Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 23. september 2013

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Fylkesbaatane – Gallionsfiguren til ds Hornelen



Gallionsfiguren på DS «Hornelen» (1866-1951) har plass i Fjord1 sitt administrasjonsbygg i Florø. Det er ein kvinnefigur, truleg laga av ein ukjend kunsthandverkar i Newcastle. Då «Hornelen» vart skrota i 1951, gav Fylkesbaatane figuren til museet på Kaupanger. Sigrunn Lundestad, første kvinne i Fylkesbaatane sitt styre, reiste spørsmålet om å få gallionsfiguren tilbake, og i 1986 vart ein restaurert gallionsfigur høgtidleg avduka.

<p>Gallionsfiguren til d/s &laquo;Hornelen&raquo; i Fjord1 sitt administrasjonsbygg i Flor&oslash;.</p>

Gallionsfiguren til d/s «Hornelen» i Fjord1 sitt administrasjonsbygg i Florø.

Eigar: Leif Hellandsjø

Datering: 2013

Baugspryd på dei tre første skipa

DS «Hornelen» var Fylkesbaatane sitt tredje skip. Det blei bygd hjå C. Mitchell & Co i Newcastle, England, og kom til Bergen i desember 1866. Skipet hadde fleire likskapstrekk med dei to første skipa, DS «Framnæs» og DS «Fjalir», så som eit stasleg baugspryd med ein prydgjenstand under. «Framnæs» hadde ingen figur i baugen, berre eit ornament. «Falir» hadde ein mannsfigur, medan «Hornelen» hadde ein kvinnefigur.

Til museet i Amla

I 1951 var det slutt for gamle «Hornelen». Siste reisa gjekk sørover til Stavanger Skibsophugning, men då utan gallionsfigur i baugen. Fylkesbaatane gav gallionsfiguren til Sogn folkemuseum – De Heibergske samlinger. Der vart gallionsfiguren utstilt. Leif Hellandsjø, seinare skipsførar i Fylkesbaatane, fortel at han fleire gonger var oppe og såg gallionsfiguren når det hende dei låg til kai ei stund (då museet heldt til på Heiberg-garden i Amla).

Tilbake til Fylkesbaatane

Sigrunn Lundestad frå Sandane kom inn i FSF-styret i 1984. Ho var første kvinne. Lundestad reiste spørsmålet om å få gallionsfiguren tilbake. Det let seg ordna. Fylkesbaatane fekk gallionsfiguren tilbake som deponert gjenstand. Museumsstyrar Olav Aaraas (styrar 1982-1993) følgde sjølv med under transporten til Bergen. Der tok dei straks fatt på å setja gallionsfiguren i stand. Figuren hadde då ikkje handa og krossen på den utstrekte armen, fortel Hellandsjø.

Fleire med restaureringsarbeidet

Fylkesbaatane sitt blad Amtet, nr 4, 1986, har namn på alle i «restaureringjengen»: Gunvar Torstad og Johannes Bruntveit på snikkarverkstaden, Karol Monslaup, Selvik (målarsjef i FSF), Michael McGurk (reklamemålar) og konservator Nøss ved «Riksarkitekten sitt kontor.» Erling Virkesdal ved Bergen Sjøfartsmuseum var og til god hjelp.

Arbeidet

Amtet fortel også utførleg om arbeidet:

Kven har so gjort kva av det praktiske arbeidet? Jau først har Selvik gjort dama rein for gamal fargeprakt. Det var 50-60 lag måling som måtte vekk. Då den var borte, synte det seg rote i veden fleire stader, og den måtte vekk. Den renoveringa som her er nemnd fann stad etter konferanse med konservator Nøss.

So kunne ein ta til å byggja opp figuren. Ferskt tre vart lagt inn der det hadde vore rote, og dei skadde hendene vart meir eller mindre laga nye av «treskjerar» Monslaup i samarbeid med Bruntveit. Dei same to gjekk og laus på jobben med å laga treverket figuren måtte ha å «støtta» seg til. Av eit solid furuemne laga ein so ein sokkel og «rygg» med vakkert utskoren acantus-ranke.

Preparerings- og målingsarbeidet vart so utført av ovannemnde mr. McGurk, i samsvar med dei reglar som gjeld når det er tale om å verna gamle ting. Han har gjort eit framifrå arbeid.»

Avduking i Florø

Firda Folkeblad hadde oppslag om avdukinga, laurdag 24. november 1986: «Gamalt klenodium heim til Fylkesbaatane.» Sigrunn Lundestad var gudmor, stod føre avdukinga og heldt avdukingstale forma i 26 vers. Her tek me med dei to første og dei to siste:

Ein tanke kom fram i styret ein dag:
Sei, har me ein gallionsfigur ved lag?
Ny og urøynd var ho som spurde.
Svara kom kringom heile bordet.

Jau, visst har me det! I Amla, du,
fekk «Hornelen» si utslitte dame bu.
Dit vart ho førd i nittenfemtiein
då «Hornelen» fekk sitt bane-mein [banesår, opphoggen].

Lat Fylkesbaatane si hundreogtjueåtte-års soge
i denne skapnaden få eit symbol.
At Fylkesbaatane alltid kan våge
stå fremst – med nye tankar,
og nypussa «kjol».

Med å avduka denne gallionsfiguren,
vil eg seia:
Til lukke med dagen,
og Velkomen heim!


kjelder:

«Amtet», meldingsblad for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, nr 2 og 4, 1986
Torvanger, Helge Magnus: 101 Fjordabåtar. Fartøya til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-2000. 2000.

Opplysningar frå:
Leif Hellandsjø, Sogndal.
Sigrunn Lundestad, Gloppen

PERMANENT IDENTIFIKATOR