsøy.

Berre damer

Dåp av fartøy hjå Fylkesbaatane og damer høyrer i hop. Miss Jowitt døypte «Framnæs» i 1858, fru Lous døypte «Alden» i 1888, og damer stod føre dåpshandlinga i alle dåpsseremoniane fram til år 2000. Det finst ikkje eit einaste unntak. Ei dame merkar seg ut ved at ho var gudmor to gonger, Othilie Schei, «Hornelen» (2) i 1951 og «Kommandøren» (2) i 1962.

I eigenskap av å vera gift med ..

Dei fleste gudmødrene fekk det ærefulle vervet i eigenskap av å vera ektefelle til ein mann i leiande posisjon (i eitt tilfelle av å vera dotter til.. ), først og fremst i reiarlaget, deretter i relaterte institusjonar/verksemder; til dømes direktør, hovudkasserar, styremedlem, fylkesmann, fylkesordførar, banksjef, ekspedisjonssjef i Samferdsledepartementet, Unntaka kan teljast på ei hand: Borgny Sletten, «ved passasjeravdelinga» («Davik» 1962), Agnes Skrede, salonjente på «Sognefjord» i kring 20 år ( «Sunnfjord», 1978), og Gerd Kjellaug Berge, hotelleigar («Fjordprins», 1987).

 

kjelder:

Torvanger, Magnus: 101 Fjordabåtar. Fartøya til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858 – 2000. Selja forlag 2000.
Amtet, 3/1987.
Statsarkivet i Bergen:
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, brev frå direktør Hugo Lous, datert 12. februar 1888 til fylkesmann Oppen