Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 23. oktober 2018

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Rå-data

Dampprammen «Viken» - rutefart Bergen-Sogn 1869



2. desember 1858 byrja reiarlaget Nordre Bergenhus Amts Dampskibe (frå 1919 Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane) rutefart Bergen – Sogn. Etter kvart prøvde andre seg og. Hausten 1869 sette Bergens Dampprammelag inn dampprammen «Viken». Men det ser ut til at rutefarten var kortvarig, berre to turar, og elles ei rein lasterute.

Annonse i avisa Bergens Adressecontoirs Efterretninger, 08.09.1869, om at dampprammen «Viken» skal gå i rute frå Bergen til Sogn (og tilbake). Båten tilhøyrde Bergens Dampprammelag, etter alt å døma skipa våren 1869.

Annonse i avisa Bergens Adressecontoirs Efterretninger, 08.09.1869, om at dampprammen «Viken» skal gå i rute frå Bergen til Sogn (og tilbake). Båten tilhøyrde Bergens Dampprammelag, etter alt å døma skipa våren 1869.

Bergen - Lærdal

Bergens Adressecontoirs Efterretninger hadde annonse (over) om rutetur Bergen-«Leirdal» (Lærdal). «Dampprammen «Viken» har avgang frå Bergen søndag, 11.09.1869, og skal gå innom dei store stoppestadene; Skjerjehamn, Værholmen (Lavik), Vadheim, Vik, Balholmen (Balestrand), Leikanger, Sogndal, Solvorn, Marifjøra, Luster (Døsen), Skjolden, og, Lærdal (Leirdal). Varer kan ekspederast «etter billige Taxter» hjå Christopher Ellerhusen. Det står ikkje noko om passasjerar.

Om båt og aktør

Kva slags båt var det så som skulle gå Bergen-Sogn hausten 1869, og kven stod bak tiltaket? Det einaste som har vore å finna ved hjelp av Internett står spreidd i aviser, i form av smånotiser og annonser. Artikkelen er eit bidrag til svar på dei to spørsmåla.

«Bergens Dampprammelag»

Avisa Fædrelandet hadde 12.05.1869 ein notis om aktøren bak dampprammen «Viken». Det har «nylig» vorte skipa eit nytt «Dampskibsselskab» med namnet «Bergens Dampprammelag», og selskapet har allereie kjøpt inn to eldre dampskip, kvart på storleik «800 Tønder». Føremålet er å overta «en større Del af den almindelige Trafik til Kyststederne og Landdistrikterne.» Av annonser i Adressecontoirets Efterretninger går det fram at Bergens Damprammelag hadde dampprammen «Viken» i regelmessig rutetrafikk Bergen-Ålesund med mellomliggjande stoppestader frå 27. april 1869. Ei annonse datert 10. august s.å. kunngjer fartøybyte frå 29. august. Dampprammen «Romsdal» skal setjast inn i staden for «Vigen» (sic).

 

Dampprammen «Viken»

Av den nyss nemnde kunngjeringa (over), kan det sjå ut som dampprammen «Viken» ikkje frakta passasjerar, medan farkosten som tok over, dampprammen «Romsdal», hadde ei «mindre Kahyt» akter for 6 passasjerar og eit dekk framme der reisande kunne gå innunder.

Elles ligg det nær tenkja seg at dampprammen «Viken» var eitt av dei to eldre dampskipa Bergens Dampprammelag hadde skaffa seg. Me finn «Viken» i to lasteoppdrag før rutefarten til Ålesund, begge i februar 1869, og begge Sunnhordland-Bergen; den eine turen med 1800 våger (1 våg – ca 18 kg) spekk frå eit grindkvalkast ved Lindøya, den andre med 350 tønner vårsild frå Brandasund. Altså ingen småbåt. Dessutan må dampprammen «Viken» ha vore ein rimeleg god sjøbåt. Stadhavet på strekninga Bergen – Ålesund har alltid til sine tider vore krevjande både for båtar og mannskap.

Av alle kategoriar farkostar drivne med dampmaskin, kan det sjå ut som dampprammane hadde/har heller låg status. Ein nybygd damppram frå Bergens mekaniske Værksted var i september 1869 under slep til Austlandet. Utafor Jæren var farkosten nær ved å forlisa. Ein avisnotis om hendinga (under) har ikkje namn på dampprammen, og det nybygde fartøyet er heller ikkje med i Wikipedia-liste over nybygg frå Bergens mekaniske verksted.

«Prammens ringe Dybtgaaende»

Annonsen om fartøybyte i Ålesund-ruta i slutten av august 1869 (lenger oppe) har fleire kjennemerke ved dampprammen «Romsdal»; ei lita «Kahyt» akter, eit overdekk framme, ingen restaurasjon, «Kabys» (bysse, stad for matlaging), og – eigenskapen «ringe Dybtgaaende», som vil seia at båten ikkje stikk særleg djupt, båten kan gå til «de fleste Havne». Denne eigenskapen, å kunna ta seg fram på grunt farvatn, medrekna elvar, kjem fram i eit dikt av H.C. Andersen (1805-1875) Dampskibet Guden-Aa (1853):

Det var, som en Fultons Baad vi saae,
Da Dampprammen kom op ad Guden-Aa,
Mod Strøm og mod Vind en Solskins-Dag,
Stolt vaiende med sit danske Flag;
Den aanded' et Liv i Landskabets Ro,
Hernede hvor Ørnen i Skovene boe;
Fra Kattegattet ad Guden-Aa,
Kan Dansken nu Himmelbjerget naae.

Oppsummert

Hausten 1869 annonserte Bergens Dampprammelag to ruteturar Bergen-Sogn-Bergen med dampprammen «Viken», som nett då var teken ut or rutefart Bergen-Ålesund-Bergen. Etter alt å døma var det ei rein lasterute, men ein kan ikkje sjå bort frå at «Viken» også let ein og annan reisetrengjande få følgja. Annonsen oppgjer 11 stoppestader; frå Skjerjehamn til Skjolden og Lærdal.

kjelder:

Bergens Adressecontoirs Efterretninger, fleire nummer


Fædrelandet 12.05.1869 


Dampskibet Gudenaa - H.C. Andersen - Kalliope

PERMANENT IDENTIFIKATOR